discursus….

NEWMAN OM DET Å SKRIVE

”A great author, Gentlemen, is not one who merely has a copia verborum, wether in prose or verse, and can, as it were, turn on at his will any number of splendid phrases and swelling sentences; but he is one who has something to say and knows how to say it… He is master of the twofold Logos, the thought and the word, distinct, but inseparable from each other… He writes passionately, because he feels keenly; forcibly, because he conceives vividly..”


Newman-studiar medfører Newman-lesnad. Ei av hans beste bøker er, syns eg, ”The Idea of a University” – der han prøver å overtale det irske katolske hierarkiet som har bede han å starte eit katolsk universitet i Dublin om at det ikkje må vere eit stramt og engsteleg presteseminar, men eit klassisk og ope akademi som i Oxford og Cambridge. Akk, tida var ikkje inne for dette endå for dei trauste katolske biskopane. Men Newmans føredrag, som seinare blei bok, er gull verd. Sjølv om Newman nok gret blodtårer av vonbrot over at prosjektet ikkje blei som han ynskte.

Her talar han om skrivekunsten, om det litterære. Han var – i kraft av heile den kulturen han kom frå – ein lítterær person. Det endra også måten å drive teologi på. Synet for at trus-sanningane fyrst og fremst er levande tekstar; forteljing, bilete, symbol, teikn… Som i Bibelen og i liturgien.  Når Newman skriv,  praktiserer han det han lærer – som ein av dei store skribentane og språkbrukarane i det Viktorianske England.

Kva gav han slik kraft? Det at han var Logos-forankra; han visste at det fanst meining, sanning, noko  som kunne finne gjenklang i alle menneske, lek eller lærd. Og han visste at denne meininga syner seg i uttrykksmåten, at form og innhald heng saman. Han var sjølv ”master of the twofold Logos”.  Å ha noko å seie, noko som har hald, som er tenkt og levd, som både er motteke gjennom den store menneskelege overleveringa – og som har gått gjennom livet til den som skriv. Og så å ville meddele det, for ein kvar pris.

 Det verkar så sjølsagt, men det er sjeldan. Fordi det er krevjande å leve så lyttande, så eksistensielt, så kontemplativt og så engasjert på same tid  at ord stig opp til overflata av hjarta – som tale, som skrift.

All skriving og tale har å gjere med han som er Ordet, Logos; Kristus. Han som ”opplyser kvart menneske” (Joh 1). All skapande verksemd er ”deltaking”   -  i Guds skaparakt, i Guds tanke.

 

 

J. H. Newman, The Idea of a University, ed. Reinhardt & Co., Inc, Toronto 1960, s. 219

Legg att eit svar