15
Nov
09

homiletica: 33. sundag i det allmenne året, st Dominikus krk, mark 13,24-32

Kjære brør og systre!

Kvar du går i byen for tida, ser du store oppslag og plakatar for ein kinofilm som handlar om ”verdens ende”. ”2012”, om tre år. Den endelege katastrofen rammar jorda og menneska. Alt styrtar saman. Filmen gjer sterkt inntrykk og vitskapsmenn og psykologar har måtta rykke ut for å seie at det ikkje er noko naturvitskaplege indikasjonar på at ein slik katastrofe er sannsynleg no.

Det er absolutt grunn til å åtvare mot usunne spekuleringar og mot kommersiell utnytting av framtidsfrykt og panikk. Men ofte er det populærkulturen og populærlitteraturen som fyrst sensar kva som er på gang, og på kva som er fortrengt i den offisielle kulturen og i finkulturen. Læra om ”verdens ende” finn vi i mange religionar, anten det heiter ”Ragnarokk”; Domedag!”, eller noko anna.  Slik uttrykkjer det ein aning om at den noverande verdsordninga er noko midlertidig, at det er noko i kosmos som ikkje er på plass, at det er noko uforløyst med denne verda, noko som seier at krisa kan true under den optimistiske overflata.

For kyrkja er dette meir enn ei  aning; det er noko som Gud har openberra, det er ei trussanning. Det står tydeleg i Evangeliet, ord av Jesus munn, slik vi nettopp har høyrt. Og vi vedkjenner det i credo kvar sundag: Iterum venturus est cum gloria, judicare vivos et mortuos; han skal kome att i herlegdom og døme levande og døde. Mange truande fortrengjer dette. Kristendomen blir utglatta og redusert til moral og spiritualitet, til ”åndelighet”. Vi deler lett den vanlege optimismen i vår kultur: At alt går framover heile tida. Vi tenkjer som folk ofte har gjort: Guds styring av verda og av livet blir sett som noko utidig og anmassande. Det er som i Noahs dagar, seier Jesus; ein gir til ekte og tar til ekte, ein kjøper og sel, alt går sin gang, og ein tenkjer: Lat prestane preike.

Men midt i heile verdshistoria sitt vekslande og dramatiske forløp er det éin ting som strålar fram: Menneskesonen skal kome att i sin herlegdom, i sin glans. Han et sentralfiguren i historia, i verda, i universet. Alle må forhalde seg til han. Kor ulikt er ikkje dette den ofte vanlege måten å sjå det på: Jesus Kristus – han er berre éin av dei mange; han har sine tilhengarar. Ein fantast for fantastar. Vi treng ikkje å bry oss meir om det.  Om han.

Vi står alle på val mellom desse to perspektiva. Er han ein av dei mange eller Den éine, den avgjerande? Når alt går sin gang, er det lett å avfeie det vi har høyrt i Evangeliet i dag; det er inga katastrofe rundt hjørnet.  Likevel veit vi at uventa ting skjer, det har ikkje minst vår tid lært oss. Kvifor skulle ikkje uventa ting skje i kosmos, i det store, dirrande spelet av krefter som det utgjer? Dei truande i urkyrkja og oldkyrkja såg fram mot Kristi gjenkomst og dei siste tidene med glad forventing. Retten og freden skulle endeleg bryte gjennom. Kvifor er det blitt så fjernt for oss? Kanskje fordi vi er blitt så sterkt knytte til denne verda? Gull og gods og gode dagar veg tungt. Sekularisering inneber nettopp at alt dreiar seg om dette saeculum, denne tidsalderen, denne verda. Kanskje veit vi at vi ikkje er helit klare til å møte vår skapar og vår Gud? Best å ikkje tenkje på det.

Brør og systre! Lat oss ikkje vere så sikre på alt det vi er så sikre på: Rikdom, makt, velstand, samfunn og kultur, alt det som synest så sjølvsagt. Det er eigentleg så sårbart. Det står i dag og vaklar i morgon. Berre éin kan vi stole på: Jesus Kristus, verda sin Herre og oppretthaldar; han som har skapt alt og som skal nyskape alt.

Han som seier: Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal bli stående!


3 Svar to “homiletica: 33. sundag i det allmenne året, st Dominikus krk, mark 13,24-32”


  1. 1 wo
    november 16, 2009 ved 1:28 am

    Det er ikkje vanskeleg å skjøna at folk let vera å tenkja på sitt eventuelle møte med Skaparen. Eg held meste med dei…. Heller ikkje Kyrkja, den norske let til å tenkja så mykje på akkurat det.
    Godt du er på plass!

  2. november 16, 2009 ved 7:10 am

    Ja, dette er godt å lese!
    Jesu gjenkomst var et løfte! Et gledesbudskap for alle som trodde på ham. Og den som venter på at dette løftet skal oppfylles, gledes.
    Angsten for dom, er angsten for at alt ens eget ikke vil holde mål overfor Gud, og det har angsten rett i. Denne angsten er din tros eget varselsystem, og i den angsten og troen bærer du erkjennelsen av at Guds dom er rettferdig. Slik gir din angst deg “dommedag ” over deg selv, her og nå er det du og Gud møtes. Ingen kan se Gud og leve. I dette møtet kommer Kristus og tar din dom på seg, og du er med ham i dommen og i oppstandelsen.
    Slik vil også dommen ved eonens slutt bli det verden trenger for å kunne leve sammen med Gud! Og det ser vi fram til!

  3. 3 Hans Bj.
    november 16, 2009 ved 8:38 am

    “Men når alt dette begynner å skje, da rett ryggen og løft hodet, for da er befrielsen nær.”
    Luk 21, 28.
    “Se, jeg gjør alle ting nye.”


Legg att eit svar




kategoriar