01
Nov
07

Scandalum Magnatum

(Publisert 1. gang i «Signert», Klassekampen, mars 2007)

”Når dei mektige fell..” – det er noko som har prenta seg inn i den menneskelege historia. Ei akt og ein fase i den performance som det politiske livet er. Som når Valla må gå frå scena. Så fylgjer dei vanlege diskusjonane om reglar og prosedyrar, om leiarstil og presse-etikk. Noko må gjerast, rutinar må vurderast, dei demokratiske prosessane må betrast. Bra. Men i all ståheien gløymer ein igjen den mest oversette faktoren i norsk, offentleg liv for tida: Mennesket. Ikkje berre som offer eller objekt for mobbing eller for ransakande og avslørande journalistikk, men som ansvarleg aktør og som moralsk person.

Sjølvsagt er reglar og retningsliner viktige og samfunnet bør sikre seg at dei vert fylgde opp, som t d gjennom Arbeidstilsynet. Toppleiarar bør vite at både reglane og regelvaktarane vil innhente dei dersom dei vert for bøllete. Likevel: eit verkeleg samfunn kan ikkje nøye seg med gode reglar og rammer; det treng gode menneske. Folka på toppen – korleis vart dei slik dei vart? Kva hende med det barnet og det unge mennesket dei eingong var? Korleis vart dei fostra som menneske? Kva slags impulsar har dei motteke? Kven har vore deira førebilete?

Det ville vere godt om den klassiske dygde-etikken fekk eit ord med i laget i norsk oppseding og utdanning. Det er ein etikk som tek høgde (og djupne) for at mennesket er emna til det gode og samstundes at det hyser destruktive krefter i seg. Ein reint regelstyrd etikk, med røter i opplysingsfilosofane sin snusfornuftige ”nyttemoral”, byggjer eigentleg på ei mistru till mennesket Vi må haldast i sjakk av statsmakt og lover og motiverast av ein nokolunde balansert egoisme. Eller ein pendlar ut i motsett lei og trur at mennesket er så snilt og uskuldig at dei moralske problema berre ligg i samfunnet og i strukturane. At mennesket både har ein grunnleggjande sans for det gode og eit kall til å foredle seg sjølv, vert lett gløymt.

Den antikke stoisimen og den monastiske tradisjonen (klosterlivet) går utfrå at mennesket er både dygdefullt og lastefullt – og at det difor må ”arbeide med age og otte på si frelse”; motstå lastene og framelske dygdene. Livet er ei kontinuerleg øving (askesen) med Det sanne, Det gode og Det vakre for augo (kontemplasjonen). Det som er godt, sant og vakkert skal verte ein del av vår natur og vår personlegdom. Det formar seg i oss som ein ibuande vane, ein habitus. Både dei gamle filosofane og dei kristne ørkenfedrene og raggete holebuarane kan lære oss noko om dette. Tak og les! For å seie det med den heilage Augustin.

Det ville difor ikkje vere dumt om samfunnstoppane til dømes fekk studiepermisjon for å spegle seg litt i den norrøne ”Kongsspegelen”, Konungs Skuggsjå. Eit menneske med makt ”må alltid akte på at han har dei fire systrene Sanning, Rettvise, Fredsemd og Miskunn med seg”. Det krev tid til å teie og halde seg i ro; ”aller helst kan han få tid og ro til slik ettertenkjing om natti eller tidleg om morgonen, når han er mett av svevnen”. Den verkelege visdomen – eller ”mannavitet” som Kongsspegelen kallar han – er særleg kritisk mot dei mektige fordi eigenmakta og karrieredrifta så lett vil gå dei til hovudet: ”Eg [visdomen] er ein gemensam felage millom dei smålåtne, men sterk og storlåten mot dei storlåtne”.

Den unge, jødiske jenta, Maria, kved om det same i si høge vise når erkengelen vitjar henne og ho seier om Den allmektige: ”Han spreidde dei som bar på hovmodstankar og støytte stormenn ned frå truna, men lyfte dei låge opp. Han metta dei svoltne med gode gåver, men sende dei rike tomhendte bort”.

Ingen kan kome heilskinna frå eit kontinuerleg møte med seg sjølv utan å ha ein god rettleiar. Ikkje godt betalte terapeutar som ummar og hummar, men ein sjeleven og medvandrar, ein skriftefar av eitt- eller anna slag. Få ting tek vi så feil av som av oss sjølve, særleg på dei ”blinde punkta” i livet vårt. Utan visdomen i god venskap, misser vi lett balansen og vaklar mellom overmod og fortviling.

Vi treng med andre ord ein danningskultur som tydeleg verdset arbeidet med å verte eit godt og ”vakkert” menneske. Det må vere den forventinga som møter oss i barndom og oppvekst, i grunnskule og vidaregåande skule og fylgjer oss inn i yrkesutdanning og akademiske studiar. Vi må motsetje oss den trøytte gamalmannsklokskapen som seier at mennesket tek til som idealist og endar som ein fornøgd og desillusjonert kynikar. Vi må få bort den skeptiske geipen til moralske ambisjonar. I si tid kravde det sikkert mannsmot å tvile, både på Gud og på tradisjonell moral i det heile. No har det vorte allemannseige og ein del av ”tilværelsens uutholdelige letthet” (Milan Kunderea).

Personlege dygder og gode menneske er ikkje nok til gje oss eit godt samfunn. Men akkurat no er det det som må seiast: Utan iherdig tileigning av menneskelege kvalitetar vert både vårt personlege liv og det politiske samfunnet eit enormt Babels-tårn. Høgt – og falleferdig.

Reklame

2 Svar to “Scandalum Magnatum”


  1. 1 Ingvild K
    august 3, 2008 ved 7:11 pm

    Det er svært givande å lese det du skriv. Eg sit att med ein lengt.
    Det er ei lengsle etter felleskap, ekte etterfyljing og førebilete. Det er og ei kjensle av sorg som kjem. Sorg over å kjenne seg einsam og rådvill.
    DEt eg vil seie er at du set meg i røyrsle. – Det er bra.

  2. august 6, 2008 ved 7:25 pm

    Lengten og sorgen høyrer saman; det er ei retning som er lagt inn i mennesket av Gud, eit uttrykk for kjærleiken, etter einskap, både med Gud, med menneske og med naturen, ja, med alt som er. Noko av dette er det gjenklang av i heile skaparverket; jfr Rom 8, 18-27; og salmar som Sal 63, 42, 43…

    Lengt skal ein ta som noko positivt, og ta det på alvor. Ein treng både stille og einsemd, kontakt med naturen, nær venskap – og fullnaden i den kristne kyrkja, i liturgien, bøna og sakramenta.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: