FJORDLANDET IGJEN
Tilbake i fjordlandet på indre Sunnmøre; der bur mor mi og der har eg truffe sysken som elles bur spreidde i landet, men gjerne møtest om sommaren. I ettermiddag (tysdag) skal eg ruskle rett ut av stovedøra, opp i skogen, opp over eit res (sunnmørsk for eit lite eid, pass) over til den vesle grenda Fausadal i Stranda. Skal vitje nokre vener som har hytte der (Ellinor og Dag Brune/Hareide). Det blir ein fin mini-fjelltur! Godveret er på veg tilbake… Torsdag, Deo volente, drar eg i Tafjord-fjella nokre dagar. Meir om det, kanskje. Og meir om den boka som er sommar-lektyren i år.
Helsing meg i kaffibaren på den lokale Esso-stasjonen – med trådlaust nett!
juli 23, 2008 ved 12:07 pm |
Kvar er du på Stranda der det å gå over til Fausadalen er ein liten tur ut frå stovedøra? Eller: finst det fleire Fausa enn den du når ved å køyre til Fjellsætra i Sykkylven, og vidare langs vatnet mot Storfjorden? God tur i Tafjordfjella, forresten. Er på Åse, og tek gjerne ein tur til kaffibar med trådlaust nett viss eg møter deg der.
Helsing frå Bodil