25
Nov
07

Tilfellet – Jägerstätter

(Publisert 1. gang i «Signert», Klassekampen, november 2007)

Han står på giljotinen utan bind for augo, klar til å døy som militærnæktar. Datoen er 9. august, året er 1943, plassen er tukthuset Brandenburg i Brandenburg an der Havel, mannen er Franz Jägerstätter frå den austerrikske landsbyen Sankt Radegund. Som truande katolikk har han nekta å gjere teneste som soldat for den tyske Wehrmacht etter at Austerrike hadde vorte ”tilslutta” Det tredje riket i 1938. I fylgje ”nyordninga” sin Kriegssonderstrafrechtsverordnung § 5, kunne ein dømast til døden for ”ytringar mot den nasjonalsosialistiske verdsåskodinga” (sit.). Dette hadde Jägerstätter gjort ved å reservere seg mot militærteneste fordi han var katolikk.

Giljotinøksa fall. Franz etterlet seg kona Franziska og fire døtre. Når sant skal seiast, hadde han lite støtte for sin protest og for si hardnakka haldning. Det katolske hierarkiet i Austerrike valde å vere meir patriotar enn katolske biskopar og rådde stort sett dei truande til å stø Anschluss og stille som soldatar i hæren for Førar og Fedreland. Her var dei på line med ei nok så dominerande folkeleg haldning i Austerrike. Ei haldning ein kanskje ikkje nokon gong har teke eit skikkeleg nasjonalt oppgjer med.

Andre frårådde Jägerstätter å satse livet på denne saka fordi dei meinte han med det sveik si fyrste plikt som var kona og borna. Jägerstätters eigen biskop gav òg dette rådet, jamvel om han nok sympatiserte med sjølve standpunktet. Kritikken mot Jägerstätter har lege og ulma i den austerrikske opinionen heilt til no. Men samstundes har sympatien vakse både nasjonalt og internasjonalt. Trass dei nasjonale biskopane si innstilling, viste Jägerstätter heile tida til at samvitet hans var forplikta på den katolske trua og kyrkja si lære om krig og fred, rett og rettferd. Han såg den aktuelle austerrikske katolisismen som eit nasjonalistisk avvik frå den unverselle kyrkja sin doktrine.

Fleire av breva åt Jägerstätter er tekne vare på og i eitt av dei spør han: ”Når har det kyrkjelege læreembetet avgjort og kunngjort at ein heretter kan utføre og godta alt det Nasjonale Partiet eller regjeringa påbyd oss eller ynskjer av oss?” Her stiller han spørsmålet skarpt: Har ein borgar høgre lojalitetar enn nasjonalstaten og dei nasjonale makthavarane? Både med ord og liv svarar Jägetstätter ja og er her i samsvar med katolsk etikk. Samvitet og kyrkja si tru kan aldri nedvoterast av andre instansar. I det som har med krig og fred å gjere, kan ein katolsk kristen ikkje orsake seg med statsmakta eller miltærkommandoen sine parolar. Kvart einskildt menneske må sjølv ta ei moralsk ansvarleg avgjerd og stå for henne. Og kanskje døy for henne. Som Jägerstätter.

Utan tvil ville han hatt sterk ryggdekning hjå ein pave som Benedikt XV, pave i tida før og under den fyrste verdskrigen. Han var ei av dei sterkaste fredsrøystene i sin epoke, men vart stort sett avvist av dei stridande partane. I sin Fredsnote frå 1917 seier han: ”Den fysiske styrken i våpna burde vike for den moralske krafta i Retten”. Han freista også å påverke oppgjeret etter krigen slik at ein kunne gå vidare i forsoning, tilgjeving og respekt istaden for med triumfalisme og hat. Kyrkja er, hevda Benedikt i ensyklikaen ”Pacem, Dei munus pulcherrimum” (”Fred, Guds vakraste gåve”, 1920), eit folk av alle folkeslag, sameina i Kristus – og difor eit samfunn som relativiserer etniske grenser og skilnader og gjer det mogeleg å leve saman fred.

Tilfellet Jägerstätter syner oss at det finst alternativ til servil og overdriven nasjonalisme og statsabsoluttisme – etter mitt syn dei verkeleg store trugsmåla mot freden i verda. Franz Jägerstätter har kanskje med sitt liv, sine ord og sin død aktualisert den oldkyrkjelege pasifismen som ei utfordring til såvel kristen som sekulær etikk. Dessverre er det altfor få med same sivile mot og same integritet som bonden og familefaren frå Sankt Radegund, både i kyrkja og utanfor.

For ei tid tilbake vart han beatifisert (sæle-kåra)som eit fyrste steg på vegen til full status som eit heilagt menneske. Også då var det nokon frå hans eige heimesokn som knurra. Men eg trur englane song.

Reklame

0 Svar to “Tilfellet – Jägerstätter”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: