23
Nov
07

officium…

Fredag vike 1, Sal 35 (matutin)

”Reis deg, vakna og hjelp meg til min rett. Min Gud og Herre, før mi sak!” (v 23)
Den barnlege tilliten til Gud er ingen passiv idyll. Fordi Gud er der, blir han min apellinstans. Han engasjerer seg i livet, i eksistensen, han, som er ein levande Gud – Abrahams, Isaks og Jakobs Gud. Difor kan eg utfordre han, rope på han, påkalle han. Som barnet: Far, høyrer du meg, ser du meg? Opp att og opp att kan det leikande barnet gjenta si bøn om merksemd. Ein liten detalj, ei lita glede, eit sår som gjer vondt – for barnet er det alt, det fyller heile fortida, heile framtida; det vil eit ”no” av merksemd, av total konsentrasjon om det som hender med det. Det store oversynet, dei lange linene, den balanserte røynsla – det er ikkje barnet si verd. Far, er du der, elskar du meg – så høyrer du meg, no! Ikkje snart, men no. Trassig sjølvoppteke.

Lat det vere slik. Gud drøymer ikkje, han er på veg til meg. Han vil meg. Men hans rørsler er så store at eg ikkje alltid ser konturane av dei. Ofte synest dei berre som skuggar. Vi ser ikkje handa når ho nærmar seg, vi kjenner berre styrken i henne når ho – endeleg – grip fatt i oss. Gud reiser seg, men i ei uendeleg rørsle. Og det uendelege, transcendente, evige, verkar langsamt, stilleståande. Medan det i røynda dreiar seg om kolossale krefter, svimlande hast, veldige energiar. Står kanskje sola stille? Ho gjer alt liv mogeleg, men stundom kjenner eg at strålane fell på andletet mitt, at ho lyser på meg. På meg. Slik er Gud. Når min time er Guds time.

Reklame

3 Svar to “officium…”


  1. 1 Rob
    november 23, 2007 ved 6:53 pm

    Til pater: Disse meditasjonene/refleksjonene er gode! Hva med å utgi slike refleksjoner i bokform?

  2. november 23, 2007 ved 7:02 pm

    Tja, kanskje det. Har du eit for(s)lag?

    fr 🙂

  3. 3 wen
    november 23, 2007 ved 7:53 pm

    Ja, fin tekst, men heller (veke)kalender, universal, enn bok, så kan ein bror i Lille stå for grafisk utforming. same format som Ytterligheter, det hadde vore fint. Med bilete og spiralrygg. Forlag: Wigestrand, kanskje…..framsidebilete frå Selja


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: