Arkiv for kategorien 'officium'

05
Nov
09

officium: torsdag, 30. vike i det allmenne året, 1 Makk 4,36-59 (matutin)

”Og dei reinsa templet og bar bort dei ureine steinane, bort til ein urein plass” (v43)

Etter Lova skulle steinane i altaret vere utilhogne. I den heidenske kulten som kom med hellenismen, hadde ein klussa med altaret og sett inn hoggen stein.  No var fiendane overvunne og tempeltenesta kunne reinsast og gjenopprettast.

Jesus reinsa også templet.  Det skule vere eit bønehus for alle folk. Å reinse ut det ureine blir i dag ofte sett på som utidig og fanatisk perfeksjonisme. Men reinleik er ikkje å fortrengje det vanskelege, det mørke og vonde. Alt det må vi vedstå oss. Reinleik er å ha eit samla hjarte, å vite kva du vil med alt det som utgjer livet ditt. Reinleik er truskap mot Gud og hans pakt med deg og med folket sitt. Reinleik er å ikkje leve eit dobbelt liv der du gjev ein hemmeleg plass til det som korrumperer kropp og sjel.

Ber bort dei ureine steinane, uansett kor tilhogne og tilpassa dei måtte vere. I skriftemålet kan du bli av med dei.

04
Nov
09

officium: Onsdag, 30, vike i det allmenne året, 1 Makkabearbok 3 (matutin)

”Vi strir for vårt land og våre lover” (v 21)

Makkabearane, Judas Makkabeus og hans søner, reiste seg mot den hellenistiske religionstvangen og forfylgjinga under Antiokios Epifanes, ein av ettermenne til Alexander den store. I dette imperiet var det ingen pragmatisk romersk fridom. Her skulle alle innordne seg i den greske, heidenske gudsdyrkinga. Også jødane. Mange av dei tilpassa seg gjekk over til hellenismen. Men ikkje Judas Makkabeus.

I vår tid reagerer vi på at nokon verjer seg med makt for å forsvare religiøse verdiar. Men når vi tenkjer etter, er sjølvsagt etiske, kulturelle og religiøse verdiar nært forbundne. Når grunnleggjande fridom til å leve etter eiga overtyding blir overkøyrd, er det ikkje vanskeleg å skjøne at menneske vil verje seg og sine; sitt land og sine lover.

Slik konfliktane i verda har utvikla seg, har vi lært oss at det beste er å prøve alle andre utvegar enn å bruke vald, jamvel i naudverje. Uansett har vi lov å stå for det vi meiner er rett og uoppgjeveleg. Vi bør stride for det med ord og argument, med sivilt mot og av eit heilt hjarte.

For oss om truande i dag, er det vitnemålet og vedkjenninga som er vegen å gå.

30
Oct
09

officium: Fredag, 30 vike i det allmenne året, Visdomens bok 8 (matutin)

”Når eg kjem heim til huset mitt, skal eg kvila ut hos han” (v 15b)

Nemleg hos visdomen. Mennesket er uroleg og konfliktfylt når det stengjer visdomen ute og berre sentrar rundt sine lidenskapar og impulsar.

Visdom inneber å gje plass til ettertanken. Å gje sanninga rett, sjølv om det er audmjukande. Du må overvinne hovmodet i deg og opprøret mot det du veit er rett.

Guds tale kan berre nå inn til det audmjuke mennesket. Berre den som er audmjuk nok til å la visdomen råde, finn kvile i huset sitt.

20
Oct
09

officium: Onsdag, 29. vike i det allmenne året, Ester 4 (matutin)

”Så gjekk han ut i byen og skreik og jamra høgt og sårt” (v 1)

Mordekai hadde fått vite om Hamans planar om at heile den jødiske folkesetnaden i landet – ikkje få – skulle drepast på éin dag. Holocaust. Då er det ingen ting å seie. Ingen ting å forklare. Når alt styrtar saman i det meiningslause. Då står berre skriket att. Klagen.

Vi har mist den krasse, offentlege klagen. Å skrike og jamre på gata – det er eit kulturutrykk som ikkje kan bli borte utan at noko av det menneskelege i samfunnet blir borte.

Mennesket har lov å vere offentleg fortvila. Det tragiske og vonde angår alle.

20
Oct
09

officium: Måndag, 29. vike i det allmenne året, Ester 3 (matutin)

”Men Mordekai fall ikkje på kne og bøygde seg ikkje til jorda for han” (v 2b)

For kven? For Haman, den øvste embetsmannen til persarkongen. Mordekai var trufast mot Israles Gud også i eksilet der han var saman med mange andre av folket sitt. Berre Gud er Gud.

Jødefolket vart i sin diaspora eit folk mellom folka, ein kultur i kulturen; djupt involverte der dei måtte slå seg ned, men samstundes ein motkultur. Motkultur er ikkje å vere sekt, er ikkje å isolere seg. Motkultur påverkar.

Motkultur er å risikere noko, kanskje livet.

17
Oct
09

officium: laurdag, 29. vike i det allmenne året, Malakia 3-4(matutin)

” Men for dykk som har age for mitt namn, skal rettferdssola renna med lækjedom under sine venger” (4,2)

Dette ordet er sjølv som ei solrenning. Som ei ørn, som ein engel; ein berar av lækjedom for alt det som har blitt sjukt og skadd i livet ditt, i kyrkja, i verda, i skaparverket.

Gud sender dette for deira skuld som har age for namnet hans. I Malakia-boka handlar det om å gje det beste til Gud i gudsteneste og offer. Ikkje ringeakt liturgien, ikkje tenk at det berre er moralen som tél! Gud vil bli elska og tilbeden for si eiga skuld. Så fjernt for alle som ikkje vil sløse nardussalve eller noko som helst dyrebart og vakkert  av kjærleik til Gud! Kjipe menneske og kjip religion.

Kom med det beste du har, med brødet og vinen, med røykjelsen og rørslene, med fargane og bileta, med songen og spelet, med jubelen og med tårene! Solrenning og lækjedom ventar deg.

12
Oct
09

officium: måndag, 28. vike i det allmenne året, Haggai 2,10-22 (matutin)

”Frå i dag vil eg velsigna” (v 19b)

Sola treff akkurat tårnet på klosterkyrkja her. Det lyser mot den grå kyrkja som endå ligg i skuggen. Den digre trekrona som ragar opp over hagen, skin også, i sterkt grønt med gule islett. Lysande haust.  Gud held alt i si hand. Når året hallar, er eit nytt i ferd med å opne seg. ”Frå i dag vil eg velsigna”.

For meg personleg er denne dagen ein liten merkjedag. Nye oppgåver som skal takast fatt i. Stundom fell orda frå Gud som ei sol inn i livet vårt. Når vi treng det.

Ikkje som ein billeg garanti, men som eit ljos å fylgje. Dersom vi vågar.

10
Oct
09

officium: Laurdag, 27. vike i det allmenne året, 1 Tim 6,1-21

”Den einaste som er udøyeleg og som bur i eit ljos der ingen kan koma” (v 16)

Det er Gud. Kvifor syner han seg ikkje, kvifor kan han ikkje demonstrere sin eksistens for oss, éin gong for alle?

Mange spør slik i dag, som til alle tider. Uansett vil det vere noko utilgjengeleg med Gud. Noko som alltid skaper fleire spørjeteikn enn utropsteikn. Hans spor og hans gjerningar kan vi sjå. Dersom vi vil sjå.

Gud ”finst” ikkje på same måte som oss, som alt anna som finst. Han er den djupaste grunnen til at noko finst i det heile. ”Han som inkje menneske har sett eller kan sjå” (v 16).

Du kan fornekte han – eller du kan seie: ”Han skal ha ære og evig makt! Amen (ib.).

09
Oct
09

officium: Torsdag, 27. vike i det allmenne året, 1 Tim 6,1-10 (matutin)

”Kjærleik til pengar er ei rot til alt vondt” (v 10)

Pengar er ikkje nøytrale. Dei er eit symbol på materielle verdiar. Dei symboliserer – samanfattar – vår evne til å skaffe oss godar. Fordi pengane er eit slikt ”teikn”, apellerer dei til oss. Med pengar kjenner vi oss sterke, utan pengar blir vi kraftlause. Denne makta og tryggleiken i pengar og gods kallar Bibelen mammon; ei åndeleg makt, ein Gud.

Pengar kan brukast rett, som eit hjelpemiddel for menneskeleg utveksling av varer og tenester til det felles beste. Kommersialitet tyder nettopp deling, utveksling, fellesskap. Handel og økonomi er meint å vere eit uttrykk for den menneskelege fellesskapen.  Men det krev integritet, sjølvtøyming og ei forankring i verkelege verdiar.

Elles tek pengane styringa over oss.  ”Drivne av pengehug har mange fare vilt og er komne bort frå trua”, seier apostelen (v 10). Ikkje minst i vårt samfunn, vil eg leggje til.

08
Oct
09

officium: torsdag, 27. vike i det allmenne året, 1 Tim 5,3 – 25 (matutin)

”… at dei har brote den lovnaden dei fyrst gav om truskap” (v 12)

Det innvigde livet, friteke frå dei vanlege oppgåvene i heim og arbeidsliv, finn vi alt i Det nye testamentet, i urkyrkja og apostelkyrkja. Vi finn det, som her, som ein særleg stand og ei særleg teneste i kyrkja: Enkjene – som avla ein lovnad om truskap i  denne livsforma. Ikkje fordi famile, ekteskap og arbeid er noko negativt, men fordi eit friare liv er eit teikn på den komande verda og ei kjelde til fordjuping og bøn for heile kyrkja.

Som ”dei stille i landet”, som Simeon og Anna Fanuelsdotter, skulle enkjene leve ”i bøn og påkalling dag og natt” (v5).

Her skimtar vi også nokre av røtene til klosterlivet.

08
Oct
09

officium: onsdag, 27. vike i det allmenne året, 1 Tim 4,1 – 5,2 (matutin)

”Alt Gud har skapt, er godt” (v 4).

Dette er eit dogme, ei trussetning, ei erklæring, ei avgjerande sanning. Ja, ho ligg i botnen for heile den kristne trua. Dei tidlegaste og mest intense vranglærene gjekk nettopp ut på å fornekte at materien og det naturlege livet var godt.

Å fornekte skaparverket, er å fornekte Skaparen. Vi skal ikkje vere redde for kroppen, for seksualiteten, for kulturen, for politikken, for kjenslene, for livet.  Alt kan misbrukast, og det skjer, men det er godt i seg sjølv, som skapt av Gud. Gud stadfester dette ved å bli menneske, ikle seg skapningen, forløyse han og lyfte han opp.

Fornektar vi skaparverket, fornektar vi Kristus, komen i kjøt, oppstoda av lekamen og heile det sakramentale livet i kyrkja.

Skaparen og Frelsaren er den same.

08
Oct
09

officium: tysdag, 27. vike i det allmenne året, 1 Tim 3,1-16 (matutin)

”Løyndomen i vår gudstru er stor” (v 16)

”Gudlegdom” stod det før; fordi det handlar heile det kristne livet, praxis pietatis, det fromme livet. Vi manglar gangbare ord på moderne norsk; ein djup skepsis til det å ver from har sett seg i sinnet og i språket. Den fromme er ein hyklar, ein verdsfjern, ein gjerningsrettferdig. Tilhøvet til Gud blir sett på som anmassande; etikk og moral er nok.

Det fyrsteTimoteusbrevet talar  om gudsmennesket. ”Guds mann” (6,11). Menneske som venskapen med Gud er viktig for. Deira liv har ein løyndom, er eit mysterium: Guds Son, Ordet – inkarnert, eitt med oss, fornedra og opphøgd, trudd og forkynt.

Jesu Kristi person og gjerning er ikkje berre noko utvendig, han er ikkje berre ”Kristus for oss”, han er ”Kristus i oss”. Livet i vårt liv.

03
Oct
09

officium: laurdag, 26.vike i det allmenne året, Fil 4,10-22 (matutin)

”Vår Gud og Far skal ha ære i all æve! Amen!” (v 20)

Ei lovprising, midt inne i ein tekst om praktisk hjelp til apostelen! Det handlar altså om Gud, uansett kva temaet elles er. Ofte blir teologien ei tankemessig framstelling av Guds gjerning som skapar og frelsar; ein bodskap, ei lære.

I den jødiske tradisjonen som Paulus var djupt rotfest i, er Gud meir enn eit ord i våre tekster og talar. Han er alle tings kjelde, heilag, levande, underfull. Han kan ikkje omtalast utan teksten avbryt seg sjølv i tilbeding og velsigning. Teologi og forkynning skal vere doksologisk, breiddfull av lovprising.

Gud er alltid like ved orda våre. Når hans namn blir nemt, må ord og tale lyfte seg i lovsong.

02
Oct
09

officium: fredag, 26.vike i det allmenne året, fil 3,17-4,9 (matutin)

”Gled dykk i Herren alltid!” (v4)

Gleda er ei gåve, men også ei dygd. Ein veg, ei livsinnstilling. Røyndomen er vidare enn vår eiga livsoppleving som kan vere mørk og fortvilande til tider. Skaparverket, evangeliet, Guds rike, Gud sjølv, som er ”større enn vårt hjarta” (1 Joh 3,20); opne augo dine og sjå det!

Alt møter oss. Det vonde og det gode. Spørsmålet er kva vil vil overgje oss til.

02
Oct
09

officium: torsdag, 26. vike i det allmenne året, Fil 3,1-16 (matutin)

”Eg meiner ikkje at eg alt har nått det eller alt er fullkomen, men eg jagar mot det for å gripa det” (v 12)

Denne intense erklæringa som bryt fram frå hjartet til apostelen – kor sjeldan er det ikkje vi høyrer det i våre dagar! Lengten og driven etter det fullkomne, etter det heilage. Vi tenkjer at mennesket må trykkjast med for at nåden skal bli større.

Men nettopp Guds nåde gjev mennesket von og framdrift.  Jantelov, mismod, skepsis, kynisme – kreftene som vil kvele lengten etter Gud i oss, er sterke. Den som vil overvinne dei, må ta sats. Kaste seg framover. La det stå til! Jage! Tøye seg etter det som er framanfor (v 13).

Stagnasjonen er døden.

30
Sep
09

officium: onsdag, 26. vike i det allmenne året, Fil 2,12-30 (matutin)

”Arbeid på dykkar frelse med otte og age” (v 12)

Er ikkje frelsa gratis? Av nåde? Jau, men ei gåve skal takast i mot. Brukast. Elles tek vi henne ikkje på alvor, ei heller gjevaren.

Det er heile tida noko som vil få oss bort frå kallet vårt og frå den vegen som fører til livet og til æveleg frelse. Å kome i mål, går ikkje av seg sjølv.  Framfor alt skal vi oppdage at å gro fastare saman med Gud, er det største og mest fascinerande vi kan ta del i. For mennesket er skapt for Gud.

Både på grunn av det sårbare og riskikable ved prosjektet og på grunn av gleda over  å bli forma av Guds hand skal vi ha den aller største respekt og ærefrykt for kallet vårt.

I det er alt vunne. Utan det er alt tapt.

29
Sep
09

officium: Festen for St Mikael, St Gabriel, St Rafael (Mikkelsmesse), Joh Op 12,1-17 (matutin)

”Mikael og englane hans gjekk til strid mot draken” (v 7)

Mi-ka-el? Kven er som Gud? Det er tydinga av namnet åt erkengelen. Englane speglar Guds vesen og herlegdom. Dei er reine ånder, som han. Dei er bindelekkar mellom himmel og jord, mellom Gud og all skapningen. Dei tilbed (kjerubar og serafar), dei tek del i Guds verdsstyre (troner, makter herredøme, erkeenglar), dei blir sende ut for å tene oss og verne oss (englar, vernenglar); dei er ”ånder som tener Gud” (Hebr 1,14), ja,  alle Guds born har ein engel som alltid ser Faderens åsyn (Matt 18,10).

Gud har skapt, ikkje berre den synlege verda, men òg den usynlege, Han er creator omnia visibilia et invsibilia , “skaparen av alle synlege og usynlege ting” (den nikenske trusvedkjenninga). Dei falne englane, demonane, er alltid på banen (Efes 6,1ff).

Ser vi livet vårt i dette perspektivet?  Samfunnet, kyrkja, kvart menneske, kvar truande – vi er under angrep frå dei vonde åndsmaktene, men vi kan påkalle Guds sterke englar og stå støtt.

For: Mi-ka-el? Kven er som Gud?

28
Sep
09

officium: Måndag, 26. vike i det allmenne året, Filipparane 1,12-26 (matutin)

”For meg er livet Kristus og døden ei vinning” (v 21)

Kven andre enn ein apostel kan ta så sterkt i? Etter møtet ved Damaskus var skiljet mellom død og liv, mellom tida og æva på ein måte borte for Paulus. Kristus fyller romet. Alt er i han, han er i alt.

Døden synest å stengje oss ute frå røyndomen. Men enn om døden er ein del av ein større røyndom? Kan kjærleiken døy? Kan alt det vi reknar for absolutt, det som gjer det menneskelege livet så høgt verde – kan det berre bli borte?

Kristus, Gud og menneske,  er brua mellom det vi ser og det vi anar: Den usynlege verda.

26
Sep
09

officium: laurdag, 25. vike i det allmenne året, Esek 47,1-12(matutin)

”Vatnet dei får, skal renna ut frå heilagdomen” (v 12)

Templet. For profeten og presten Esekiel er det sentrum for Israel, for verda, for livet. Frå heilagdomen fløymer det levande vatn, fløymer det liv frå Gud. Templet. Der Gud rører ved jorda og opnar sine kjelder.

Elvar av liv vatnar trea så dei ber frukt og lauv. Der vatnet slepp til, vert alt liv friskt og fornya. I vår tid har vi oppdaga naturen som eit mysterium og ikkje berre som råstoff. Også naturen vert påverka av moralske og åndelege relaitetar. Utan Gud, døyr verda.  Der kyrkja opnar opp for Guds forløysande kraft, i messa, i bøna, i livet vårt – der rører ho ved alt som er til.

No opplever vi i glimtar og teikn det som ein gong skal kome. Når skapningen vert som eit sakrament. Då skal vi sjå det:  ”Frukta på trea skal vera til mat og blada til lækjedom” (ib.)

24
Sep
09

officium: torsdag, 25. vike i det allmenne året, esek 37,15-28 (matutin)

”Og alle skal dei ha éin og same hyrdingen

Det kløyvde gudsfolket skal samlast, seier Esekiel; Israel og Juda føyast saman igjen. Under éin konge skal dei leve, under Messias- kongen som det den éine hyrdingen for den eine flokken.

Einskap og sanning høyer saman i den bibelske openberriga og i Guds frelsesplan. Det avspeglar Guds einskap, einskapen i skaparverket, einskapen i menneskætta og einskapen i kyrkja.
Nokon søkjer sanning og bryr seg ikkje om einskapen. Andre vil einskap, men tek ikkje sanninga så nøye.

Sanninga er ikkje berre dogmatisk, læremessig. Ho har òg ein etisk og personleg dimensjon.