Arkiv for november, 2009

21
Nov
09

officium: laurdag, 33. vike i det allmenne året, Sakarja 14 (matutin)

”Den dagen skal Herren vera éin og namnet hans det einaste” (v 9)

Profetane, også Sakarja, talar om ”dagen”; ”den dagen”, ”Herrens dag”. Det er når Guds tid er inne  og vår tid er ute. Dagen for oppgjer, dagen for krise, dagen for dom. Men også dagen for rettferd, for fred, for det endelege gjennombrotet av Guds Rike. I Den nye pakta heiter han også ”Jesu Kristi dag”  (Fil 1,6).

Dagen skal vere ”éin”, det vil seie ubroten, utan trussel frå mørkret, døden og forgjengelegdomen. Då skal Guds velde vere synleg og tydleg; alle dei fiendtlege maktene, alle som prøver å ta Guds stad og fortrengje Skaparen, må vike. Freden, retten, kjærleiken er eintydige.

Komne for å bli.

Tenk når ein gong dei lettar alle skuggar/som her ligg tyngjande på all min veg/ Når sol, som aldri sig, mitt hjarta huggar/og ljos omstrålar kvart av mine steg.

19
Nov
09

officium: torsdag, 33. vike i det allmenne året, Sak 11,4-12,8 (matutin)

” Då skal hovdingane i Juda seia med seg sjølve: ’Dei som bur i Jerusalem er sterke i sin Gud, Herren, Allhærs Gud’. ” (12,5)

Kan vi seie det om lågprofilerte kristne i vår del av verda? Vi er svake for kva den ikkje-truande verda måtte meine. Vi tenkjer at vi må finnne på noko ”verdsleg” for at vi skal få vekst og kjenne oss ”relevante”. Det blir eit utmattande jag etter vind.

Å vere sterk i Gud, er å ha ei tru som er forankra i det kyrkjelege dogma, å kjenne Bibelen, å ha ei levande og utfordrande forkynning, å feire liturgien og sakramenta på ein lødig og levande måte, å søkje Gud i den indre bøna, å ikkje gje opp ”den gode striden”, livet i helging og fornying.

Då har vi også noko gje til alle menneske; i vitnemål, i tale, i dialog og diskusjon, i venskap og omsorg, i eit mangfald av livssituajonar.

All anna styrke smuldrar opp.

19
Nov
09

officium: onsdag, 33. vike i det allmenne året, Sakarja 10,3-12 (matutin)

”Ja, det skal gå dei som om eg aldri hadde støytt dei bort” (v 6)

Evangeliet, den glad bodskapen om Guds frelsesvilje, lyser fram i heile Bibelen, i heile Guds historie med folket sitt, med Israel, med kyrkja, med verda. Kva som enn hender, kor lange omvegane er, kor langt bort vi er komne, kor djupt vi er falne: Han er klar til å ta fatt igjen.

Han vil fullføre det han har sett i verk. Han er trufast mot sin plan. Han står på spranget til å ta i mot oss dersom vi vender oss til han. Stundom syest det som han vil gje oss opp, stundom logar sorgen og indignasjonen opp i hjarta hans. Men på det minste vink av bot veiknar han av kjærleik og seier at alt skal vere som før; ”for eg er Herren deira Gud, og eg vil høyra deira bøner”.

16
Nov
09

discursus: “Anamnesis”. tale ved jubileum for praktikumskullet/MF-1979; fred 13/11-09:

talen som eg vart utfodra til å halde ved jubiileumsfesten sist fredag. om lag 30 kandidatar, altså nesten heile kullet. tankevekkjande at tilsvarande kull ved dagens MF ikkje er fleire enn fem, seks…

Kjære alle! Gratulerer med jubileum! Eg er ingen kåsør – Haram er ein alvorsmann, i fylgje Jon Michelet – og altså ingen festtalar, eigentleg. Og ingen minnetalar. Men minnast gjer ein uansett, når ein ser tilbake, som i dette høvet, på praktikumstida og praktikumskullet, samt lærarar og miljø i det heile.

