fyrst publisert i spalten Signert, Klassekampen, laurdag 27.juni -09…
Endeleg ei norsk fagbok om sekularismen, Sindre Bangstads: ’Sekularismens ansikter’. Dette er ikkje ei melding, men ein respons på eit viktig punkt.
Bangstad poengterer at sekularisme ikkje er det same som ateisme. På tide at det blei sagt tydeleg. Slik blir det nemleg ofte oppfatta i det offentlege ordskiftet. Forfattaren minner om at mange statar er sekulære – samtidig som religionen er sterkt tilstades både i folkelivet og i det offentlege rommet. Sekularismen handlar, i ein minimumsdefinisjon, om ein politisk doktrine for tilhøvet mellom religion og statsstyre, ikkje om eit antireligiøst program.
Men er det så enkelt, Bangstad? Terminologien som har utvikla seg rundt spørsmål om samfunn og religion og om statleg verdigrunnlag, høyrer heime i ein religionskritisk setting. Den historiske motstanden mot religiøs samfunnspåverknad brukar sekularismeomgrepet til å sementere fordomar mot religionen.
Religion blir sett på som i særklasse konfliktskapande og ueigna til å gje ein felles, rasjonell basis for samfunnet. Den europeiske krigsepoken etter reformasjonen, blir framstelt einsidig som religiøs vald, som militær krangel mellom konfesjonane. I eit anna persektiv vil ein sjå at det i like stor grad var ein kamp mellom framveksande og rivaliserande statsmakter, med katolikkar og protestantar på båe sider.
Konfliktar og vald med sekulære og ateistiske agentar blir nedtona og oversett. Teologisk diskusjon framsteller ein som flisespikkeri og kjefting, medan det i samfunnet elles heile tida blir diskutert og debattert så busta fyk, om livssyn, politikk, kunst og kultur. Den underliggjande, nesten umedvitne tanken er at teologi og tru ikkje er viktig, knapt nok verkeleg. Denne seige arven er vanskeleg å kvitte seg med. Slik er det sjølvsagt fordi heile tolkingsramma for den moderne debatten om religion og samfunn er dominert og utforma av det religionsskeptiske hegemoniet. Makt over orda er makt over tanken. Det er ikkje fair play når spelereglane blir laga og utlagde av den eine parten.
Noko av det same ser vi når Bangstad viser til at eit sekulært land som Noreg der dei fleste borgarane ikkje er ”særlig religiøse” (sit.) blir rekna for eit av dei beste landa i verda å bu i. Eit sekularisert land er så klart bra å bu i for dei sekulære, men det ser kanskje ikkje like prima ut for dei truande. Sekulariteten har naturlegvis sin eigen målestav for kva som er eit godt samfunn.
Slik har ein lukkast med å teikne eit bilete der religionen er éin, stor boks med irrasjonelle særmeiningar, valdspotensiale og totalitære anlegg – medan sekularismen er alle dei andre på eitt breitt: Nøytrale, fornuftige, moderate, fredlege og godviljuge. Kvifor sit det så langt inne å innsjå at samfunnet i dag har mange frontar og hyser mange ideologiar og livssyn som aktivt fremjar sine saker? Kvifor opprettheld ein retorikken om at religionen står i ein klasse for seg sjølv?
Det blir stadig tydlegare at vi her har å gjere med ein ideologisk krampe i moderniteten. Ein har stivna i gamle tankemodellar som hindrar utsynet. Ein ser ikkje at å vere truande, å argumentere religiøst og hevde si tru på alle plan er normalt for svært mange menneske i denne verda, også i Noreg. Dette nektar ein å ta inn over seg og reagerer med tiltakande aggressivitet og hysteri.
Vi kjem ikkje vidare før ein innrømmer at den vestlege sekularismen ikkje berre er ein politisk doktrine, men ein misjonerande kritikk av religionen i seg sjølv og ei inderleg overtyding om at verda vil bli betre utan relligiøs tru. Det er greitt nok å meine det, men ikkje å flagge det som ein doktrine om sjølvinnlysande nøytralitet og pluralisme. Difor treng vi eit anna ord enn sekularisme. Det høyrer heime i ei historie der ein måtte definere seg i høve til den gamle religiøse einskapskulturen og samfunnsdominansen. I dag fungerer det mest og best som skalkeskjol for religionskritiske posisjonar.
Bangseid har i boka si syn for mange av desse innvendingane, men han landar på at sekularisme framleis er eit brukbart ord.
Eg meiner det er tilslørande.
Flott!
Dette er jeg hjertens enig i!