” Kva for bøn kan vel vere i Anden om ikkje den som Kristus gav oss, han som sende oss Den heilage ande?”
Kyprian er heilt framand for den vanlege tanken, at å be med faste ord, er det motsette av å be “i Anden”, eller “i ånd og sanning”. Inga bøn kan vere meir åndeleg, meir i samsvar med Guds vilje enn Herrens eiga bøn, Fadervår. Mange tenkjer at ho berre er tenkt som eit slags mønster, ein modell, og at vi er uavhengige – ja, skal vere det – av sjølve den konkrete ordlyden.
Då må vi hugse at Fadervår nettopp har vore overlevert og brukt som ei levande og verkeleg bøn lenge før ho var nedskriven i Det nye testamentet. På same måte som dåpen og nattverden og sjølve trusregelen, kimen til trusvedkjenninga.
Fadervår er kjernen i kyrkja si offisielle bøn, messa og tidebønene, og gjev oss grunnorda i all kristen bøn.
Alle bønene med konkrete ord er noko av det fine ved katolsk tru synes eg, og det ordlause kring dei. Som “utanfråkomande” forstår eg elles ikkje kva å be “i ånd og sanning” skulle bety?
Ut i frå det du seier er det løye at Fader vår ikkje kan stå utan innslag av ekstra bøn i katolsk messeliturgi. Står ikkje Fader vår frå Matt.6 godt nok åleine? Less is more.
Poenget er nettopp at Fadervår i liturgien ikkje er “avskrift” av NT, men har levd sitt eige liv “från början”; i den liturgiske overleveringa. Dessutan: også i NT finnst det fleire variantar av Herrens bøn, og den avsluttande doxologien (“For riket er ditt…”) er ikkje alltid med. Sjølve bøna “Fadervår” sluttar altså med: “Frels oss frå det vonde”.
Bønene “Fri oss Herre, frå alt vondt, og gje oss fred i våre dagar…”osv, er altså ikkje ein del av Fadervår, men bøner i forlenginga av denne.
Det er Matteus-versjonen som er den vanlege, og den står best åleine. Eg er av dei som skvett litt til når denne ekstra bøna dykkar kjem før avslutninga. Frels oss frå det vonde. Det vonde = alt vondt. Men så rommar bøna også det særskilt vonde. For meg er det så enkelt og så tydeleg.
‘… grunnorda i all kristen bøn.’ Det kan ikkje seiast betre.
Jo, men Herrens bøn i messa er ein sjølvstendig versjon. Bøna har levd i liturgien frå f ø r NT, og er nedfelt i liturgien, som ho er det i NT. Liturgien er ikkje laga på basis av NT; det er heller omvendt, historisk sett.
Javel
Eg veit ikkje kor gamal liturgien dykkar, i si noverande form, er. Eg likar i alle høve ikkje at ikkje Fader vår kan stå som i Matt 6. Men eg er jo ikkje katolikk heller…
Eg er redd at liturgien i dei katolske og ortodokse kyrkjene er svært gamal, like gamal – om ikkje i alle detaljar – som Det nye testamentet.