1.Minnet som filosofisk modus

Minne/å minnast kan vere noko veldig statisk, sjølvfiksert og sentimentalt. Men det kan også vere noko dynamisk, ein filosofisk og teologisk modus. Filosofisk – som ekte nostalgi; lengten, den lidenskaplege lengten, til den opprinnelege venleiken, godleiken og sanninga, minnet om Paradise lost, det tapte paradiset. Minnet er for Platon , som for nyplatonisten Augustin, eit viktig, intellektuelt medium; gjennom minnet ser du samanhengar, gjennom minnet kan du plotte din situasjon no, fordi du ser tilbake til startpunktet. Som i robåten heime; du må ta mål og med i landet bak deg, på kyststripa og fjellrekkja som kverv i horisonten etterkvart som du ror deg til havs, ut mot andre horisontar. Du veit kvar du skal, for du veit kvar du kjem frå. Du veit kvar du skal leggje til lands eller leggje bi for du veit kvar du tok ut. ”Kom i hug steinen du er hoggen ut or”, seier profeten til Israels-folket. Pakta der bake avgjer din veg mot Gudsriket der framme. Brør og systre, vi fekk på mange vis ei god utferd frå MF, ein god kurs vart sett. No spør vi oss: Har vi halde kursane våre? Har vi vore trufaste mot utgangspunktet? Den gode nostalgien hjelper oss å sjå kvar det er blitt av oss, kva som er vår posisjon.

Elias Blix heldt sitt indre aktivt gjennom minne-akta:

“I min heim var eg sæl avdi Gud var attved, og eg minnset so vel kor det anga Guds fred// Når til kyrkje me for, når me heime heldt kor/når med moder eg bad/Å eg minnest så vel denne stad”.

Det indre sacrum vart levandegjort ved minnet. Den røynde og lærde hebraiskprofessoren på denne måten vare på sin indre barndom. Det var nok det som gjorde han til diktar.

2. Minnet som teologisk modus

Framfor alt vil eg tenkje på minnet som ein teologisk modus – og då heiter det anamnesis; ihugkoming, påminning. Vi veit at dette nettopp ikkje er ein statisk term; ”Husker du den gang i måneskinn..” Det er det borgarleggjorte, småborgarlege minnet, kosealbummet, peiskroken… Nei, minnet som anamnesis, er det aktive, kreative, dynamiske, aktualiserande, framtidsskapande minnet! Det som var, det som hende – det ER her no, og det som skal kome, likeeins, som teikn, som pant, som smak – fordi vi feirar det, forkynner det, proklamerer det. Som Paulsus seier om sjølve den anamnetiske riten i kyrkja: messa/evkaristien/nattverden: Ved å ”gjere påminning”, touto poieite (gjer dette), ”forkynner vi Herrens død, dvs hans sigersdød, inntil han kjem. Eller som det heiter i den messa eg feirar dagleg: Mysterium fidei/”Mysteriet i trua: Din død forkynner vi, Herre, og di oppstode lovprisar vi, inntil du kjem!”

Difor, i dette anamnetiske ljoset: Kva er dynamisk, skapande  nærverande i livet mitt, i livet vårt, no? Av det beste av det vi oplevde på Praktikum? Sjølvsagt sett frå min avgrensa synsvinkel..
-Fellesskapen er det fyrste som slår meg. Interessa for andre – både å høyre nysgjerrig på kva dei tenkjer, seier, meinar – og iverene etter å formidle, dele, påverke. Terapeutisk lytting er bra, men det kan også lett paternalisere den andre, dei andre: Eg er den kloke, gode presten som ”er der for deg”. Eg er hjelpar, du er trengande, eg er frisk, du er sjuk.. Den heftige debatten er meir likeverdig, ein frisk brytekamp, ei open deling, ein open fight. Stålhand  i silkehanske er ei geistleg freisting. Den mjuke valden er den verste. Praktikumskullet var ope fordi det også innebar brytningar og drøftingar. Korleis har vi teke vare på dette; evna til open, modig og skvær fellesskap? Fellesskap har ei offentleg, sakleg og engasjert side som hindrar mugg og sektvesen. -Betre å vere glad og sint enn snill og sur, skal Trond Kverno ha sagt.  I alt fellesskap er humoren, gneisten og glimtet viktig. Det er der den rause dimensjonen ligg.

-Eg huskar også eit miljø med intellektuell driv, eit minne i slekt med det eg alt har snakka om. Det var litt opprør i flokken; sikkert ikkje lett for lærarane. Men dei hadde godt av det, meiner eg. Syttitalet var endå ei tid med reformvilje; verda kunne endrast, og – ikkje minst: kyrkja. Å finne seg ein trygg jobb, var ikkje det pastorale ethoset på syttitalets MF, det er sikkert; ialle fall ikkje som ideal.   Kyrkjeleg og samfunnsmessig idealisme er, etter mitt syn, ein gullverdi som må hevdast og haldast ved like. Det som gjer at du ser lenger, held ut lenger, tenkjer større, vil meir. Her kjem sunnmøringen inn. Gründaren som skulle overlevere skipsverftet i Ulsteinvik til dotra si som var arving: Ville ho? Våga ho? –Du veit viss d’e noke du vil, sa faren. –Og viss du må tenkje på det, så vil du eigentleg ikkje.  Sunn omtanke er bra, men rask handling trengs: -Vél i dag kven du vil tene, sa Josva. –Fylg meg, lat dei døde gravleggje sine døde, sa Josva ben Josef, Jesus frå Nasaret.  Kunsten, evna, til å la garna liggje, stå opp og fylgje Han, fylgje Røysta….

Vi må våge å bryte gjennom panseret som vi har sikra oss med; våge å vere sårbare, våge å vere redde om så skal vere, om neste steg, det nødvendige steget, skræmer oss. Eg vonar at mange her har hatt ei eller fleire kriser undervegs; det brukar å hjelpe mot gamal rust og gamalt feitt, både på tru og tanke.

3. Levande lærdom

For ein som har teke praktikum, er det nokre disiplinar som alltid vil fylgje deg, uansett den profesjonelle settingen du måtte hamne i. To aspekt, to disiplinar:

-Det liturgiske. At livet som prest eller lekmann er eit liv for Guds altar, er eit liv med lyfte hender, er eit liv med løyst tunge. Eg er ikkje lamma, incurvatus in me, eg er ikkje autist, eg har opna meg, effata har lydd over meg; eg har svara på oppmodinga: Sursum Corda; lyft dykkar hjarto! Habemus a Domino; vi har dei hjå Herren, hjartet mitt er der, sjølv om alt anna er her! Det er verdig og rett, i sanning; det er verdig og rett!

-Det homiletiske. Preika, forkynninga, Ordet, Igjen: Anten du er prest eller ei. ”Ve meg, om eg ikkje forkynner Evangeliet”! Heretter skal du fange menneske”! Det avgjerande ”ve meg”! Det avgjerande ”heretter”.  Interessa for formidlinga, for møtet mellom Gud og den verda vi har rundt oss, jo verre, jo bedre, så å seie. Nyfikna, det å vere nysgjerrig, på korleis Gud handlar, kva som skjer når Gud kjem inn som ein faktor, som ein innbrytar i livet åt menneske der han lenge har vore ukjend. Å vere på Areopagos, å sjå alle altara åt ukjende gudar og avgudar; å vere Jesu Kristi apostel. Gjerne diskutere med filosofane, men også vite at du har det ordet som er annleis, som ikkje kom opp i noko hjarte, det ordet som har eksousia, som har makt i seg, også fordi det er trudd og levd av formidlaren. Det er ikkje nødvendig å slå av på det teologiske, det er eit sug etter det, stadig meir. Difor kan du seie, som Brand: -Jeg må! Jeg går en stormanns bud! –Hva heter han? –Han heter Gud! Gud, det store, vågale ordet; det skaper litt beven, det er tremendum; det har dragning, det er fascinosum!

-Vi kunne snakka om sjelesorgen; korleis vegleier vi menneske i dei vanskelege spørsmåla i dag? Kva veg går vi sjølve. Vi kunne snakka om kyrkjeretten, om kyrkja sin rett, om hennar sjølvstende og verdighet i dagens samfunn. Ingen grunn til å krype. Eg seier heller som salmisten: -Kvi ståkar heidningane og stilar på det som er fåfengt?

4. Inn i framtida

Brør og systre; det står om Herren at han arbeidde så lenge det var dag, i sin misjon, i sitt apostolat, i si sending frå Faderen til verda. Pensjon er ikkje tingen, ikkje nyte sitt otium, ikkje bli ein slags geistleg ”elg i solnedgang”. Kanskje bli eremitt, bli meir kontemplativ, ja. Som Simon i templet, som Anna Fanuelsdotter, dei levde i templet, i fanum, i det heilage, dei var sant ”fanatiske”. Den kontemplative visdomen er den tilbaktrekkjinga som eigentleg er ei framrykking mot framtida:  Nunc dimittis; No, Herre, let du tenaren din fare hefrå i fred etter ditt ord; for augo mine har sett di frelsa, eit ljos til opneberring for folkeslaga og ein herlegdom for Israel, folket ditt!

