23
Nov
07

nota bene…

EKUMENISKE ENDRINGAR

I norsk ekumenikk (arbeidet for kyrkjeleg einskap) har det vore naturleg å tenkje at dei lutherske kyrkjesamfunna, særleg Den norske kyrkja (DNK), har vore næraste samtalepartnarar for katolske kristne. Lutherdomen har teke vare på mange katolske element; læremessig, i kyrkjeordninga, i liturgi og sakramentfeiring. Med den siste utviklinga innnan DNK er ikkje dette fullt så sjølsagt lenger. Mange ting tyder på at trussamfunn og kristne miljø som tradisjonelt har vore svært antikatolske, no har ei veksande forståing for katolsk tru og tradisjon.

I Sverige har pinsevenen Peter Haldorf styrkt denne tilnærminga med sin presentasjon av kyrkjefedrene og oldkyrkja. I Sverige har vi også sett at den katolske biskopen, Anders Arborelius, har gått ut offentleg med kristen rettleing saman med leiaren for Pingstkyrkan – med ein markert kritikk nettopp av Svenska Kyrkan (den evangelisk-lutherske folkekyrkja). Mange evangelikale innan DNK har uttala symapti med den katolske kyrkja si fasthalding av tredisjonell kristen tru og etikk, og både den førre og den noverande paven blir sett på som viktige internasjonale leiarar og støttespelarar. Fleire slike «teikn i tida» kunne vore nemnde. I USA er det dessutan mange evangelikale kristne som er blitt katolikkar eller ortodokse fordi dei opplever at deira eigne samfunn er svekka, teologisk og åndeleg.

Den katolske kyrkja – og no tenkjer eg særleg på våre heimlege breiddegradar – har på si side fått eit sterkare medvit om sin misjon i våre sekulariserte samfunn. Ho oppfattar seg ikkje lenger berre som ei «sjømannskyrkje» for katolikkar i «framandt land», men som ein stadig viktigare formidlar av elementær, kristen tru til alle. Når det kjem til stykket, er det nettopp dei sentrale dogma om Kristus og den Treeinige Gud (trusvedkjenninga, t d den Nikenske) og om Guds frelsesverk i Kristus som er det mest «katolske». Saman med dette også den grunnleggjande kristne etikken, basert på naturretten, på dei ti boda og på Jesu og apostlane si undervising i Det nye testamentet. I vår tid er det særleg samlivsetikken som er blitt kontroversiell og den katolske kyrkja held, som kjent, fast ved det tradisjonelle synet i desse spørsmåla.

For katolikkar som ser utover den norske andedammen (prega av ein viss aversjon mot pietisme og «misjonering»), som kjenner den katolske kyrkja si historie og hennar verdsvide virke, er det også sjølsagt at ho må evangelisere og kalle menneske til omvending, tru, etterfylgjing og opplæring. Fleire og fleire, ikkje minst unge, ser trongen for grundig forkynning, solid presteutdanning, samtale om trusspørsmål og djuptgripande sjelesorg.

I alt dette kan den katolske kyrkja både avleggje eit vitnemål for sine medkristne og la seg utfordre av deira sterke sider – og slik vere med å forkynne Jesus Kristus med styrke for menneske i vårt samfunn. Det er å vone at evangeliske kristne også opnar seg opp for den større katolske arven og skjønar at det er nøye knytt saman nettopp med kyrkja si hovudsak. Meir om dette.

Reklame

2 Svar to “nota bene…”


  1. 1 Thomas
    november 23, 2007 ved 11:28 am

    Mitt inntrykk er at den «voksende forståelsen» først og fremst går på etikk og i svært liten grad på kirke- og sakramentsforståelse. Konf. f. eks. Kvarmes nattverdsfeiring sammen med pinsevennene tidligere i år. Etter Troskongregasjonens innskjerping og påfølgende diskusjoner av det katolsk synet på andre «kirker», hvor det fremgår at DNK ikke er kirke, men kirkelignende sammenslutning, «prestene» ikke er prester og luthersk nattverd ikke er et gyldig sakrament, forsvant mye av grunnlaget for videre økumenisk arbeid. Selv om ingenting i nytt i innskjerpingen. I denne sammenheng blir «den nye utvikligen» i DNK en pølse i slaktetida.

  2. november 23, 2007 ved 1:44 pm

    Til Thomas:

    I ekumenikken går ikkje tinga alltid «etter programmet». Dei tinga du nemner – kyrkjeforståinga, embetet, sakramenta osv – er reelle og viktige skilnader. Men dersom det skal kunne skapast større forståing for det katolske synet på dette, vil det truleg gå gjennom innsikt om at elementær kristen tru og etikk nettopp er sterkast verna og ivaretatt av den katolske (og den ortodokse) kyrkja. Ekumenikken vil i dag meir og meir finne sin veg utfrå sentrum i kyrkja si tru.

    Om slike tilnærmingar og slik auka forståing skaper ny, formell kyrkjeeinskap med eitt slag, er ei anna sak. Slik eg ser det, er den opne, uformelle utveklslinga viktig i seg sjølv og ein nødvendig fase på vegen mot ein meir synleg einskap. Undervegs vil det oppstå både nye skiljeliner og nye tilnærmingar. Det ekumeniske verdskartet (og noregskartet) er under endring. Som så mange kart i vår tid.

    Kyrkjemøtetvedtaket i Øyer gjer dei ekumeniske alternativa og kontrastane berre endå tydlegare.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: