Det er for tida strålande på desse nordvestlege kantar av landet, som mange andre stader, i alle fall i Sør Noreg. I dag har eg vore på ein skikkeleg fjelltur; rett ut av stovedøra og opp i fjellheimen rundt Stranda. Nordabrisen svalar når du kjem opp over dei sør- og austvende liene. Endå er det store snøfonner og breklattar her oppe i sunnmørsalpane. På ei viss høgde i løypa mi stig ringen av tindar opp over horisonten: Leirvasshorn, Smørskredtind, Brekketindane – og bak der: Slogen, nærare meg ragar Brunstadtinden (Daurmålshornet kallar dei han i grannebygda) opp, og så kneisar Råna og Regnvasstindane mektig over Velledalen i Sykkylven. Utanfor: Øyane nord for Ålesund. Mot nord: Ytre Romsdalen og fjellheimen rundt Tresfjord og Innfjorden. Mot sør: Breheimen i Nordfjord med Lodalskåpa nærast. Mot aust: Tafjordfjella og Lesja-traktene.
Eg når ein topp, rastar, og spring vidare ned til riksvegen ved Svartevatnet – og blir henta der.
I morgon pakkar eg sykkelveska og dreg på ein liten odyssé langs fylgjande rute, om alt går om lag etter planen:
Ålesund (messe i Vår Frue), Fiskarstranda, Sulesund, Hareid, Ulstein, Tjørvåg, Gjerdsvika, Larsnes, Sandsøy, Kvamsøy, Åram, Syvde, Rovde, Velsvik, Lauvstad, Volda, Krøvelseidet, Bondalen, Sæbø, Urke, Øye, Norangsdalen, Hellesylt – og Stranda. Har med så lite som råd, men ei tjukk Newman-bok (som sagt) må med.
Eg bloggar når eg kan, men det daglege ”officium”, må nok pause litt. Så vi får sjå.
No er eg altså på Stranda. Ei bygd der det har vore kristen gudsteneste sidan 1000-talet, kanskje før. Lokale høvdingar møtte trua på sine ferder og let byggje kyrkje på eigen grunn. Sikkert med eigen prest. Endå er det fyrste kyrkjetufta synleg på garden Opshaug, innover ved fjorden her. Vigd til den hl. Peter apostel var ho. I går deltok eg ved gravferda til morbror min som døydde etter lang tids sjukdom. Gravferd frå Stranda kyrkje – med den seinmellomalderske altartavla; Maria med barnet i sentrum, den hl. Anna, og den hl. Andreas apostel; på dørene i altarskåpet ser vi den romerske diakonen Laurentius’ martyrium framstelt. – Eit teikn på at også denne fjordbygda tidleg var ein del av den store verda. Og den verdsvide kyrkja.
Jeg fikk denne fortellingen servert av en bekjent:
Det var en mann, en bonde, som bodde “langt fra noe sted der hvor nokon kunne bu”. Han ble intervjuet på 1950-tallet, og under intervjuet kommer de inn på dette med tro. -Nei han var nå svært så skeptisk til denne nye trua, då. -Er det da pinsebevegelsen De mener, spurte journalisten. -Nei… Det var nå denne lutherdommen, det da. Svarte bonden.
Han som fortalte dette til meg har jeg svært stor tillit til, så Den Katolske Kirken er nok svært seiglivet enkelte steder her i landet fremdeles, selv om den liksom ikke finnes offisielt!
Ha en fortsatt klar og solfylt sommer og en flott Olsok!
Hilsen Herman
Eg sat og bladde i ei bok om Gardane langs Storfjorden i går. Ho som las, Ingeborg 102, har budd dei travlaste tidene av sitt liv på veglause gardar. Men hennar strevsame liv var for ingenting å rekna mot det dei fortalde om frå Storfjorden. Slektar du derifrå?
Ja, visst! På morssida. Frå Stranda og frå Sunnylven. Oldefar min i Sunnylven fekk slå graset på Horvadrag-sætra (!), rett utanfor Dei sju systre- fossane i Geirangerfjorden, så hengebratt at dei kunne slå markene på begge sider
. Etter at siste bonden budde der, fekk andre slå graset. Dei batt det i bundlar som dei trilla ut over flôga til sjøss, og der tok dei høyet i færingsbåtar og rodde det ut til Hellesylt.
Er Fausadalen del av reiseruta?
Fausadalen ligg ikkje i sykkelløypa, som stort sett går på Søre Sunnmøre. Men når eg kjem tilbake til Stranda, labbar eg lett over Skura og ned i Fausadalen…