Archive for the homilia Category

homilia

Posted in homilia on March 24, 2008 by arnfinnharam

PÅSKEDAG, 23/3-08, ST DOMINIKUS KRK, JOH 20, 1-9

Brør og systre! Det er strålande sol denne påskedagen. Men påske er meir enn å forkynne litt vårsol og livslyst. Påske er å forkynne og feire Kristus! Det at han er oppstaden, viser at han er den avgjerande personen i Guds plan med verda, med livet vårt.

Som vi høyrde i den fyrste lesinga, frå den tidlege, apostoliske påskeforkynninga, frå Peters tale i Caesarea:

”Han bød oss å forkynne for folket og vitne at han er den dommer som Guds har satt over levende og døde. Og det er om ham alle profetene vitner at enhver som tror på ham, skal får sine synder tilgitt.” (sit. lektionariet, Apgj 10,42)

Eller i Peters tale i Jerusalem å Pinsedag: ”Så skal heile Israel vite for visst: Denne Jesus som de krossfeste, han har Gud gjort både til Herre og Messias!” (Apgj 2,36)

Eller Paulus på Areopagos: ”Gud har fastett ein dag då vil døma verda med rettferd, og til det har han innsett ein mann. Det har han stadfest for alle ved å reisa han opp frå dei døde!” (Apgj 17,31)

Kristus er historia og universet sitt sentrum! I natt høyrde om vi om Guds store plan: Å gjenopprette heile skaparverket. Påskedagen er ein skapingsdag, eit nytt Genesis, ein ny opphavsdag for livet! Livet som såre godt!

Vi høyrde om plassen der Abraham skulle ofre Isak, der han fekk vite at Gud hadde sett seg ut eit anna offerlam, den plassen som fekk namnet: ”Herren ser”! No veit vi at det er Kristi offerplass på det verkelege Moriaberget, Golgata,dit han vandra den tunge vegen, Via Dolorosa, med krossen, offerveden, på sine skuldre - at det er denne plassen som er ”staden der Herren ser”, ”Pniel”. I Kristus ser Gud oss på ein ny måte. Han ser oss i ly av Kristi offer, der alt er oppgjort, så vi kan seie når vi mottek det i messa: ”Herre, se ikke på våre synder, men på din kirkes tro!”

I natt høyrde vi også om den nye pakta som skulle kome, når Gud stenkar reint vatn på oss så vi vert reine. Dette vatnet er det som saman med blodet flyt fram frå Kristi opne side! Det er vatnet som flyt fram frå templet og fornyar verda; og templet er Jesu Kristi kropp –overgjeven for oss!

Brør og systre, Kristi oppstode, som vi feirar i dag, er difor fullbyrdinga av hans offerliv og hans offerdød: Det han levde, det han sa, det han gjorde, var ikkje fånyttes, det hadde og har evig verd, evig kraft, det går ikkje ut på dato! På Påskedag forkynner vi ikkje berre Jesu oppstode, som ei isolert hending, men nettopp hans død som ein sigersdød, som kjærleiken og forsoninga sin triumf: Difor seier vi også, i messa:

-Troens mysterium: Din død forkynner vi Herre, og din oppstandelse lovpriser vi inntil du kommer! ”

Det er kanskje vanskeleg å fatte dette for menneske i vår tid. Vi ser ikkje livet i dette store, evige perspektivet, sub specie æternitatis. Vi har eit dennesidig perspektiv på liv og død. Vi ser ikkje at det som verkeleg truar livet, helsa, livsgleda, botnar i moralske og åndelege realitetar. Døden er ikkje berre ein naturleg biologisk prosess –den er ei aktiv kraft, ein metafysisk realitet, den siste fienden, den store skuggen over livet og over verda.

Men Jesus Kristus har gått inn i dette, han har teke oppgjeret med dødskreftene, han kan gi oss eit nytt liv, ein ny start – ved det vi og alle omkring oss treng aller mest: Forlatinga for syndene. Forsoninga med Gud, med oss sjølve , med andre!

”Han er oppstanden, store bud!/Min Gud er en forsonet Gud/min himmel er nu åpen”! Min Jesu seiererike død/fordømmelsenes piler brøt /og knuste mørkets våpen!

homilia (preiker)

Posted in homilia on February 10, 2008 by arnfinnharam

1. SUNDAG I FASTE -08, ST DOMINIKUS KRK, MATT 4, 1-11

Brør og systre!

Fastetida har sin bakgrunn i det oldkyrkjelege katekumenatet, opplæringa av dei som skulle døypast Påskenatt. Dei siste vikene, dei førti dagane før påske, var sjølve innspurten av katekumenatet. Særleg stod kampen mot demonen i fokus. Dåpen er jo ei utfriing av fordervsmaktene; synda, døden og djevelen si makt; vi vender om ”frå mørkre til ljos, frå Satans makt til Gud” (Apgj 26, 18). Den nydøypte kjem innn i ein heilt ny livssfære, ein ny relasjon til Gud og menneske, ein ny fellesskap i kyrkja, ein ny status som Guds barn og ein Christifidel, ein Krist-trugen, ein ”faithful”, ein av Kristi trufaste.

Ikkje underleg at Jesu eigen kamp mot demonen, i hans førti dagars fastetid, blir portal-teksten til vår fastetid. Som vi har høyrt i dag. Jesus måtte testast, setjast på prøve – her etter sin dåp i Jordan, no når han skulle ta fatt i si offentlege Messias-gjerning – den lange vegen opp til Jerusalem, til Golgata, til offerstaden.

Også Israelsfolket hadde si fastetid i øydemarka, ikkje i førti dagar, men i førti år – nettopp for å prøvast, for å lære at ”mennesket lever ikkje av brød åleine, men av kvart ord som går ut frå Guds munn” (5 Mos 8,3). Både Guds fyrste tenar, Adam, og Guds folk, Israel, gav etter når det røynte på. Berre Jesus, den nye Adam, Guds tenar, var lydig, ”lydig til døden, døden krossen” (Fil 2,8). Han viste Satan, freistaren, tilbake; han stod til examen, han bestod prøva!

Han viste kva som er mennesket sin adel: At det lever i Gud, av Gud, av tilliten til sin Skapar, av samfunnet med Gud! Det er dette som ligg i orda om at mennesket ikkje lever berre av brød, men av Guds ord. Vi er ein einskap av kropp og sjel, og både kropp og sjel vert haldne oppe av Guds ord, det ord han har lagt inn i sjølve skaparverket, det ordet som talar til oss i Skriftene, i heile kyrkja si overlevering og forkynning.

Difor seier salmen: ”No jublar kropp og sjel mot den levande Gud!” (sal 84). Demonens, Satans, prosjekt er å få mennesket bort frå Gud, bort frå han som er kjelda til livet. Han vil ha oss til å ta i mot og nyte alle Guds gåver – som vi høyrer i evangeliet: Føda for kroppen, maten, Guds vern mot skade og fåre, forvaltinga av skaparverket, ”alle verdens riker, i all deres herlighet” – han vil ha oss til å innta dette, men samtidig forkaste Gud, gjevaren, skaparen!

Vårt samfunn er, iallefall i si offentlege framtoning,i høg grad prega av at folk ikkje lenger trur på Gud og på hans ord. Mange har kome bort frå- eller har brote tydeleg og klårt med sin Skapar. Det er ingen grunn til ikkje å seie det som det er. Prestar og biskopar og andre i leiarposisjon har lett for å bli profesjonelle optimistar og skjønnmålarar, ein er avhengig av ei lys og festleg stemning for at firmaet skal rulle og gå.

Men den verkelege optimismen, den verkelege vona og trua på framtida, ligg i å våge å sjå sanninga i augo. Våge å sjå rett på demonen, våge å konfrontere han og seie:- ”Bort fra meg, Satan!” - Vik bort frå mennesket, vik bort frå alle plassar der menneska ferdast og lever. Det verkelege motet, frimodet, er å våge å seie til menneska, til høg og lav: ”Det er Herren, din Gud, du skal hylde, og ham alene skal du tjene” (sit. dagens evangelielesing)!

Djevelen– det er det greske ordet diabolos – han som skiljer frå kvarandre det som høyrer saman. Han er splittaren som skiljer Gud og mennesket frå kvarandre.

Det verste du kan gjere mot mennesket, er å skilje det frå skaparen sin, rive det bort frå Gud, få det til å tru at det berre er ein tilfeldig utvikla celle-masse. Når det verkeleg set seg som eit nytt medvit, ei ny livskjensle – då er det natt over mennesket. Over det menneskelege.

Jesus, Den sterkare, splittar dette mørkret, og seier med sin eksousia, sitt fullmaktsord, til alle menneske, også til det norske mennesket: - Ditt kall, ditt verd, di ære er å hylle Gud! Difor: bryt demonens makt, avvis han og sei:

-Å Herre, løys mi tunge, så min munn kan forkynna din pris!

homilia (preiker)

Posted in homilia on January 1, 2008 by arnfinnharam

nyttårsdagen er høgtida for Maria, Guds Mor - og for han som vart “fødd av ei kvinne, fødd under Lova”; som etter Lova vart omskoren den åttande dagen (oktaven) og fekk frelsarnamnet: Jesus. Dagens preike i St Dominikus krk:

NYTTÅRSDAG, ST DOMINIKUS KRK, LUK 2, 16-21

Brør og systre! I jula har vi feira ”Ordet som vart kjøt” (menneske) og tok bustad mellom oss” (Joh 1,14). Kva slags kjøt, kva slags menneskenatur var det han tok på seg? –Det var den som Maria gav han. Ho var den bustaden han tok inn i, det ‘tabernaklet’ som hyste han. Han vart avvist av folket, av dei mektige, det var ikkje plass for han i herberget – bortsett frå i Marias kropp og hjarte. Ho stilte seg til Guds disposisjon. Ho sa: -Ecce, ancilla Domini! -Sjå, eg er Herrens tenarinne!

Slik vart ho den nye Eva, mor åt alle menneske: ho er den sanne ”moder Jord” – den gode jorda, det gode, fruktbare jordsmonnet, den kontemplative, mottakande jorda – som ”høyrer”, som ”grunnar på ordet”, som “gøymer det i hjarta sitt”, som gjev det tid og plass, så det kan fødast, så det kan vekse. Read more »