22
Nov
07

officium…

Vike 1. Torsdag. Salm 57 (Laudes)

”Mitt hjarta er roleg Gud, mitt hjarta er roleg. Eg vil syngja og spela.” (v 1)
Her talar eit hjarta som veit kva uro er. Ja, tidlegare i same salmen heiter det: ”Eg må liggja midt imellom løver..” . Det utleverte livet, det nakne hjarta. Den hjartefreden som bibelens Guds-menneske talar om, er ikkje den overlegne sjølvkontrollen sin fred. Freden er ei gåve. Ei deltaking i Guds eigen fred. ”Fred etterlet eg dykk, min fred gjev eg dykk” seier Kristus til apostlane ved det siste måltidet. Det er ein fred som toler å ”liggje midt mellom løver”, slik Kristus tok opp kampen mot ”maktene”, synda, døden og djevelen. Kristi fred sigra fordi han, som Son, var ”i Faderen”. Når vi er ”i Sonen”, er vi også ”i Faderen”. Berre ”i Gud” kan mennesket ha eit roleg hjarta. Uroa blir ikkje borte, men ho misser overtaket på oss. Midt i mørkret og skremslene kan eit barn vere heilt roleg og trygt – berre det har far si hand å halde i. Eller mors, eller ein vens. Guds hand har mange namn.

Guds fred kjem heller ikkje til oss som noko imponerande og demonstrativt. Det er ein voggesong, ein rytme som smyg seg inn i oss. Berre ein slik song av djup tillit kan vekse i styrke og munne ut i lovsong. Ein lovsong innanifrå. Ein lovsong eg kan stå inne for. Guds djupe frydesong – som heile universet kviler i.

”Mitt hjarta er roleg, Gud, mitt hjarta er roleg..” – gjennom heile skaparverket voggar denne songen, fordi det heile tida mottek seg sjølv frå Skaparen. Det er berre mennesket som har drista seg til å bryte ut av gåva og tilliten sin løyndom for å vere sin eigen skapar, sin eigen gjevar, sin eigen fred.

”Vakna mi sjel, vakna harpe og lyre! Morgonroden vil eg vekkja.” (v 9). Den lette, gode kvila i Gud gjev den gode oppvakninga. Å vakne utan otte, utan mistankar.. Då spring du til din ven morgonroden og vekkjer han, då kan leiken og dagen ta til..

Reklame

4 Svar to “officium…”


  1. 1 Rob
    november 22, 2007 ved 11:54 am

    Hei!

    Kan du si litt om hva som ligger i begrepet «i Kristus», «i Gud» i den sammenhengen det blir brukt i meditasjonen din. Hva betyr det f. eks. å være et menneske «i Kristus»?

  2. november 22, 2007 ved 12:27 pm

    Til Rob:

    Uttrykket «i Kristus» evt «i Herren» er eit paulinsk (ap. Paulus) uttrykk/omgrep, i fleire av breva hans, f eks: Rom 15, 17; 1 Kor 7,39; 11, 11; 2 Kor 5, 17; Efes2,13; 5,8; Fil 3, 1; Kolss 3,3 («i Gud»); 1 Tess 5,12; Filem 16.

    Med bokstaven/preposisjonen «i» blir det understreka at den truande er inkludert fullstendig i Kristus, i hans person og frelsesverk. Ved trua, ved Anden, i sakramenta. På ein underfull måte. Eit mysterium («hemmelighet»).

    Sml også det johanneiske (ap/ev Johannes): 1 Joh 3,6; 5,2. Johannes snakkar også om å vere «av» Gud, i mots. til å vere «av» verda. «Av» siktar på kva som er «grunnstoffet» (naturen) i livet vårt, kva vi har «del» i, kva som er kjelda for livet vårt. Les også Joh ev 13 og utover… f eks om greinene (vi) som er «i» vintreet (Kristus).

    Ein gjennomgåande tanke i Det nye testamente er at mennesket gjennom Kristus vert ført tilbake til Gud/Faderen. Berre «i» Kristus, kan vi vere «i» Faderen. Målet med Guds frelse og med heile mennesket sitt liv er å bli «Guds barn», å kome inn i eit intimt samfunn/fellesskap med Gud. Vi blir «heilaggjorte», elelr «guddomleggjorte» som det heiter i ortodoks/austkyrkjeleg terminologi. Gud er den Treeinige; har vi del i Sonen, har vi også del i Anden og i Faderen. Det er slik, «i Gud», at mennesket fullt ut blir det det er skapt til å vere: Imago Dei, Guds bilde.

    Alle truande er i denne forstand «mystikarar»; dei har del i dette «mysteriet», men nokre erfarer det sterkare gjennom bøna sitt møte med Gud. «I» er mystikkens bokstav/preposisjon!

  3. 3 Romea
    november 22, 2007 ved 11:54 pm

    Fint Rob, spør meir du!

  4. 4 Rob
    november 23, 2007 ved 7:28 pm

    Til fr A: Etter oppfordring , så spør jeg videre (håper ikke jeg er for aktiv..)
    Tilbake til begrepet «i Gud», «i Kristus». Kan uttrykket å leve som menneske «i Kristus» forstås som å leve i relasjon til et Du (den oppstandne) og gjennom Ham en kjærlighetens relasjon til hele treenigheten…gjort mulig ved ånden.. (Det kan sikkert sies mye mer, men ut fra det du har skrevet ovenfor så forstår jeg det slik at det er dette som er kjernen med begrepet «i Kristus».)


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: