VINTER
døyvd blå
er januardagen
når sola berre kviler
på kanten av horisontane
og smyg seg lågt
over åsane
nokon har rulla ut
ein kjøleg duk
over alle flater
gråe og gotiske
står alleane
og let prosesjonar
av ‘ homo sapiens’
skride til sine
kalde messer
nakne er vi
i denne lange timen
mellom død og liv
bøye seg under frosthanda
halde ut
(Oslo, i dag)
Takk! En gave, diktet. Landskap åpnes for hver gang det leses. Å se pånytt for hver gang.
vakkert!
Kong Vinter. Guds vinter..
Hilsen Herman
Ja, Guds vinter. Guds strenge nådetid. Den majestetiske nåden.
Syns du er litt dyster….”halde ut”….eller lengter du etter våren? Akkurat nå er det jo friskt og deilig ute, syns jeg.Som ikke går på ski engang men koser meg inne med fyr i ovnen og litt vin.Håper du også har det bra.
Vinteren som metafor har mange dimensjonar; ikkje det dystre, men det strenge er hovudpoenget her. “Halde ut” kan vere både positivt og negativt. Vinteren har sin venleik – og sin leik, men alt i alt er han for meg ein overgang, og eg ser alltid fram til våren, ja! Definitivt.
likte dette diktet fordi det trass i, eller kanskje på grunn av, bilda sine maktar å skildre vinteren slik han er. Og det gjer det lettare å halde ut, som også det å nyte kvart eitt minutt den eien dagen er lengre enn den andre. (Takk til versidene på nettet som gir opp tid for soloppgang og -nedgang, og slike sære opplysingar som “dagen er blitt xx minutt lengre sidan vintersolverv”)
Synes også det strenge i vinteren kan vere vakkert, men det er kaldt og inorganisk.. skrinne vilkår for liv.
Nettopp: “kald og inorganisk” . Eg har eit høfleg og korrekt forhold til vinteren; venleg ein sjeldan gong.
høfleg og korrekt? Elles: kategoren kveldssalme fins, men ikkje vintersalme. Fins det i det heile fine tilgangar til vinteren i salmeform? Her i nord er det jo mange som har ei nærmast religiøs dragning mot arktiske isflater, der det ikkje berre dreier seg om ærefrykten & halde ut-innstillinga (strimen av håp er der) i møte med det eg kalla det inorganiske ved vinteren.