21
Nov
07

nota bene…

er, som kjent, latin og tyder: Legg godt merke til! Under denne vignetten kjem eg her i «På direkten» til å gje ein aktuell kommentar; ting eg har sett, høyrt og tenkt i løpet dagen eller dei siste dagane.. Som i dag:

OM DET PRE-PREPOLITISKE

I ettermiddag deltok eg på «seminar» i høve femtiårsjubileet for tidsskriftet Minerva . To bøker har kome ut i same høve; ei artikkelsamling redigert av Lars Roar Langslet, Minerva-krinsens «sjef», og ein historikk om Minerva-krinsen, av Johannes W. Løvhaug . Tolle, lege..! I sitt innlegg på semniaret framheva Langslet at Minerva -krinsen og tidsskriftet ville slå til lyd for det «pre-politiske»; for politisk filosofi, for etisk- og til og med religiøst forankra tenkjing. Fleire av paneldeltakarane var inne på at dagens politikk er blitt ein «bransje», nærast eit yrke, ein karriereveg, ikkje lenger eit verv eller ombod, forankra i djupare politiske idéar.

Og dette er eg samd i. Endå meir: Femti år etter Minervas startepoke er det trong for fokus ikkje berre på det pre-politiske, men på det pre-prepolitiske, for å seie det slik. Den politiske og etiske tenkjinga som har furnert vårt samfunn med politisk motivasjon og raison, er no svært nedslitt. Reservoara er nesten tome. Alt for lenge har ein teke det etiske rotsystemet for noko gitt, utan å vere klar over kor sterkt det har vore knytt til dei store religiøse tradisjonane, in casu kristendomen. Ja, ein har aktivt undetrykt og neglisjert desse tradisjonane, denne kunnskapen. Religion har vore tabuisert, særleg i den akademiske og politiske «klassen» og ein har utvikla ein religiøs (og langt på veg etisk-) analfabetisme. Det er faktisk berre så vidt ein har fått med seg at resten av verda har oppdaga dette i løpet av dei siste åra. Folka med innflyting er kanskje dei siste som vågar å «ta» i dette. Der i garden passar ein på kvarandre…

Det er no påkrevd at ein rustar oppigjen det dårleg vedlikehaldne kulturgodset som må til for at politikken igjen skal vere informert av noko anna enn økonomi og sosiologi. Ikkje at religionen skal tvingast inn på folk gjennom politisk aksjon. Det er snakk om å ha eit klangrom å lytte i, brunnar å hente visdom frå. I dag lid både høgresida og venstresida av eit kjempeunderskot; filosofisk, etisk – og religiøst.

Reklame

2 Svar to “nota bene…”


  1. november 22, 2007 ved 9:15 am

    Skal skrive meir om dette… Henrik Syse var på seminaret. Ein modig og integer mann. Mange pene reddharar blant dei andre kultur-emminensane…


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: