Arkiv for kategorien 'diversa'

31
Jul
09

Til lesaren: Kommenter gjerne!

Etter statistikken å døme, har visst denne enkle bloggen mange lesarar og brukarar. Det er fint. Meninga er at han ikkje skal vere for vidløftig i form og utstyr, men ha så bra innhald som mogeleg.

For vel eit år sidan var det ein del ivrige debattar og kommenteringar på bloggsidene. På eit tidspunkt måtte eg vere litt ordstyrar og setje litt grenser. Kanskje gjorde det at folk var litt for stille av seg? Kanskje ville det vere bra om fleire av dei som les bloggen, gjev seg til kjenne med tankar om tinga? Sjølvsagt er det mogeleg å berre bruke bloggen som “lectio”, som lesnad til eigen ettertanke. Eit litt fordjupande og kontemplativt preg syns eg det er bruk for i den litt rastlause og spragla bloggverda. Men: Skriv gjerne kommentarar og tankar som du vil dele med andre – og med meg. Gjerne kort og greitt. Kom igjen :)

27
Sep
08

takk!….

til alle som både her på bloggen (i kommentarane) og elles har kome med helsing og gratulasjonar i høve fødselsdagen den 25.september! Takk for gode ord og tankar! Takk, ikkje minst, til dei som skipa til seminaret laurdag den 20., med føredrag av Asbjørn Aarnes, sr Anne Bente Hadland OP og Liv Bliksrud! Takk også for skriftet dei redigerte og takk til alle som har skrive der! Det var heilt uventa.. Som alt det beste i livet… Takk til alle!

Dykkar fr Arnfinn Andreas

24
Nov
07

introitus (om denne bloggen)…

Denne bloggen har no halde på vel ein månad – og har alt hatt om lag 15000 treff. Som du har sett, har bloggen ulike spaltar /overskrifter; éin med ein meditativ/teologisk (spiritualitet) tekst: ‘Officium’, og éin med synspunkt og kommentarar (aktualitet): ‘Nota bene’. I ‘Carpe diem (grip dagen) får du vite litt om kva eg held på meg og kvar eg er (!). Av og til legg eg ut ei preike under ‘Homilia’. Etterkvart legg eg ut fleire ‘tekstar’ og ‘artiklar’ som gjerne har stått publiserte i andre media. Kommentarar til dette stoffet passar sjølsagt best under den kategorien. Fylg med! Kommenter gjerne!

The black Pa(n)ter




kategoriar