Å vere kristen, er å vere på veg inn i framtida. Å feire praktikumsjubileum, er å vere på ferd inn i framtida, inn i det som Gud heile tida er i ferd med å skape. Med heile vårt liv forkynner vi, anamnetisk, Herrens død, Herrens siger, inntil han kjem.  Difor ”fyllest  vår munn med latter”, kva som enn skjer – og må vi gråte, gret vi i hans fang. Vi lever i ei open og spennande tid, ei vanskeleg tid, fordi vi må gjenfinne det vi trur på og lever for, stadig på nytt; gamal vane og profesjonell rutine er ikkje nok. Då kan vi roleg sjå at ting skifter; politisk, kulturelt, på alle måtar. For då kan vi vite at

”Mens verdensriker stiger og de synker/går kirken mot fullkommenhetens vår!”

16
Nov
09

officium: Måndag, 33. vike i det allmenne året, Joel 3 (matutin)

”Himmel og jord skal skjelva” (v 21)

Guds oppgjer med folkeslaga gjev gjenlyd i kosmos. Guds inngrep i historia har fokus på Israel, på gudsfolket, på menneska og menneskja. Men både  ”himmel og jord”, heile universet, blir dregne inn i dramaet. Så alvorleg er plassen til mennesket i skaparverket.

I dag tenkjer mange at mennesket er kasta inn som eit tilfeldig støvkorn i eit veldig, æveleg og like tilfeldig universelt rom. Vi dukka opp, vi blir borte, som individ og som art – og verda rullar vidare inn i den mørke kosmiske natta.

I Bibelen er heile skaparverket djupt moralsk og åndeleg basert. Mennesket er lite, men det er Guds bilete. Difor er det – på løyndomsfull vis, med sitt etiske og åndelege ansvar – aksen i universet.

15
Nov
09

homiletica: 33. sundag i det allmenne året, st Dominikus krk, mark 13,24-32

Kjære brør og systre!

Kvar du går i byen for tida, ser du store oppslag og plakatar for ein kinofilm som handlar om ”verdens ende”. ”2012”, om tre år. Den endelege katastrofen rammar jorda og menneska. Alt styrtar saman. Filmen gjer sterkt inntrykk og vitskapsmenn og psykologar har måtta rykke ut for å seie at det ikkje er noko naturvitskaplege indikasjonar på at ein slik katastrofe er sannsynleg no.

Det er absolutt grunn til å åtvare mot usunne spekuleringar og mot kommersiell utnytting av framtidsfrykt og panikk. Men ofte er det populærkulturen og populærlitteraturen som fyrst sensar kva som er på gang, og på kva som er fortrengt i den offisielle kulturen og i finkulturen. Læra om ”verdens ende” finn vi i mange religionar, anten det heiter ”Ragnarokk”; Domedag!”, eller noko anna.  Slik uttrykkjer det ein aning om at den noverande verdsordninga er noko midlertidig, at det er noko i kosmos som ikkje er på plass, at det er noko uforløyst med denne verda, noko som seier at krisa kan true under den optimistiske overflata.

For kyrkja er dette meir enn ei  aning; det er noko som Gud har openberra, det er ei trussanning. Det står tydeleg i Evangeliet, ord av Jesus munn, slik vi nettopp har høyrt. Og vi vedkjenner det i credo kvar sundag: Iterum venturus est cum gloria, judicare vivos et mortuos; han skal kome att i herlegdom og døme levande og døde. Mange truande fortrengjer dette. Kristendomen blir utglatta og redusert til moral og spiritualitet, til ”åndelighet”. Vi deler lett den vanlege optimismen i vår kultur: At alt går framover heile tida. Vi tenkjer som folk ofte har gjort: Guds styring av verda og av livet blir sett som noko utidig og anmassande. Det er som i Noahs dagar, seier Jesus; ein gir til ekte og tar til ekte, ein kjøper og sel, alt går sin gang, og ein tenkjer: Lat prestane preike.

Men midt i heile verdshistoria sitt vekslande og dramatiske forløp er det éin ting som strålar fram: Menneskesonen skal kome att i sin herlegdom, i sin glans. Han et sentralfiguren i historia, i verda, i universet. Alle må forhalde seg til han. Kor ulikt er ikkje dette den ofte vanlege måten å sjå det på: Jesus Kristus – han er berre éin av dei mange; han har sine tilhengarar. Ein fantast for fantastar. Vi treng ikkje å bry oss meir om det.  Om han.

Vi står alle på val mellom desse to perspektiva. Er han ein av dei mange eller Den éine, den avgjerande? Når alt går sin gang, er det lett å avfeie det vi har høyrt i Evangeliet i dag; det er inga katastrofe rundt hjørnet.  Likevel veit vi at uventa ting skjer, det har ikkje minst vår tid lært oss. Kvifor skulle ikkje uventa ting skje i kosmos, i det store, dirrande spelet av krefter som det utgjer? Dei truande i urkyrkja og oldkyrkja såg fram mot Kristi gjenkomst og dei siste tidene med glad forventing. Retten og freden skulle endeleg bryte gjennom. Kvifor er det blitt så fjernt for oss? Kanskje fordi vi er blitt så sterkt knytte til denne verda? Gull og gods og gode dagar veg tungt. Sekularisering inneber nettopp at alt dreiar seg om dette saeculum, denne tidsalderen, denne verda. Kanskje veit vi at vi ikkje er helit klare til å møte vår skapar og vår Gud? Best å ikkje tenkje på det.

Brør og systre! Lat oss ikkje vere så sikre på alt det vi er så sikre på: Rikdom, makt, velstand, samfunn og kultur, alt det som synest så sjølvsagt. Det er eigentleg så sårbart. Det står i dag og vaklar i morgon. Berre éin kan vi stole på: Jesus Kristus, verda sin Herre og oppretthaldar; han som har skapt alt og som skal nyskape alt.

Han som seier: Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal bli stående!

14
Nov
09

officium: laurdag, 32. vike i det allmenne året, Dan 12 (matutin)

det har vore ei litt hektisk vike i prioratet og i forkynning og undervising den siste vika, og litt stille her. men no blir det meir bloggmodus igjen….

 

”Men du, Daniel, må gøyma desse orda og forsegla boka til endetida” (v 4)

Daniels bok handlar om endetida, om ”dei siste tinga”. I jødedomen vaks det fram eit stadig sterkare medvit om at Riket, Israels von, ikkje ville kome heilt og fullt før historia og verda var ført til ende. Motstanden, prøvingane, lidinga – alt peika fram mot ei tid då Gud då gjer ende på denne verda og skaper noko nytt.

Det er denne trua som slår gjennom med Jesus Kristus. Han forkynner eit komande rike og han sjølv er den som skal opprette det. Som eit teikn og eit mysterium fyrst; i full glans og makt når tida er inne.

Mange truande i dag har fortrengt dette og inrettar seg som om den noverande verda alltid skal gå sin gang. Vi er verdsleggjorte, sekulariserte, det vil seie: Vi reknar berre med dette ”saeculum”, denne tidsalderen. Dei fleste reknar denne haldninga for klok og rasjonell. Men Danielsboka seier:

”Dei vituge skal skjøna” (v 10).

07
Nov
09

officium: laurdag, 31. vike i det allmenne året, 1 Makk 9,1-21(matutin)

”Det vere langt frå meg å gjere noko slikt som å røme for dei” (v 10)

Judas Makkabeus sigra i mange slag, ofte med mindre mannemakt enn det fienden møtte han med. Denne gongen, før det siste slaget, skjøna han at han verkeleg var ille ute. Bakkides og hans heidningar synest overlegne i tal og styrke. Storparten av Judas’ menn rømde, så berre nokre hundre var att. Dei rådde Judas til å snu heim og vente på forsterkingar.

Men han avfeia det. Truleg ana han  at denne gongen skulle han tape. Difor lèt han det stå til: ”Er vår tid komen, så lat oss døy som menn…”.

Den som forblir trufast og overgjev seg og alt til Gud, vinn. Sjølv om han taper.

07
Nov
09

homiletica: 29. sund i året, St dominikus krk, Mark 10,42-45

Denne preika/homilien skulle vore lagt ut for to viker sidan. Betre seint enn aldri….
Kjære brør og systre!

Jesu ord om å vere alles tenar, liksom orda hans om å vende det andre kinnet til, og alt han seier som er annleis enn det som gjeld vanleg menneskeleg oppførsel – det er ord som har vore akta, som har hatt ein viss popularitet.

Idag har dette kanskje endra seg. Vi lever i eit meir sjølvhevdande samfunn. Mennesket skal hevde seg. Du skal kvitte deg med skruplar, du skal bruke makta når du har henne. Nietzsche og Machiavelli er komen i staden for Jesus. Idealisme er farleg svermeri. Naivitet. Vi har sett dette i det siste valet, syns eg. Vi sikrar oss. Vi låser døra vår. Mitt er mitt.

Sant nok: Det finst ein legitim autoritet, ei legitim makt; i kyrkja og i samfunnet. Men makt og mynde skal nettop utøvast som ei teneste. De kallar meg Meistar og Herre – og det med rette, for det er eg; seier Jesus til disiplane sine, men han seier det samtidig med at han legg av seg kappa, bind opp om seg, vaskar føtene deira og seier: Det er eit førebilete eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera (Joh 13,12ff).  Jamvel paven, Peters etterfylgjar i Roma, har som sin heiderstitel: Servus servorum Dei; Guds tenarars tenar! Dei gamaltestamentlege kongane skulle vere tenarar for Guds folk, dei skulle fremje rettferd og særleg verne dei fattige og verjelause i folket. Den messianske kongen, tenarkongen, Herrens tenar, som vi høyrde om i den fyrste lesinga. Dette var også middelalderens kongeideal.  ”Solkongane” kom fyrst på banen seinare i historia..

Ambisjonen om å utrette noko stort og vakkert med livet sitt, er ikkje gal. Å gje all si kraft, sin kreativitet, sitt engasjement – det er både menneskeleg og guddomleg. Forsiktigperar og krypande servilitet er ikkje det same som å vere ein verkeleg tenar. Tenk på Jesu likning om talentane; han som berre hadde fått éin, ville ikkje gi seg ut for å vere noko, ville ikkje risikere noko, han grov talenten, resursane sine, ned. Eg har ikkje gjort noko rett, men heller ikkje noko gale, tenkte han. Men nettopp han fekk attesten: Du låke og late tenar!

Vi skal gje alt, men vi skal nettopp gje det, som ei gåve. Ikkje som karrierejag og hensynslaus sjølvhevding. Det er berre destruktivt, både for oss sjølve, personleg og for samfunnet. Den gamle visdomen tala om scandalum magnatum, dei mektige sitt fall. Karrieremakt er eigentleg falsk makt, ho gjev ingen verkeleg autoritet, ho blir gjennomskoda. Jesus talar i teksten om de som kalles folkenes ledere. Kallast. Det greske ordet tyder eigentleg: Som synest å vere, som har skin av å vere. Deira leiarskap blir avslørt, før eller seinare. Alle ballongar sprekk når dei blir for store, for oppblåste.

Brør og systre! Det største og mest fascineande er å sjå at fellesskapen blir bygd, at mange gåver og evner for utfalde seg. Kristus gav seg sjølv som løysepenge. Han gav alt. Hans ambisjon, hans lidenskap, var å vinne verda tilbake til Faderen, var å reise menneske opp til deira sanne verd.

Det er vanskeleg å omstille livet sitt i Jesu ånd, å bli ein tenar, ei diakon – ein som jobbar dia konos: Nede i støvet, ein gatefeiar. For å tene andre, må vi bli stille for Gud, ta i mot frå han, ta i mot livet som ei gåve, la han vaske våre føter fyrst.

Den franske katolske diktaren Bernaos lar ein av sine romanfigurar seie:

Min Gud, jeg gir deg alt, av fullt hjerte. Men jeg kan ikke gi, jeg gir som når en blir fratatt noe. Det beste er å holde seg i ro. For selv om jeg ikke kan gi, kan du ta.

Lat det skje – og alt blir omskapt!

06
Nov
09

carpe diem: sørlandet

Eg er på preikeferd til Arendal (der eg var i går, i Katolsk Forum) og Lillesand, der eg tala i kveld (torsdag), i kyrkjeakademiet. I dag var eg så heldig at vertskapet her køyrde ut på Justøya og heilt ut til havet – for det hadde eg ytra eit sterkt ynskje om ☺ Når eg bur inst i Frognerkilen, må eg av og til lufte kropp og sjel skikkeleg.

Det triste, mørke novemberveret, med slaps og kald væte, låg tungt over dei sørlandske heiane på nedoverturen med toget i går. Så friskna vinden til kuling og i dag har det vore  nordleg bygevêr, med mørkre og ljos i dans med kvarandre. Og opplett mellom bygene.

Vi gjekk heilt ut på svaberga. Skagerak velta inn. Havet er så nært her på Sørlandet, så kort veg frå skog og lun skjergard til open sjø. Når du kjem ut på berga, skjønar du at ”Sørlandet” er ei merkjevare; ein myte.  Det idylliske, det koslege, det ferierande. Her ute på berga bles alt dette bort.  Eigentleg er Sørlandet eit hardt stykke norsk kyst. Med mange små gardar og audslege heiar innanfor. Med sjøfolk og kanskje litt kystfiskarar. Alt det andre er eit seinare kulturelt ”belegg”.

Vel, alt utviklar seg og no er det som det er. Men det er bra å sjå litt djupare inn i sjela av dette landet. Sjå havet, sjå uvêret, sjå spora av eit striare liv.

Der sat eg. Så langt ut eg kunne kome. Ein dønning, kanskje to, tre?, gjer eit sprang mot meg og slengjer ein kasakade av skum og sprøyt heilt opp i fjeset mitt: – Hei, der er du! Her er vi, same slekta som bylgjene på kanalkysten, på sunnmørskysten; glad for å sjå deg, kva har du på hjarta? Og eg sikra meg at eg verkeleg var der åleine; sat der i mi kutte, med den vide svarte pelerinen (ull-kepen med diger hette) utanpå. Det dura nede i botnane, den djupe duren i skaparverket, den som er inst inne i alt liv, også i menneskehjarta, De profundis-duren (Or djupet-duren, salme 130).

Derifrå kunne eg rope ut bøna om det som pressar og slit i livet mitt, no igen: Ut med det! Ta det, bylgjer! Ta det, Herre!. Då skrur vinden seg opp og bles på meg frå sida; bles for å famne meg, bles for å ruske i meg, bles for å blåse vekk  alt det eg har ropa ut, føre det langt til havs.  Så sit eg stille. Vere i lyden av bårebrottet, vere berre ein kropp på berget. Kroppen er ei sjel, sjela er ein kropp. Mennesket er eitt. Eg. Her.

I morgon tidleg tar eg bussen til Oslo.

05
Nov
09

officium: torsdag, 31. vike i det allmenne året, 1 Makk 4,36-59 (matutin)

”Og dei reinsa templet og bar bort dei ureine steinane, bort til ein urein plass” (v43)

Etter Lova skulle steinane i altaret vere utilhogne. I den heidenske kulten som kom med hellenismen, hadde ein klussa med altaret og sett inn hoggen stein.  No var fiendane overvunne og tempeltenesta kunne reinsast og gjenopprettast.

Jesus reinsa også templet.  Det skule vere eit bønehus for alle folk. Å reinse ut det ureine blir i dag ofte sett på som utidig og fanatisk perfeksjonisme. Men reinleik er ikkje å fortrengje det vanskelege, det mørke og vonde. Alt det må vi vedstå oss. Reinleik er å ha eit samla hjarte, å vite kva du vil med alt det som utgjer livet ditt. Reinleik er truskap mot Gud og hans pakt med deg og med folket sitt. Reinleik er å ikkje leve eit dobbelt liv der du gjev ein hemmeleg plass til det som korrumperer kropp og sjel.

Ber bort dei ureine steinane, uansett kor tilhogne og tilpassa dei måtte vere. I skriftemålet kan du bli av med dei.

04
Nov
09

officium: Onsdag, 31. vike i det allmenne året, 1 Makkabearbok 3 (matutin)

”Vi strir for vårt land og våre lover” (v 21)

Makkabearane, Judas Makkabeus og hans søner, reiste seg mot den hellenistiske religionstvangen og forfylgjinga under Antiokios Epifanes, ein av ettermenne til Alexander den store. I dette imperiet var det ingen pragmatisk romersk fridom. Her skulle alle innordne seg i den greske, heidenske gudsdyrkinga. Også jødane. Mange av dei tilpassa seg gjekk over til hellenismen. Men ikkje Judas Makkabeus.

I vår tid reagerer vi på at nokon verjer seg med makt for å forsvare religiøse verdiar. Men når vi tenkjer etter, er sjølvsagt etiske, kulturelle og religiøse verdiar nært forbundne. Når grunnleggjande fridom til å leve etter eiga overtyding blir overkøyrd, er det ikkje vanskeleg å skjøne at menneske vil verje seg og sine; sitt land og sine lover.

Slik konfliktane i verda har utvikla seg, har vi lært oss at det beste er å prøve alle andre utvegar enn å bruke vald, jamvel i naudverje. Uansett har vi lov å stå for det vi meiner er rett og uoppgjeveleg. Vi bør stride for det med ord og argument, med sivilt mot og av eit heilt hjarte.

For oss om truande i dag, er det vitnemålet og vedkjenninga som er vegen å gå.

03
Nov
09

homiletica: Helgemesse (Allehelgen), St Dominikus krk, Matt 5,1-12

Kjære brør og systre!

Kven er det vi feirar på Helgemesse-dagen (”Allehelgen”)? Kven er helgnane? Eller for å spørje og svare med orda frå lesinga:

Disse som er kledd i hvite kjortler, hvem er de, og hvor kommer de fra?” ”Herre,” svarte jeg, ”du vet det! Da sa han til meg:”Dette er de som kommer fra den store trengsel; de har tvettet sine kjortler og gjort dem hvite i Lammets blod.

Helgnane, det er altså ikkje slike som har hatt eit interessant livssyn, som aldri har møt motbør, som berre er ”pene mennesker”. Dei har vore gjennom ”hin den store trengsel”, dei har stått for si tru; med modige ord, kanskje med gråten i halsen, kanskje med livet som innsats. Dei har ikkje alltid gått ”minste motstands veg”. Dei har heller ikkje alltid hatt eit lett liv eller eit prikkfritt liv, men dei har gitt alt til Herren, dei har elska han som elska dei fyrst; de har tvettet sine kjortler og gjort dem rene i Lammets blod, dei seier som landsbypresten hos Bernanos: Alt er nåde!

Nokre av helgnane, nokre av ”den store kvite flokken” som står for Guds kongsstol, er kjende – gjennom sin martyrdød, si offentlege trusvedkjenning, gjennom sitt heroiske liv; dei har fått plass i kyrkja si gudsteneste, dei kan offentleg ærast og påkallast som våre forbedrarar og forbilde hos Gud. Dei har fått ein plass i kalendaren. Men der, i den kvite skaren, er det mange fleire, så mange at de umulig kunne telles, som vi høyrde. Det er ”allehelgen”, det er dei vi feirar i dag, som liturgien seier: ”med èn høytid”.

Brør og systre! Vi er alle kalla til å vere helgnar. Det er meininga med livet for alle truande, for alle dei Krist-trugne, ja, eigentleg for alle menneske. Fordi mennesket er kalla og skapt til å leve saman med Gud. Alle menneske er kalla til å kome til himlen; der skal han turke kvar tåre av augo deira, og døden ikkje skal vere meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pine. For det som var før, er borte (Op 21,4).

Å vere helgen, er å vere ein kristen, rett og slett; ein dispippel. Vi er alle døypte og ferma for å bli helgnar. Det nye testamente kallar alle dei truande for ”heilage”. Vi skal leve for å bli-, for å verkeleggjere, det vi alt er. Ikkje at eg alt har nått det eller alt er fullkomen, seier apostelen, men eg jagar mot det for å gripa det, avdi eg sjølv er gripen av Kristus Jesus (…) Eg gløymer det som er attanfor og tøyer meg etter det som er framanfor og jagar mot målet! (Fil 3,12ff).

Denne dagen talar Herren difor til oss alle, til alle som vil gå på hans veg! Han sier: Salige er dere…! han saligprisar oss, i den livssituasjonen vi er:

Er du fattig, i det minste fattig i deg sjølv, himmelriket tihøyrer deg! Er du eit audmjukt menneske? Du skal ta landet, Guds rike, i eige. Syrgjer du? Du skal finne trøyst! Hungrar og tyrster du etter rettferd? Du skal få stilt din hunger! Kjempar du for å vere rein av hjarta? Du skal få sjå Gud! Prøver du å skape fred, å stifte fred der du er? Du skal kallast Guds barn!

Korleis skal du bli ein helgen? Berre ved å leve dette livet, i det daglege, der du er! Det meste i livet er eit spørsmål om å halde ut, halde ut i det gode! Ikkje bryt løpet, ikkje kast inn handkledet, ikkje finn på noko merkeleg! Den lange vegen består av dei små stega. Og er du på veg bort frå Gud, så vend om og kom tilbake.

Brør og systre; det er dette som er målet:

Å, kor sælt om eg kan svara/når til siste kveld det lid/og or verdi eg skal fara: ’Eg har stridt den gode strid!/Trui har eg halde herdig/vel fullenda livsens ferd!/Rettferdskransen no ligg ferdig/for meg, i ei betre verd!”




kategoriar