Archive for the carpe diem Category

carpe diem…

Posted in carpe diem on July 3, 2008 by arnfinnharam

SIGNINGSFERD!

For ein dag og for ei reise! Starta togturen frå Oslo S kl 0807. Ut-rulla løpar av godver, mørkegrøne barskogar og ljosegrøne lauvskogar, irrgrøne enger og åkrar, tindrande ljos over Mjøsa, Gudbrandsdalen, kongedal i kongeprakt; Romsdalen, gotisk svimlande, så fjordlandet ved Åndalsnes og ved Storfjorden etter eit lyft over Trollstigen og ned Valldalen! Ferja, opp på dekk – meir snø i fjella rundt fjorden enn vanleg for årstida, ser eg. Sjølukta her eg har plassert meg på kaikanten på Stranda for å melde dette… Vakrare kunne det aldri ha vore!

Etter å ha fylgt landjorda på skinner og vegar frå Roma, via Milano, til Lyon, opp til Strasbourg og Tyskland opp på langs, over Øresund og opp opp opp i Vika! Gled meg til i morgon, då skal eg utover til Ytre Søre Sunnmøre. Når eg kjem tilbake derfrå, er det rett opp i fjellet! God willing. Konge i mitt rike! Eller rett og slett berre ei barnsleg glede over endeleg å vere HER!

carpe diem…

Posted in carpe diem on June 30, 2008 by arnfinnharam

“WENN JEMAND EINE REISE TUT…

dann kann er was erzählen”.. Seier det slik i dag, sidan eg er komen til Hamburg. På ein litt modernistisk benk på Gertrudenkirchhof, ikkje langt frå Hauptbahnhof. Kom inn med natt-toget frå Offenburg for ein times tid sidan. Sov godt, i Sitzwagen. Som sagt; orden på sakene i Deutsche Bahn; presis på minuttet kom vi til stasjonenen her. Vidare klokka 1328 (litt vetettid på rimlege Internett-billetar), til Køpenhamn.

I går kom eg altså til Strasbourg - men måtte leggje om planane; vanskeleg å plassere bagasjen på stasjonen og den stor baggen med bøkene mm var for tung å drasse fram og tilbake til klosteret (der eg var novise i si tid). Så eg tok neste tog rett over grensa til Offenburg der natt-toget skulle ta meg på seinare. Ein triveleg liten by, som visst nok var ein tysk fristad (som Hamburg) i tidlegare tider. Jarnvegutbyggjing på slutten av 1800-talet gjorde at folketalet eksploderte. No er jarnvegsysystemet rasjonalisert så byen er blitt ein ganske søvning stasjonsby (med litt høgskular etc) i Baden Wûrtemberg. Bak oss: Schwarzwalds mørke skogåsar; bortanfor, på den andre sida av Rihnen og den breie, alsassiske (elsassiske, på tysk) sletta, ligg det låge fjellmassivet “Les Voges”, også skogkledd - med gamle borger og kloster. Ein gong, i novisiatet, gjekk eg i solsteik og til fots over sletta, med maisåkrar og vinmarker og landsbyar med ei svær kyrkje i sentrum - opp til den gamle heilagstaden Mont St Odile

Men no (i går): i Offenburg. Ser to store kyrkjetårn og tenkjer at eg skal gå dit og sjå om det er kveldsmesse, sidan eg miste messa i Strasbourg. På vegen dit passerte eg den evangeliske kyrkja. Stengt. Så kom eg forbi den gamle bykyrkja; Heiligen Kreuz, frå 16-1700-talet. Svært vakker, moderat barokk. Open. Utanfor fann eg informasjon som synte meg at kveldsmessa ikkje er her, men i den “nye” soknekyrkja Dreifaltigkeitkirche, den med dei to tårna. Eg går dit og får sett byen og på vegen. Klassisk tysk (eller rett og slett: europeisk-) småby, med torg, rådhus, eit mellomaldersk hospital (St Andreas!), kroer og kafear - og kyrkjer. “Dreifaltigkeitkircche” er stor, frå 1908, vakker utsmykka. Det er ope, ein time til messa. Litt folk ut og inn; og ei eldre kvinne helsar på meg og blir glad over å treffe ein norsk dominikanar på farten. Eg seier at eg gjerne vil konselebrere i messa - og ho tilkallar kyrkjetenaren som presenterer meg for kapellanen, p Christian, i sakristiet. Før eg veit ordet av det, togar vi inn, med fire små ministrantar, med orgelspel så ein skulle tru ein var i luthersk kyrkje, med tyske koralar og det heile! Så feirar vi Peter og Paulus (deira fest, den 29. juni, som kjent). Rart å stå der; til altaret, rett frå toget, på ein plass eg aldri har vore før. Dette er Kyrkja.

Etterpå inviterer den eldre dama meg med; fyrst innom ein MacDonald og eit par hamburgarar, så til eit slags ope eldresenter, like ved den gamle kyrkja (drive av det katolske Caritas) - der bur ho. Det synte seg at huset også vender mot torget - som no var blitt sprengfullt av folk, mange tusen tyske fotballpatriotar, med gul-svart-raude flagg både måla på kjakane og viftande i lufta. Her er det nemleg storskjermframsyning av Tyskland- Spania-kampen - med orkesterplass i andre etasje på eldresenteret! Der traff eg også ein pensjonert katolsk sokneprest som heia ivrig på Tyskland, utan at det hjalp, for Spania vann, som kjent. Massane tok det tålegt bra og alt såg ut til å ende godt, skjønt litt vemodig. Han velsigna meg før eg gjekk til stasjonen, i 23-tida.

Den eldre kvinna, Frau X, fortalde meg mykje om kyrkjelivet i bispedømet Freiburg (im Breisgau), om masse folk i Freibürger Münster (domkyrkja der; Freiburg ligg nokre mil lenger sør) tidlegare i dag, den årlege (ellr noko slikt) “kyrkjedagen”, med messe, føredrag, samtalegrupper, ungdomssamlingar osv. Og ho fortalde om bønegrupper i Karlsruhe; vanlege menneske som har fått ein ny glød både i bøn og i tru. Ting skjer i Tyskland.

No skal eg sjå meg litt rundt her i Hansa-byen; så nært, i grunn, for ein nordmann og ein tidlegare Bergens-buar. Nordsjøkulturen. Kjenner at eg er lenger nord. Friskare luft, meir drift i skyene. Nydleg. “Nord-vegen” opnar seg.

PS Liten korreksjon til gårsdagens “carpe diem”: Togreisa frå Lyon går berre så vidt opp i Bourgogne, i staden går ho nok så raskt opp i Franche-Comté; eit vakkert landskap i utkanten av Jura-fjella, mot den sveitsiske grensa. Eg blanda litt saman med bilvegen som går opp til Macon, Baume og Dijon.

carpe diem…

Posted in carpe diem on June 29, 2008 by arnfinnharam

FRÅ LYON WITH LOVE

Sit utanfor stasjonen “Part Dieu” i Lyon… Dagane her saman med mine medbrør er ferdige, no går toget mitt vidare til Strasbourg. Folkelivet utnfor ein storbystasjon er mangfaldig; sigøynarmusikk og ein einsam kar som plukkar opp ein brukt sneip; redda morgonrøyken i dag også.Det er jo sundag. Folk kjem bort og slår av ein prat…

Eigentleg er billetten min frå den andre stasjonen, Perrache, men den ligg lenger unna og det er bale å kome seg dit med den tunge baggen, bøker og ymse; eg har vore i Roma nesten eit halvår og då blir det litt meir å drasse på. Men i fylgje infotavla i stasjonshallen skal toget stoppe her også, så eg satsar på det. Det blir ein fin togtur, med vidaugsplass, på toget oppgjenniom Bourgogne, forbi Besancon, Belfort, Mulhouse, Colmar til Strasbourg. Vel framme, skal eg gå til klosteret vårt der og delta i sundagsmessa på kvelden, så over til Offenburg på den andre sida av grensa, som er Rihnen, og på natt-toget til Hamburg. Billettane er rimlegare viss du reiser frå Offenburg og ikkje frå Strasbourg. Orden på sakene i Deutsche Bahn!

Vel, eg skal fortelje litt til frå dominikanarmøtet her i Lyon, men det må bli seinare. No må eg passe på å nå toget. Det går alltid eit tog, men ikkje som eg har billett til.. Lyon; À Dieu!

carpe diem…

Posted in carpe diem on June 27, 2008 by arnfinnharam

ROMA, MILANO - LYON!

Eg er komen til Lyon. I går gjekk det raskt med toget oppover det italienske ”støvleskafte”, gjennom Appeninane og ut på den vide Posletta. I Milano var det togskifte; ein enorm stasjonsbygning, i ei blanding av jugendstil og eit slags nyfascismen; ein verkeleg jarnnvegskatedral. Eg stakk innom kapellet som var let tilgjengeleg – med messetider og med folk som var innom og ba undervegs. På den eine veggen: eit bilete av dei reisande sin vernehelgen, St Kristoffer (Christoforos = Kristusberaren); han som etter forteljinga bar Jesusbarnet på skuldrane over ei elv. På den andre veggen, ein inskripsjon: -Lat dykk forlike med Gud! ( 2 Kor 5)

Vi kom til Torino, og så barst det opp Alpane; nydeleg å sjå vaksne tre; furer, bjørker, høg lauvskog. Elva i dalboten var grå av sand i strie straumar. Hugsar det same frå ein sommar eg var i eit lite kloster på den andre sida, i Boscodon; fjellet er laust her og vert lett vaska ut. På den franske sida kom vi etterkvart til ”hovudstaden” for det franske alpindistriket Savoy; Chambery. Svært vakkert; eit slags Voss i kjempeformat. På baksida av fjellmassiva her, ligg det kjende eremittklosteret La Grande Chartreuse. Kartusianarmunkane sitt moderkloster.

Så ned på nye slettar, men meir bylgjande og grøne enn Posletta. Solnedgang over Rohn-landet. Eg gjekk av på stasjonen ved flyplassen og tok buss inn til Lyon sentrum. Omsider kom eg meg til dominikanarklosteret Saint Nom de Jesus (Jesu heilage Namn); eit vakkert, klassisk klosteranlegg frå ordenen sin ny grunnleggjing etter Revolusjonen, godt ut på 1800-talet. Eg fekk gjesterom i eit leigekompleks som kommuniteten har like inn til klosteret. Heilt Ok.

I dag, fredag, kom fr Haavar og fr Per Erik ned frå Lille, dei er våre to norske studentbrør der – og vi hadde ein triveleg tur på byen; over dei to elvane som møtest i Lyon, inn i gamlebyen og til den vakre katedralen. Lyon er faktisk setet for le Primat des Gaulles – primas for den franske katolske kyrkja residerer her. Lyon er ein by med djupe katolske røter heilt frå oldtida. Det var ein viktig romersk by i provinsen Gallia, og her var kyrkjefaderen Ireneus biskop; han som skreiv skriftet ”Mot heretikarane”; i dette tilfellet: gnostikarane, som ikkje ville vite av det kroppslege i Jesu liv og gjerning; og dermed går frelsa i vasken, sa Ireneus. For ” berre det han (Kristus) har teke på seg, kan han frelse”. Inkarnasjonen, forsoninga, oppstoda, sakramenta – alt dette stod på spel.

Det er også Irenus som har sagt (og Grundtvig siterer han): ”Menneske fyrst, kristen så”.

Lyon er altså ikkje kvar som helst. Eg blir her til sundags morgon.

carpe diem…

Posted in carpe diem on June 26, 2008 by arnfinnharam

toget går frå Roma Termini om ein time, men lat meg fyrst gje fylgjande oversikt over sakene:

Her i Roma, ved ‘Angerlicum’ har eg altså gjort det som trengs for den kanoniske (katolske) Lisensiatsgraden i teologi, særleg ved å skrive avhandlinga:

“Romantic Newman. The impact on Newman’s theological visíon of ‘the higher philosophy’ of the Romantics”

Avhandling skal forsvarast her i Roma den 9. oktober.

Samtidig har eg m.a. gjennomført seminar for doktorandar, med sikte på å kunne fullføre den kanoniske Doktorgraden på temaet:

” ‘The world unseen’ - in Newman and Grundtvig, with special reference to the Eucharist.”

Arbeidet vidare med dette skjer med base i Oslo. Om liv og helse held.

Sommaren vidare blir slik, Deo volente:

27-28/6: Provinsialdagar i Lyon
29/6-1/7: Reise (tog): Lyon, Strasbourg, Hamburg, Køpenhamn/Malmø, Oslo.
2/7: Oslo, St Dominikus.

3/7 - 1/8: Sunnmøre; både fritid og ein del oppdrag. Meir om det, kanskje. Base: 6200 Stranda.

2/8: > Vanleg teneste, St Dominikus, Oslo.

Prøver å sjekke blogg undervegs i sommar, men det blir som ettersom det klaffar.

GOD SOMMAR! :)

carpe diem…

Posted in carpe diem on June 25, 2008 by arnfinnharam

SISTE KVELD I ROMA -FOR DENNE GONGEN; FERDA GÅR VIDARE

Om eg ikkje “har børi ved”, så har eg i alle fall “vaska gølvet” i cella som har vore heimen min sidan februar. Ein god heim, med stort utsyn, med brei glaskarm, med tjukke, kvite vegger, med kaldt vatn - som eg skulle ynskt var kaldare enn det er akkurat no. Dei 36 plussgradene uttadørs i dag lunkar på vassforsyningane. Det har vore fred her; englar, trur eg.

Og det gamle svære klosteret, SS Dominkus og Sixtus, med sine fire, fem meter under alle tak, steingolv og kjempebjelkar under taka - heavy! - med sin vakre søylegang og ein paradisisk fred med ein gong du kjem inn frå den buldrande Via Nazionale og høyrer fontena sildre midt i klostergarden. Det er stille her no - når alle studentane etterkvart er borte på ferie. Dei tilhøyrer ikkje klosteret (berre nokre av dei, som er dominikanarar), men er lekfolk, seminaristar, prestar, systre av alle slag, frå alle verdsdelar, i alle slags drakter, med ulikt språk og ulik hud, men med same tru. Den katolske kyrkja, rett og slett.

I føremiddag gjekk eg ei fyrst opp til Maria Maggiore (Den store Mariakyrkja), så bort den lange boulevarden til Lateranet - og vidare ned til Cisterciensarane sitt kloster med den stor baslikaen Santa Croce in Gerusalemme. Der er eit kapell med relikvien av Jesu kross, som Konstantins mor, Helena, etter tradisjonen fekk henta til Roma. “Ved treet fall vi, ved treet vart vi frelste”, stod det på ein inskripsjon ute i kapellet. Det var så stille der.

Men det eg skulle fortelje, var noko anna, noko uventa. Det var eit anna rom i tilknyting til kyrkjekomplekset - for ei lita jente, Antonietta Meo (1930-37), ikkje helgen- eller sælekåra endå, berre “føreslått” (postulert), så vidt eg skjønar. Skal sjekke det. Eg visste ikkje noko om henne før eg gjekk meg fram på dette kapellet eller minnerommet i dag. Ho levde her i grannelaget, dette var soknekyrkja hennar. Ho fekk ein alvorleg sjukdom og døydde berre seks-sju år gamal. Ho lærde å skrive; skreiv brev til Jesus. Gud var nær henne, det kunne merkast, sa folk.

Eg merka det no også. Plutseleg. At ho ba for meg, der ho er i Guds nærleik. Eit barn. Borna skjønar nesten alt, utan vidare. Og eit barn er nærare alt det som sette forteikna av godt og vondt då du sjølv var i same alderen. Når nokon greier å ta deg med dit - ikkje som konkrete minne, kanskje; berre at du er der - då blir du trygg. Opna. Eg kan ikkje forklare det betre. Eg veit berre at dette barnet ba for meg. Saman med meg. Også for alt det andre og alle dei andre eg gjerne ville be for. Noko lett. Stille og alvorleg. Sakleg. Ei lita jente i Roma. Nær Gud. Skjønar de meg?

I morgon går toget til Lyon. Dominikanrarane i Skandinavia høyrer til den franske provinsen - som har sine “Provinsialdagar” der i år. Etter planene treff eg mine medbrør fr Jon Atle og fr Gérard Marie frå Oslo og fr Haavar Simon, som er ved vårt studiekloster i Lille. Sundag reiser eg vidare, heimover. Skal meddele oversyn over sommarprogrammet seinare. Elles, som vanleg: sjekk interessante diskusjonar i kommentarane. Og så får eg sjå kor godt eg greier å blogge på reisa. Det er eit spørsmål om straum og nett-tilgang.

Vale, vale, Roma!

carpe diem..

Posted in carpe diem on June 19, 2008 by arnfinnharam

FIRENZE HER!

Tru det eller ei, men dette blir tasta og posta på ein liten Trattoria (”Za Za”) på Piazza dei Mercato Centrale, i Firenze. Litt turisme no på tampen av Roma-tida; faktisk er eg send hit i dag av ein norsk vikeavis for å skrive noko herfrå. Det kjem, samlar inntrykka i dag.. Det blir om Savonarola og Michelangelo og om Donatellos profetskulptur: Habakkuk.

Altså gjekk eg i dag rett frå toget til det andre store dominikanarklosteret her, Santa Maria Novella- masse kjend kunst med dominikanske motiv-og så rett i muset for katedralen, il Duomo. Museet er rett og slett basert på dei gamle verkstadane for konstruksjon og utsmykking av domen. Utanfor her laga Michelangelo sin David-skulptur, og her arbeidde også Donatello. Eg fann snart Michelangelos Pietà, som eg syns er vakrare enn den i Peterskyrkja; kunstaren har lagt sine eigne drag inn i ein av figurane i skulptur gruppa. Dei syrgjande si liding, den døde Kristus i overgjeven fred. Ein fred Michelangelo lengta etter, kjempa for, kjempa med.

Eg skimta Donatellos Habakkuk i eit av romma då eg passerte ei dør; våga ikkje å gå rett inn, rett på. Men eg nærma meg, sky, som gjennom ein labyrint av rom og forbi andre skulpturar; gamaltestamentlege kongar og Gudsmenn, syngjande born og englar - og så ser eg opp; opp på denne skulpturen som Donatello visst nok skal ha brukt ein sjuk mann i Firenze som modell til.

Den plaga kroppen, så sterk, likvel, den opne munnen, så vant med å rope: -”Kor lenge skal eg ropa, Herre, utan at du gjev meg svar?” (Hab 1). Berre ein kropp og ei røyst. Heilt i Gud.

Firenze har hatt rikkdom, både kulturelt og materielt, men også dette alvoret, denne sansen for at det vakre forpliktar…. Ja, kanskje er det det det handlar om her. At det vakre forpliktar. No må eg betale og rusle vidare. Har kjøpt eit par bra bøker om byen. Tog-lesnad. Om ein by i Toscana, ein by for heile verda.

På gjenblogg!

carpe diem…

Posted in carpe diem on June 19, 2008 by arnfinnharam

Varmen er komen til Roma for denne sommaren, trur eg - etter ein vår og forsommar med svært skiftande verlag. No, i morgontimane, ligg den blå disen over fjella rundt byen. Det blir ein heit dag, som i går. Vindauga i cella står på vidt gap - og eg høyrde nettopp kyrkjeklokkene frå ei av kyrkjene på andre sida av Forum Romanum. Ein del av det romerske lydbiletet - som evindelege sirener og alarmar og bilhorn; av politibilar, ambulansar, diplomatar og politikrarar som skal raskt fram (trur eg) og kva dei elles kan finne på som lagar mykje og sterk lyd. Tut, tut, Italia!

Lyd har, like mykje som arkitektur og kunst, ei sterk kulturell symbolkraft. Når eg let att augo, høyrdest klokka frå den romerske kyrkja ut akkurat som kyrkjeklokka på Stranda. Det seier, raskt og tydeleg, noko om kulturell fellesskap. Klokkeklangen legg sitt lydteppe over pinjene her likesåvel som over bjørkeskogen på Sunnmøre. Vi er under same kvelven.

Noreg var aldri ein del av Romar-riket, men det har i tusen år vore ein del av Kristendomen (”kristenheten”). Kankje er det berre klangen att?

carpe diem…

Posted in carpe diem on June 10, 2008 by arnfinnharam

ROMA-INNSPURT; BLOGG SLOW DOWN EI STUND

Varmt i Roma også no… og innspurt for meg og universitetsgreiene her. Så det blir litt meir uregelmessig blogging innimellom. Les forresten kommentarane frå andre - og evt mine svar; på siste “nota bene”, t d. I dag, tysdag, har eg vore i Firenze - så kanskje blir det litt å fortelje derfrå seinare/snart.
Pax et bonum!

Carpe diem…

Posted in carpe diem on June 4, 2008 by arnfinnharam

I dag måtte eg ta buss - det vil seie; eg måtte gå på mine eigne føter store deler av bussruta. Det kom nemleg ingen buss på haldeplassen bak Colosseum. Og informasjon til evt passasjerar var det ikkje å sjå. Derimot var det ein masse politifolk litt lenger borte i vegkrysset ved Circus Maximus, og det var forklåringa: Gatene var avstengde p g a FAO -møtet med stats-sjefar frå heile verda samla i Roma. Så då skjøna eg også kvifor fleire helikopter (luft-slåarar) har sirkla over sentrum - og over klosteret! - i to dagar og tyrannisert oss alle med støy. Overvaking, security..

Italienarane likar “performance”, lage lyd og køyre helikopter, køyre politibilar og ditto motorsyklar med fulle sirener, og opptre i alskens uniformar; for Carabinieri (dei tøffaste; det militært ordna politiet; “gutta”), Polizia (litt slappare, men med glans i skopussen..) og Polizia Munizipale (som er ei kryssing av lensmanns-etaten, trafikkpolitiet og parkeringsvaktene - eller noko i den dur..). Overalt og i store mengder; men snille og ikkje særleg fascistiske på nært hald. Berre kjekt å sjå litt barske ut.

Vel; eg kom fram.