01
Nov
07

Å skvette tru på gåsa – kristen tru i overflodsamfunnet

(Publiserte 1. gang i «St. Olav», mai 2007)

Mange spør seg om det er mogeleg å formidle kristen tru i dagens Noreg og for så vidt i heile den vestlege og velståande verda. Skal ein pøse på med eld og svovel eller gjere artige krumspring og tilpasse seg marknaden? Den fyrste løysinga har vorte så sjelden og utenkjeleg, at det kunne vore artig å prøve, berre av den grunn.

Men når det kjem til stykket, er det ingen av dei velkjende tilnærmingane som gagnar dersom vi skal få det norske mennesket og det norske samfunnet i tale. Det nyttar korkje å lokke eller truge, ringe eller tvinge nokon til tru i dag. Tilhøvet mellom kulturen og kyrkja er gått i vranglås etter Opplysingstida og dess meir vi no panisk lirkar med låsen, dess meir låser det seg.

Kva då? Då er det tid for å senke skuldrene og la blikket klarne. Det vil ikkje seie at vi skal halde låg profil eller gløyme vår misjon! Nettopp eit sterkare medvit om kven vi er og kva vi har å formidle som katolske kristne – saman med alle våre medkristne – kan gje oss den åndelege samlinga og styrken som no er naudsynt. Angsten for minkande oppslutning og innflyting i samfunnet fører ofte til at vi tek til å søkje etter legitimering og ”bekreftelse” på andre vilkår enn det som er trua sine eigne. Det fårlege er ikkje å vere liten, men å vere driven på defensiven. Det er ikkje Goliat, men David som er kyrkja sin ”figur”.

Dette fordrar ei tung omstilling for dei kyrkjene som er vane med å vere i majoritet og å stø seg til nasjonale og statlege strukturar, innarbeidde gjennom ei lang historie. På eit visst tidspunkt tok denne historia til å handle om kulturen si frigjering frå kristendomen og kyrkja. Det er på tide at kyrkjene skjønar at denne historia ikkje let seg reversere. Det er langt meir konstruktivt å sjå det som ei gjenoppdaging av kyrkja sin normalsituasjon: Å vere eit tydeleg mindtretal i det store samfunnet og det kulturelle mangfaldet. Ei gjenoppdaging av at kyrkja sin modus er martyría , ikkje makt. Dette har ein tala om lenge, ikkje minst etter Vatikan 2, men ofte har kyrkja si om-posisjonering ytra seg som tilpassing og servilitet. Vi skal halde fast på trua og sleppe taket i privilegia – ikkje omvendt! Dette frigjer oss og gjev oss ei meir ”cool” innstilling; ei innstilling med roleg sjølvtillit, intelligens, humor og mot til å møte folk som ikkje er truande. Samtidskulturen er var for alt som smakar av tvang og formynderi anten det opptrer i gamalt, autoritært kostyme eller som velmeinande ”oppdragelse” og ”verdiformidling”. Moderniteten er på mange måtar eit kulturelt krafttak for å konstruere eit liv som er uavhengig av metafysikk og religion, både teoretisk og institusjonelt. Filosofi, kunst, politikk utan Gud og utan kyrkje – det har vore utopien. Dette har avleira seg i mentalitet og livskjensle og ytrar seg spontant når menneske i dag skal snakke om trusspørsmål. Immanuel Kants sin rolege rasjonalisme har para seg med vår tids eigentlege profet, Friedrich Nietzsche med hans apell til livskrafta i mennesket. Vi skal kaste av oss påtvungne reglar og postulere våre eigne normer. Vår eiga skaparånd skal sveve over livsevna sine myrke og kraftfulle kaosdjup, mennesket skal skape seg sjølv i sitt eige bilete; myrke og ljos, dag og natt skal vi sjølve skilje og definere. Moral og verdiar høgg vi inn på våre eigne steintavler og feirar fridomspakta med oss sjølve ved foten av våre eigne fjell, våre eigne høgdepunkt.

Det er ikkje minst Nietzsche som fører moderniteten vidare frå dydig og fornuftig pliktkjensle til postmoderne vitalisme og individualisme. Det er dette som har ”sett seg” i den notidige livskjensla i Vesten og heile den sterke avdrifta mot det individuelle, det flytande og det utprøvande. Mennesket er ein livskunstnar og vil vere sitt eige kunstverk.

På sett og vis er dette noko vi kan sympatisere med. Eg trur ikkje at den meir snusfornuftige og moralistiske fasen i moderniteten står nærare den kristne trua. Snarare tvert om. ”Fornuft” og moralske prinsipp utan Gud blir lett avgudar og erstatningar for Gud. Postmoderniteten gjer reint bord med trua på all abstrakt universalisme. Det skaper sjølvsagt eit tomrom der alt er mogeleg – men slik gjev det også større fridom. Interessa for det lokale, for kulturelle tradisjonar, for språk til å tolke verda med, har igjen vorte lovleg. Kyrkja har ein annan basis, men ho bør vere takksam for at verda har vorte opnare.

Dette gjev oss eit svært blanda samfunn. Felleskulturen har mange sløvande trekk – dei høge krava til materiell standard, rikdom, forbruk og uavgrensa valfridom som sjølvsagde vanar, ei haldning som tek for gitt den samfunnsforma og det livsnivået som er vårt, einsidig fokus på ”dei nære tinga” og manglande interesse for djupare og vansklegare spørsmål. Samstundes finst det einskildmenneske, miljø og grupper som er søkjande og som snusar også på religiøse tradisjonar. Folk som er litt leie av den offisielle kulturen.

Denne raske skissa gjev bakgrunn nok til å la oss skjøne kva grep som må takast frå kyrkja si side. Vi må våge å sleppe nostalgiane og innsjå at Noreg korkje kan gjenkristnast eller rekatoliserast en bloc. Horisonten bør i det heile ikkje vere det ”offisielle” Noreg. Lat oss heller sjå samfunnet som eit stort torg eller forum, som eit samfunn som er under forming og omforming. I dette mylderet vil det vere grupper og einskildpersonar som let seg utfordre av katolsk tru og liv, anten dei møter det i eit sokn, ved ei messe, på eit kurs, i eit kloster, gjennom ein prest eller ein lekperson – eller i biskopens forkynning og offentlege undervising. Evangeliet vil igjen kunne oppdagast som det det er; ikkje ein blass nasjonal ”føremålsparagraf”, men som eit ”godt rykte” som vandrar på kryss og tvers og banar seg veg på uventa vis, på ein pub så vel som i eit kyrkjerom.

Difor må det finnast plassar der folk kan verte nærare kjende med denne bodskapen, med kyrkja og hennar liv. Kven er Kristus? Kva er Kyrkja, messa, sakramenta? Korleis be, faste, skrifte? Kva står det i Bibelen? Kva er klosterlivet, sølibatet, paven? Spørsmåla står i kø og vi må kunne tilby kurs, vegleiing, arenaer for øving og søkjing, prøving og feiling – i den vanskelege kunsten å verte ein helgen. For det er ikkje mindre enn det som er mennesket sin veg, sjølve ”thrillaren” og intrigen i menneskelivet.

Det seier seg sjølv at det indre livet i dei katolske kyrkjelydane vert svært viktig i tida framover. Ei fullverdig og levande feiring av liturgien, eit miljø for sjelesorg og forbøn, og, ikkje minst, ei styrkjing av nærande forkynning og undervising. Noko som førutset ei forsterka presteutdanning med teologisk substans og med opning mot samfunnet og kulturen.

Kva så med dei som ikkje er interesserte? Mange aktuelle undersøkjingar viser at nordmenn synest at livet utan Gud er OK. Eg trur vi berre må godta at denne livshaldninga har utvikla seg. Ho kan berre endrast innanfrå og gjennom umiddelbare situasjonar og hendingar. Det nyttar ikkje å mase eller prakke sanningar innpå menneske som ikkje har eit snev av opning og motivasjon. Det vert som å formane til eksamenslesing i russetida eller som å ”skvette vatn på gåsa”; det prellar av, ja, det verkar sløvande og forherdande. Kyrkja skal ikkje vere usynleg i samfunnet og ikkje be om orsaking for at ho finst og trur på ting som folk flest ikkje trur på lenger. Men ho må vere det som ein fri aktør utan pompøse fakter. Ho må vere å finne på gatehjørna og i akademia, i kafeane og avisspaltane, overalt der folk ferdast og utvekslar ord og tankar.

Spreiinga av evangeliet vil med andre ord meir og meir finne stad i ad hoc (”her og no”)-situasjonar; spontane møte og dører som uventa opnar seg når tida er inne. Det er ”ei tid” for alt, seier Forkynnaren; det er då vi må vere der, det er då ein må vere parat. Det bibelske tidsomgrepet handlar ikkje berre om den lineære tida der alle punkt er like. Tida er ein kvalitet, ein gylden augneblink, eit fruktbart moment. Som kyrkje må vi våge å vente på denne ”tida”, på Guds ”time”. Det kan vere vanskeleg i møte med ein religiøst indifferent epoke, men djupast sett handlar det om fridom og mogning og om sans for at både einskildmenneske og kulturelle miljø må finne sin veg til Gud på ein sjølvstendig måte.

I det heile må vi verte flinkare til å formidle trua til vaksne menneske. Barne- og ungdomsarbeid er naturlegvis viktig, men det kan vere meir krevjande å formulere tru for vaksne folk. Då må vi nemleg sjølve ha eit moge tilhøve til vår eiga overtyding og evne til å setje truverdige ord på henne. Born skal oppsedast og tileigne seg god moral og framferd. Det er ikkje så vanskeleg å legitimere. For vaksne menneske kjem trua sitt sanningsinnhald meir i framgrunnen; dei store spørsmåla om liv og død, om Guds eksistens, om det vondes problem, om oppstoda og alt det overnaturlege. Då er det ikkje nok å kunne takle det som ”pedagogiske” spørsmål; den eksistensielle dimensjonen vert viktigast. I svært mykje kyrkjeleg arbeid brukar vaksne kristne born og unge som religiøse vikarar; vi er aktive for borna si skuld. Det er ikkje feil, men det er ikkje nok. Trua vil berre leve vidare dersom ho er livsviktig for dei vaksne sjølve.

Trua lever heller ikkje i eit tomrom. Dei sosiale, kulturelle og materielle vilkåra påverkar også vårt tiløve til religionen. Når kristen tru ofte synest så irrelevant for norske menneske i dag, heng det saman med at det ekstreme velstands- og velferdssamfunnet systematisk løyner alle indikasjonar på at menneske treng Gud. Det norske mennesket er ”polstra” mot dei djupare eksistensielle røynslene som må til om vi skal kjenne suset av det evige. Kunst, filosofi og religion kan oppretthaldast som ”kulturverdiar”, som ”nyttige” og ”positive”, men evna til å ta det på alvor, er svekka. Jesus, som sjølv var fattig, sa jo: ”Det er vanskeleg for ein rik å koma inn i himmelriket” (Matt 19, 23). Åtvaringa mot rikdomen nettopp som ein åndeleg fåre er heilt sentral både i Jesu undervising og i heile Det nye testamentet. Også i Det gamle testamentet finn vi eit markert innslag av kritikk mot rikdomen, noko som går att i fleire av profetane si forkynning. Det sanne gudsfolket er den trufaste ”resten”, ”dei fattige”, dei som lever av sin tillit til Israels Gud og pakta med han. Det ville innebere ei ”overåndeleggjering” av kristendomen dersom vi meiner at gudstrua kan heve seg over den innverknaden som dei materielle livsvilkåra har på oss.

I ein slik situasjon er det viktig at det heile tida er nokon som kan ta ”dei evangeliske råda” på ordet og leve i ei meir radikal fristilling frå alle dei materielle banda som samfunnet snører oss inn i. Dette skulle særleg vere klosterlivet sin veg. Som teikn og inspirasjon er det svært viktig i eit samfunn som det norske. Noko av dei same ideala skulle det vere mogeleg å leve ut også i ekteskap og familieliv sjølv om det stiller andre krav til materiell tryggleik enn for ein som lever åleine eller i ein klosterkommunitet. Det er ei stor utfordring å forme lokale kyrkjelydar, kristne grupper og familieformer slik at dei kan verkeleggjere noko av urkyrkja si livsform: dei hadde alt felles, og alle fekk hjelp etter som ein trong (Apgj 2,44-47). Vi skal vere glade for at staten har teke sosialt ansvar – etter kristent føredøme, langt på veg – men det er feil dersom den kyrkjelege fellesskapen vert redusert til noko reint ”åndeleg”. Det trusmessige, det sakramentale og det liturgiske elementet i kyrkja sitt liv har heilt frå Kristi og apostlane si tid vore sterkt knytt saman med det diakonale. Kyrkja er eit verkeleg samfunn som lever av- og lever ut Guds kjærleik i Jesus Kristus.

Utan eit slikt konkret livsmiljø vil det vere mykje vansklegare for kristne å gjere seg meir uavhengige av det enorme presset frå det moderne konsumsamfunnet.Eg er ikkje i tvil om at i framtida vil den kristne fellesskapen, på ulike nivå, verte viktigare enn storsamfunnet. Vi ser døme på dette i dei katolske innvandrarmiljøa. Uansett kor godt integrerte dei vil verte etter ei tid, vil dei ha med seg ei oppleving av innbyrdes samhald og ansvar som er verdfull. Kanskje er det heller ikkje ynskjeleg at dei vert så integrerte at dei misser alle sine eigne verdiar og endar som veltilpassa norske materialistar? Den multikulturelle fellesskapen i den katolske kyrkja hjelper oss til å skjøne betre at vi alle på ein måte er ”innvandrarar” i det sekulære samfunnet. Dei kristne er ”borgarar av det himmelske Jerusalem” og difor alltid ”framande” i den noverande verda (Hebr. 11,13; Fil 3,20). Vi har lett for å tolke også slike ord reint åndeleg – fordi kyrkje og samfunn har vore så sterkt integrerte i ”kristenheten” (det kristne einskapssamfunnet) sin tidsalder. Det vil verte tydlegare ettersom samfunnet distanserer seg frå kyrkja og kristendomen at det dreiar seg om handfaste sosiale realitetar, med politisk rekkjevidde. Solidaritet, vern om dei veikaste, arbeid for det felles gode – alt dette vil meir og meir trenge den basisen som ein levande kristen fellesskap kan gje det.

Slike fellesskapar vert viktige ”øvingsplassar” for eit kristent liv der tru og handling, liturgi og sosialt ansvar høyrer saman. Noko som vil krevje at ein har større kontroll på det materielle forbruket og sine personlege vanar. Kyrkja sin asketiske visdom lærer oss at eit åndeleg liv ikkje kan vere sunt dersom mennesket sine kroppslege og sjelelege drivkrefter ikkje er samla og målretta i pakt med Guds vilje. Vi må vere i balanse og kontakt med ”heile” oss dersom vi skal ha eit ekte tilhøve til Gud. Vi må også vere i harmoni med livsmiljøet rundt oss, både sosialt og økologisk. Den overstimulerte norske levemåten splittar vår eigen person og skaper splid i verda og i naturen. Det er ikkje eit godt ”miljø” for samlivet mellom oss og Gud. Difor må vi finne vegar til eit enklare liv, materielt sett. Dette er igjen noko vi berre kan greie som fellesskap, som ein kyrkjeleg motkultur.

Eit trusliv som skal kunne bryte gjennom den tunge norske kjensla av at Gud er irrelevant, må sjølv han tyngde. Idealisme og aktivisme er ikkje nok. Vi må trengje ned i det djupet der Gud arbeider, både med oss og dei menneska vi lever mellom. I dette ligg kallet til bøn og til kontemplasjon av Gud og den usynlege verda. Det er dette som er mystikken sin veg, ein veg som ikkje er reservert for åndelege spesialistar og ”feinschmeckarar”, men som er alle truande sin veg. Dersom vi i det heile skal få hol på den norske isen, må menneske rundt oss ane noko av den relasjonen vi har til Gud sjølv. At vi har ei kjelde i oss som er livgjevande både kroppsleg, sjeleleg og sosialt. At vi er born av Den Høgste. Det er mystikken sin veg som let oss og andre skjøne at den indre livsviljen som Nietzsche med rette etterspurde, ikkje vert hemma av Gud. At det nettopp er vår slektskap med Gud, Skaparen, som gjer mennesket til ein aktiv medskapar både av sitt eige liv og av den verda det skal leve.

Det er samstundes liturgien og eukaristien sin veg. Dei som kjem til å søkje trua i framtida, vil i kyrkja sin liturgi, feira verdig og ”i ånd og sanning”, kjenne at Guds verd rører ved vår. Mennesket sin sans for det vakre er ofte så kjøleg og intellektualisert i den notidige estetikken og kunsten. Liturgien – som omfattar og engasjerer alle kunstartar – tek fatt i hjarta, som sete for alle mennesket sine sansar, og seier: ”Sursum corda!” (Lyft dykkar hjarto!)Mange menneske lengtar etter ei slik gjennomgripande oppleving i dag, sjølv mange også har gløymt kva det inneber.


Det er eit nøkternt faktum at Noreg vert stadig mindre kristent – eit faktum som kyrkja altså ikkje bør prøve å pynte på med falsk optimisme og panikktiltak. Heller bør ho kjenne stadig sterkare at ho har ei indre forankring og eit roleg medvit om dei store skattane ho forvaltar. Det offisielle norske ”prosjektet” bør vi ta med mange klyper salt. Festen må feirast ferdig og rusen sovast ut før det er tilsnakkande.

Etter mitt syn er det altså det uformelle samfunnet og dei personlege møteplassane som er kyrkja sin sjanse i dagens Noreg. Som den dagen i Samaria då ei kvinne kom til Jakobsbrunnen med krukka si. Der sat Gud og venta, i Jesus frå Nasaret. Slik lever kyrkja: Alltid på vandring på dei vanlege vegane. Stundom møter ho dei store skarane og er ikkje redd for å heve røysta. Men andre gonger må ho slå seg ned ved brunnen. Og vente. På mennesket.

Reklame

1 Tilbakemelding to “Å skvette tru på gåsa – kristen tru i overflodsamfunnet”



Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: