06
Jul
09

nota bene: Amal Aden

Den siste tida har m a vore prega av den unge kvinna Amal Adens oppgjer med Hege Storhaug og hennar organisajon, Human Rights Service. Amal Aden har teke bladet frå munnen og fortalt korleis den islam-kritiske og innvandrar-kritiske organsiasjonen har utnytta henne i sin propaganda og nedverdiga henne som truande. Storhaug et co avviser det heile, sjølvsagt.

Vi må velje kven vi vil tru på. Eg, for min del, stolar på Amal Adens forteljing. Ho viste mot når ho påtala negative ting i sine eigne miljø og viser no mot til å seie frå om haldningane hjå sine norske støttespelarar. Mange, særeleg i FrP miljøa, støttar Storhaug og reknar henne for ein helt i kampen for ”norske verdiar”. Storhaugs organisasjon er avhengig av godt rennomé – for dei mottek 1,8 millionar kroner i statsstøtte kvart år. Så her er det i høg grad mange slags ”verdiar” som står på spel.

Eg vonar at denne saka kjem skikkeleg fram i ljoset. Både korleis ein slik organisasjon arbeider og opererer og kva slags haldningarvi har med å gjere i det norske folket. FrP-bloggarar eg er innom, hausar stadig opp frykten for at Noreg snart blir ”overtatt av islam”. Vi er vitne til eit tiltakande hysteri i mange miljø; både hjå venstre- og høgreintellektuelle og mellom ”folk flest”. Det ville vere bra om ein roa ned litt og heller tok imot utfordringane til vår kultur med open ettertanke. Den norske livsforma blir nødt til å endre seg. Ein så materialistisk og religiøst indifferent kultur som den vi har utvikla, har ikkje berekraft. Det må vere plass til mange slags livvsyn i eit samfunn som vårt, også for ikkje-truande, sjølvsagt. Men dei som hevdar å forsvare den kristne arven, vil gjere det meir verknadsfullt ved å ta si eiga tru på alvor enn ved å prøve å halde unna andre truande. Det er ikkje islam, men dei sekulariserte kyrkjene som er den største trusselen mot kristendomen i Noreg i dag.

Tru overlever ikkje som nasjonal pyntegjenstand, berre som bruksgjenstand.


2 Svar to “nota bene: Amal Aden”


  1. 1 ephrussi
    juli 6, 2009 ved 9:20 am

    Forhåpentligvis vil vi etterhvert få større klarhet i hvem som lyver og hvem som snakker sant i denne saken. Amal Aden har vel allerede levert en politianmeldelse mot HRS.

    HRS på sin side vil vurdere saken juridisk når deres advokat er tilbake fra sommerferie. Såvidt jeg forstår vurderer de søksmål både mot Amal Aden og Dagbladet.

    Bla. på bakrunn av denne overskriften i Dagbladet:

    ”Forfatteren Amal Aden anmelder Hege Storhaug. SKULLE TESTES med vodka, svinepålegg og dyresextegninger.”

    Det er ganske ekstremt om HRS skal ha servert Amal Aden vodka på jobb for å teste om hun var godt integrert – og like ekstremt om de har tatt henne med til København for å vise henne dyresextegninger kun for å teste hvor integrert hun var.

    http://www.rights.no/publisher/publisher.asp?id=28&tekstid=2698

    Personlig har jeg foreløbig vanskelig for å tro at dette medfører riktighet.

    HRS sitter også på et to og et halvt langt lydopptak av samtale med Amal Aden.

    Amal Aden hevder at hun hadde sagt opp stillingen på tidspunktet samtalen fant sted (noe HRS benekter) – og samtidig at hun deltok i et rollespill hvor alt hun sier blir lest opp fra et manus, som ledd i debattforberedelse. Det hun sier på opptaket skal altså ikke reflektere hennes egne meninger.

    Men hvorfor deltar hun i rollespill etter hun i følge etter utsagn skal ha sagt opp ? Og hvilken debatt var det hun sammen med HRS forberedte seg til ?

    Det er mye som skurrer her.

    http://www.rights.no/publisher/publisher.asp?id=28&tekstid=2699

    På den andre side er det ikke bra at HRS stadig kommer i konflikt med sine prosjektmedarbeidere og tar hemmelige lydopptak av dem (som også kan være ulovlig)

  2. juli 7, 2009 ved 10:42 am

    Ok; dersom det blir dokumentert at Aden bløffar, skal eg sjøølsagt forhalde meg til det. Men ein gutsar vel ikkje på politianmelding utan å ha ei viss dekning for det.

    Generelt er eg svært kritisk til både profilen og metodane til Storhaug-organisajonen. Spelar på brune strenger i folkesjela. Særleg trasig når ein eksponerer framandskepsis av omsyn til kristendomen i Noreg. Som sagt; den tek vi knekken på sjølve.


Legg att eit svar