Det regnar tett og mjukt her i Stavanger. Kom i ettermiddag med toget frå hovudstaden. Sol og fint på Sørlandsbanen, heile vegen til vi kom til Egersund, då tjukna det til. Snø var det ikkje å sjå frå Kvinesdal og vestover, så her er det grønt og vårleg, og dei fyrste krokussane er observerte. Og i morgon er det meldt sol. Vestlendingen i meg har det bra slik.
Er her for å tale (!). Fyrst fasteretrett med føredrag og messer/preiker frå og med i morgon til og med sundag høgmesse; så Katolsk Forum sundag kveld. Tog til Oslo måndag føremiddag.
I går kveld var det Oskeonsdag-messe i St Dominikus krk (sjå utlagd preike) – og kyrkja var full som aldri før. Stappa. Mange unge. Mange leitar etter eit nytt veggrep i livet sitt, både truande med lang røynsle, og andre. Alle som ville, kom fram og mottok oskekrossen i panna; ein lang prosesjon… Andlet til andlet med Gud.
0 Svar til “carpe diem: i st svithuns by”