01
Nov
07

Mange modernitetar

(Publisert 1. gang i «Signert», Klassekampen mai 2007)

Den celebre norske sosiologen Jon Elster har hevda at hans kollega og Holbergpris-vinnar Shmuel N. Eisenstadt ein vitskapsmann i B-klassen. Det torer eg ikkje ha noko meining om, men eg held for rimeleg at også B-laget kan ha vettuge tankar. Som Eisenstadt sin teori om ”multiple modernitetar”, presentert i eit invtervju med han i ”Le Monde diplomatique” nyleg (desember -06).

I fylgje intervjuet ynskjer Eisenstadt å ta eit oppgjer med ”den eurosentriske forståelsen av modernitet” (sit.) og åtvarar mot å sjå moderniteten som ”et ekslusivt vestlig fenomen” (sit.). Typisk for denne moderniteten er det å sjå seg sjølv som kuliminasjonen av ei eintydig utvikling med universell rekkjevide. Her er sanninga om verda endeleg komen fram i dagen, ei sanning som før-eller seinare vil verte utbreidd til alle samfunn og kulturar. I sin grunnhått er den eurosentriske moderniteten sekularistisk; kultur, etikk, politikk og samfunnsliv skal kunne grunngjevast utan referanse til religion, og i den grad gudstrua endå overlever (det Gud forbyde!), må ho plasserast i privatsfæren. Som kjent.

Så syner det seg at verda ikkje lenger er så enkel som dette. Det er ikkje noko nytt at det finst andre samfunnsmodellar enn den vestlege og eurosentriske. Det nye er at dei vert meir kjende og at dei delvis hevdar seg i sjølvmedviten opposisjon mot eurosentrismen. Ikkje minst når det gjeld tilhøvet mellom religion og politikk.Alle modernitetar har innført eit visst skilje mellom desse sfærene, påpeiekar Eisenstadt; nettopp fordi ”det moderne” har ein av sine føresetnader i dei store monoteistiske religionane sin teologi. Gud er transcendent,hinsidig; han går ikkje opp i naturen eller i samfunnsstrukturane. Det finst ein instans som står over alle menneskelege makter – og det gjev både autonomi og forpliktingar, både fridom og ansvar. Ingen er automatisk i pakt med guddomen; tru og val må til. Og den truande må sjølv stå under kritikk.

Dette vert ikkje så tydeleg der dei religiøse institusjonane av historiske grunnar er dominerande eller har ei særstilling, men det ligg i korta at tilhøvet mellom religion og samfunn ikkje er kompakt fastlåst for alltid.Kyrkja har etterkvart måtte ta eit steg tilbake til ein meir opphavleg posisjon med eit sterkare drag av å vere minoritet og motkultur. Eg vil meine at også i Islam er det eit potensiale for å nyansere den teokratiske modellen. Også islamske kulturar kan finne si form for modernitet.

Problemet med den eurosentriske moderniteten er at han skuvar oss frå den eine ytterlegdomen til den andre. Bort med teokratiet blir bort med religionen. Og då vert sekulariteten ein ny ”religion”, ein religion der ein ikkje lenger har nokon Gud over seg, der sjølve systemet vert Gud. Vi får ein universalitet som ikkje lenger sondrar mellom ideane og samfunnsstrukturane. Den verdsomspennande samfunnsforma er blitt til og er klar til eksport. For ikkje å seie misjon. Vi gjer oss sjølve til ”solkongar” som seier: ”Moderniteten – det er eg!”

Det denne arrogante og sjølvsikre haldninga som må kritiserast i eurosentrismen. Det må vere plass til fleire i det politiske rommet. Vi blir nøydde til å høyre på kvarandre elles genererer vi berre aggressive ”mot-modernitetar”. Etter mitt syn er modernitet nettopp dette: Å lære oss å leve pragmatisk med verda slik ho verkeleg er. Og ho er også religiøs. Fordi mennesket også er religiøst. Ein modernitet som undertrykkjer dette, er reduksjonistisk og totalitær.

Jamvel for norske samfunnstenkjarar tek det til å demre at vi må få eit opnare syn på modernitetn. Professor Knut Kjellstadli skriv i ein artikkel her i Klassekampen (19.desember: ”En tredje nasjon”) vi må finne eit veg mellom det kulturelle einskapsstaten og ein stat som berre tillet såkalla nøytrale politiske verdiar å ytre seg i det offentleg rommet. Ein reint politisk kultur vert altfor mager og formal til å vere eit levande miljøl for menneske. Ulike tradisjonar må sleppe til og tolast på arenaen. ”Å legge fast hva som er privat og hva som må være felles, må skje ved åpne eller stilltiende forhandlinger mellom flertall og mindretall, om hvoran en kan ’ha det her’”, seier Kjellstadli. Så sant som det er sagt.

”Ryktet om min død er betydelig overdrevet” stod det i ein Dagblad-annonse som ein kjend norsk forfattar i si tid let rykkje inn i avisa. Forfattaren var nemleg i live. Det same er religionen. Og for eiga rekning vågar eg å leggje til: Det er også Gud. Sjølv om han ikkje annonserer i Dagbladet.

”Ryktet om min død er betydeleg overdrevet” – skal ein kjend norsk diktar ein gong ha rykt inn som annonse i Dagbladet. Han var livs levande sjølv om det hadde teke til å gå ord på byen om det motsette.

Kva anna er den vestlege ”moderniteten” anna enn ryktet om Guds død? Eit rykte som etterkvart syner seg å vere sterkt overdrive.

Reklame

0 Svar to “Mange modernitetar”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: