13
Des
07

Animalsk avfall

In paradisum deducant te Angeli…”Må englane føre deg til paradiset, må martyrane ta i mot deg og leie deg inn i den heilage staden; ja, må eit kor av englar møte deg – og måtte du, liksom den fattige Lasarus, få æveleg fred og kvile”… Med denne songen skal båra mi, om alt går vel, ein gong berast ut ved slutten av den katolske Requiem-messa.

Men ikkje alle ynskjer det slik. For ikkje lenge sidan kom eg med tog frå Sverige og bladde raskt gjennom eit nummer av ”Expressen” (17/5-07); det låg og slong i kupeen. Sensasjonane er like tette som keisame i denne svenske boulevardavisa, men eit oppslag slo meg rett i andletet. Tydelegvis førgjekk det ein diskusjon om gravferdskikkar og ein intervjua pensjonist ytra, med store overskrifter, at han ikkje ynskte noko form for gravferd; ikkje prest og ikkje tale, ikkje song og ikkje musikk. Han ville rett og slett køyrast bort i ein containar for animalsk avfall. Kanskje han berre fråba seg kyrkjeleg medverknad og heller kunne tenkje seg ein sivil eller sekulær seremonimeistar? Men nei; ikkje eingong lik-kiste ville han ha. Alt den slags var å rekne for sentimental sløsing og seigliva illusjonisme, for ikkje å seie overtru.

Etter at eg hadde lese det to gonger og summa meg litt, tenkte eg, med skrekkblanda frygd: Endeleg ein ærleg ateist –eller kva han no var. Det er jo ei svært vanleg oppfatning at ritual likesåvel som alt anna kan greie seg godt utan religion. På mange måtar er det moderne samfunnet bygd opp som eit enormt alternativ til den religiøst funderte kulturen. I den grad religiøse institusjonar og religiøs praksis får vere med i folkelivet, er det på vilkår av at dei ikkje er meir religiøse enn høgst naudsynleg.

Ein tek det for gitt at mennesket står i ei særstilling og alltid vil uttrykkje dette gjennom høgtidlege markeringar av både inngangen og utgangen av livet. Samstundes køyrer ein knallhardt på at eit reint naturalistisk menneskesyn. ”Det menneskelege” vert då ein sosial konstruksjon som vi held fast ved fordi det synest mest tenleg. Det er ein slags ”kontrakt” som vi har slutta oss i mellom; vi oppfører oss etter ein kode som vi inst inne veit er illusorisk. Ritual, uansett kor sekulariserte dei er, vil uttrykkje at mennesket er ”noko meir”. Men så kjem den svenske pensjonisten og seier at det er det ikkje. Særleg døden, den strengaste av alle læremeistrar, gjer kort prosess med all liksomhøgtid på vegner av døden. Vil mennesket vere berre eit dyr, så får det stå løpet ut og ikkje bli rørt i siste runde.

Kyrkja, for sin del, meiner at mennesket både er eit dyr og ein gud. Eit pattedyr, skapt i Guds bilete. Ja, den kristne (som den jødiske og muslimske-) forteljinga om mennesket seier at vi er tekne av jorda – og altså i djup slekt med alt som er til. Når vi døyr, vert vi både animalsk og biologisk ”avfall”. Likevel har menneske gjennom alle tider trudd at det er noko med oss som aldri rotnar, som er meir enn avfall. Det er eit paradoks at det ikkje-religiøse synet på mennesket pendlar mellom ekstrem naturalisme og ekstrem rasjonalisme. Mennesket er berre eit dyr, men samstundes er det så vettugt at det fortener ein så mykje vakrare død enn dyra. Kvifor?

Gamal vane er vond å vende. Trua på at mennesket også har ei udøyeleg sjel eller i det minste noko som liknar, er ikkje lett å avvikle. Det er heilt greitt at folk som ikkje vil ha religiøse seremoniar, finn seg andre former. Men når metafysikken vert borte, kan eg ikkje skjøne at det vert mykje tæl att i rituala. Øverlands ”hundrede violiner” og eit dikt av Hermann Wildenvey har utvilsamt meir av ”borgarskapets diskret sjarme” enn av rituell kraft over seg – som dødskurtise, meiner eg.

Det tek lang tid før vi merkar fylgjene av ei så radikal kulturell endring som eit skifte i synet på kva mennesket er. Ein tett vev av moral, symbolikk, kult, skikk og bruk, kunst, musikk og litteratur i kvardag og i helg er voven over lang tid, og renningen har vore overtydinga om at mennesket er noko for seg sjølv. Når fyrst veven raknar, kan det kome til å gå fort. Sentimentalitet åleine kan ikkje oppretthalde dei kulturutrykka som det tradisjonelle menneskesynet har gjeve oss. Ein reint materialistisk og naturalistisk filosofi vil nok før eller seinare gjere det av både med lik-kister og gravferder. Ikkje for det; vi munkar vart vanlegvis berre lagde flatt på ein planke og søkte i jorda. Men andletet var vendt mot aust, mot soloppgangen og oppstoda.

”Av jorda skal du igjen stå opp!” står det endå i det norske gravferdsritualet. Etter at ein har sagt: ”Av jord er du komen! Til jord skal du verte!” Nokre trur endå på dette. Nokre vil berre malast opp. Kvar sin smak.

Reklame

0 Svar to “Animalsk avfall”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: