01
Nov
07

Grepet om statskyrkja

(Publisert 1. gang i «Signert», Klassekampen november 2006)

Ikkje mange vil vere usamde om at Arbeidarpartiet (Ap) sin politikk har endra seg i løpet av dei siste tjue åra. Berre på eitt punkt kan det synast som om kontinuiteten er ubroten: I partiet sin kyrkjepolitikk – og særleg i si handtering av Den norske kyrkja og statskyrkjeordninga. Frå ei radikal, antiklerikal haldning heilt fram mot trettitalet slo ein inn på ein sløgare veg: Kontrollert – og ikkje minst kontrollerande – støtte til kyrkja. Ettersom Staten nærast vart identisk med Partiet, var det klårt at kyrkja sin relasjon til statsmakta måtte bli sterkt avhengig av partimakta. Kyrkja fekk vere i fred på vilkår av at ho heldt seg pent på plass innan dei rammene som Ap-politikken tilbaud. Kyrkja vart partiet og staten sitt husdyr og åt lydig av herrens hand.

Denne politikken har kunna late seg gjenomføre fordi han har stødd seg til ein statskyrkje-venleg populisme. Sikkert med eit innslag av ei vag, men seig kjensle av å tilhøyre kyrkja – av gamal vane, så å seie. Men også fordi den jamne nordkvinne- og mann meir eller mindre medvite ynskjer legitimitet for sine moralske og kulturelle val. Som stadig tydelegare vik av frå kyrkja sine tradisjonelle oppfatningar. Dessutan: Den kyrkjelege leiarskapen har på si side hatt bruk for den legitimeringa (og økonomien – skral, men sikker) som statleg støtte og ein stor nominell medlemsmasse har gjeve. Syntesen av alt dette – parti, stat, folk og kyrkjeleiing – er blitt eit slags dugnadsprosjekt for å redde stumpane av ein norsk identitet eller einskapskultur. Biskop Stålsett sitt pontifikat dannar eit førebils høgdepunkt i denne strategien. Ap sin statskyrkjepolitikk er difor berre det sterke lokomotivet i spissen for eit langt tog som mange har kunna hekte seg på. Saman med Ap står Senterpartiet i dag fram som den sterkaste støttespelaren for status quo. Den raud-grøne folkekyrkja.

For det er nemleg det Ap si stortingsgruppe går inn for når politikarane no er i ferd med å ta stilling til det offentlege stat-kyrkjeutvalet si innstilling (NOU 2006:2). Men då bør fleire spørje seg: Er vi verkeleg tente med ei slik kyrkje som med staten i bakhanda skal omfatte alt og alle? At statskyrkjeordninga er i strid med religionsfridomen, er klårt som ein solskinsdag. Og det burde vere motargument godt nok. Men kva med dei som er kritiske til kyrkja si gjengse form for tru og moral – bør dei ikkje motstå freistinga til å justere kristendomen med rå makt eller mild dressur? Er det ikkje klokare å innsjå at det moderne samfunnet vil bestå av mange ulike kulturar, religionar og livssynsgrupper? At det vil finnast ulike og motstridande meiningar om både seksualmoral og anna moral – og at desse gruppene må lære seg å leve i fred med kvarandre? Eller at mangfaldet av institusjonar og overtydingar samstundes kan skape sunn meiningsbryting i den elles klamme norske ortodoksien og medverke til det vi no treng aller mest: eit meir markert og rikhaldig sivilsamfunn?

”Det blir ei elitekyrkje” fnyser mange. So what? Ei fri kyrkje blir neppe ein sosial og økonomisk elite, snarare tvert om. Men det vil kunne bli ei kyrkje for dei som vil noko tydeleg med sin medlemskap og ikkje berre gli inn i den gråe massen. Samfunnet treng i høgste grad miljø som verdset aktiv innsats, engasjement, forjuping, intellektuell refleksjon og forvalting av ei konkret historisk overlevering. Det kallar eg å vere open og å vise folk tillit. Og kyrkja sjølv burde vere den siste som ynskjer seg eit forlenga liv som gamal og snill mor med eit langt framskride religiøst og teologisk Alzheimer-syndrom.

Det er heller ikkje sikkert at ei mindre statsstyrd og mindre teologisk ”liberal” kyrkje blir meir politisk konservativ. Ei fri kyrkje vil synleggjere at ho ikkje passar inn i dei gamle båsane. Ho vil nok irritere kulturradiklarane, og det får dei ta med godt humør. Men ho vil og kunne irritere mange fleire, særleg når det gjeld økonomisk politikk og sosial rettferd, både nasjonalt og internasjonalt. Mellom anna fordi ho blir mindre ”norsk”.

Kven skal ta seg av det norske folks rituelle behov? Ja, sei det. Men Humanetisk Forbund tilbyr sine tenester i stadig større omfang – og det er heilt greitt, spør du meg. Elles endar det med at skilnaden mellom kyrkja og humanetikarane blir så liten at han er synleg berre for dei mest interesserte. Igjen: Kven er tent med ei slik ”kyrkje”?


Som einkvar lesar av Klassekampen vil vite, måtte Farao gjennomgå sju landeplager før han slapp Israel-folket ut av Egypt. Kanskje er det noko slikt som må til før politikarane tek til vettet? Det skulle ikkje undre meg om nokon oppfattar dette som ein terrortrussel – men eg tek sjansen på å nemne det, likvel.

Reklame

0 Svar to “Grepet om statskyrkja”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: