“Når du sit, skal du tala med deg sjølv som ein som dømer seg sjølv. På vegen skal du tala, slik at du aldri kastar bort tida. På vegen talar du dersom du talar i Kristus, for Kristus er vegen”.
Ambrosius underviser om den indre, meditative samtalen eller dialogen med Gud. Ein dialog som også alltid er med deg sjølv, ei indre rådslagning. I det daglege, når vi går, når vi er opptekne med våre gjeremål og i ledige stunder. Ambrosius nyttar den bibelske vendinga for å meditere: Å grunne på. Som nettopp er ei indre utveksling av tankar, som skaper ‘mellomrom’ og ljos mellom orda slik at noko opnar seg vidare.
Når du fører ein slik roleg og kontinuereleg samtale med deg sjølv og med Gud, held du opne dørene i sinnet ditt.
Yezz
God dag på deg!
Marieklem