“Offer er altså ikkje i seg sjølve blitt avskaffa, offer fanst det den gongen, offer finst det no; Israel-folket bar fram offer, kyrkja likeeins”.
Ireneus siktar til evkaristien (nattverden, messa) -som på ein heilt sjølsagd måte blei kalla ‘offer’ frå tidleg kristen tid. Fordi ‘evkaristi’ nettopp er ei ‘takkseiing’, framboren til Gud, ei ‘velsigning’ av Gud, etter jødisk førebilete og terminologi. ‘Evkaristi’ var noko ein ‘gjorde’, ei liturgisk handling, samstundes som ein kalla sjølve nattverdgåvene, Kristi kropp og blod, for ‘evkaristi’. Brødet og vinen blir kalla evkaristi ” når Gud blir påkalla over det”, seier den hl Ireneus i den same teksten.
I messa både mottek og framber vi Kristus ; “vi ber fram for [Skaparen] det som er hans”, held Ireneus fram. Du tek imot når du takkar. Du blir velsigna av Gud når du velsignar Gud.
Mange kristne er blitt framande for den opphavlege kristne og kyrkjelege realismen i sakramenta og liturgien. På tide å gjenoppdage det.
0 Svar til “officium: laurdag, 2. vike i det allmenne året, frå “Mot vranglærarane” av den hl Ireneus av Lyon (matutin)”