“Slik er vårt liv: Å øva oss i lengsel”.
Uforliknelege Augustin; ein bror, ein ven, ein velkjend med mennesket til alle tider, ikkje minst det moderne mennesket, sjølv etter 1600 år! Å vere menneske er å lengte. Smerten høyrer med, elles var det ikkje lengt. Men lengten er eit teikn på noko positvt, på vår kapasitet som menneske. Lengten er ei rørsle mot det fullkome og fullbyrda, det endelege, det tilferdstillande. Augustin meiner at all lengt kjem til ro fyrst når vi når Gud. Mennesket kan berre tilfredsstillast av Gud, sin Skapar.
All anna lenngt kan vere ein veg mot Gud, for det er han som har lagt lengslene ned i oss. Men det kan også bli ei stengsle for Gud, dersom vi nøyer oss med erstatningar for Gud. Venleik, ideal, kjærleik, drifter – det er gode lengsler, men det må alltid vere noko i dei som fører oss vidare. Lausrivne frå Gud, endar dei som “kjærleik til verda”, som godar tekne ut av sin samanheng og heilskap.
Lat oss ikkje fornekte våre lengsler, men lat dei opne oss mot Gud!
0 Svar til “officium: fredag, 6. vike i det allmenne året, frå den hl Augustins “Traktatar over 1 Joh brev”(matutin)”