” ’Visdomen bygde seg eit hus’ (Ordt 9,1). Gud Faderens kraft, som kviler i seg sjølv [visdomen], stelte til sin eigen bustad, nemleg heile universet der den bur og verkar, og mennesket som er samansett både av ein synleg og ein usynleg natur, skapt som det er i Guds bilete og likskap”.
Gud bur i skaparverket, sjølv om har er annleis og heva over det. Særleg i mennesket, hans bilete. Mennesket står midt i skaparverket, seier den hl Albert den store, mellom Gud og resten av skapningen. Det er både eitt med den animalske naturen og eitt med Gud. Det har noko av den himmelske, usynlege verda i seg, det tilhøyrer også den åndelege røyndomen. Alt dette blir forløyst og fullenda i Kristus, skada som det er av synda.
Eit menneskesyn som underslår dette, vil føre eller seinare redusere det menneskeverdet vi har lagt til grunn i vår kultur.
0 Svar til “officium: onsdag, 6. vike i det allmenne året, frå ‘Kommentar til Ordtøka’, av Prokopios, biskop av Gaza (matutin)”