“Medan eg tala, vaks kreftene, og heilt uventa heldt eg ei lang preike, som vanleg…”
Førestellinga om at katolske preiker alltid skal vere korte og lette, er ein seig myte. Biskop Eystein syner seg her som ein verkeleg biskop, ein medlem i den eigentlege ordo prædicatorum, episkopatet. Ein biskop er – som etterfylgjar av apostlane - nettopp ein predikant. Eystein var også ein sterk representant for den kyrkjelege fornyingsrørsla på 1100-talet og framover, Libertas Ecclesiæ, gregorianismen. Den norske katolske kyrkja fekk ein høg profil i og med oppretting av erkesetet i Nidaros.
Episoden det her er vist til, er biskopens fall frå eit byggestilas på domkyrkja, sjølve Olsokdagen. På den heilage Olav konges forbøn blei han lækt frå skadene; fyrst så pass at han kunne kreke seg med i prosesjonen og messa og halde si preike, og så gradvis bli betre til han blei heilt frisk.
0 Svar til “officium: 26. jan, den hl Eystein, erkebiskop av Nidaros (+1188), frå ‘Passio Olavi’ (matutin)”