carpe diem/discursus…

ROMA-NTIKKEN

I dag kom varmen skikkeleg til Roma! Heldigvis sat eg svalt og dunkelt under loftsbjelkane på “Keats and Shelley House” ved Spansketrappa – for å lese om Coleridge et co. Eg har no skjøna at sjølv om Keats, Byron og Shelley ikkje var truande (i alle fall ikkje Shelley), var dei likevel i kontakt med Coleridge og “den sida” av Romantikken; dei dyrka han ein god del og likte dikta hans godt. Coleridge skreiv vidløftige-, ikkje u-systematiske, men spreidde tekstar on teologi, filosofi, litteratur og politikk. Men det var ikkje bøkene som var greia. Hans enorme innflyting (dei som kritiserer han, må ergerlege innrømme det) på ein heil epoke skuldast like mykje Personen; hans liv, lidingar, nevroser, drugmisbruk, pengeproblem, forelskingar, venskapar… Og dette er jo noko av Romantikkens idé. “Heile personen” med sitt intensive liv, det er filosofen – filosofien! Eg hugsar Bjørnsons dikt, om si tid som ung student ein stad i verda: “Jeg levet mere enn jeg sang…!” Han var så aktiv, personleg, at han fekk ikkje dikta noko!

Immanuel Kant, etter klisjéen og legenden (og et trur han har noko for seg, élas!) ein nokså pedantisk fyr frå Aust-Preussen (men ein stor filosfof!) – skal ein gong ha grynta til ein “elev” av seg, Jacobi (ein spennande og lite kjend tysk, klårt kristen filosof!) som tenkte meir utfrå det estetiske, det intuitive og det åndelege: “Filosofi er grunnleggjande prosaisk!”. Typisk “klok” utsegn som alle som vil reknast for fornuftige og nøkterne og ansvarlege og vitskaplege, vil akklamere.

Coleridge et co såg meir sjela i tinga – som i desse linene frå eit lite dikt (”Phantom”) om eit vakkert menneske:

“She, she herself, and only she,
Shone through her body visibly”

Dette er heile Romantikken, filosofisk – og teologisk. Skal snart skrive noko om ‘teologi’ og ‘antropologi’; det har vorte aktualisert av nokre kommentarar.

Eit sveittande God natt! Eller God dag!, om du les dette på dagtid… Vindauga er ope, Roma-natta susar inn, svart og varm.

4 kommentarar til “carpe diem/discursus…”

  1. Are Hugo Pripp seier:

    Kjære pater Arnfinn;

    Det er alltid spennende og interessant å lese om ditt arbeid med Romantikken. Når planlegger du å utgi artikler eller bøker om din forskning innen dette feltet? Det er sikkert mange som vil lese mer om ditt arbeid.

  2. K seier:

    Sorry, I can’t contribute in the discussion – but I find the heading amusing, and most certainly very typical you !!!!

  3. arnfinnharam seier:

    Akkurat no – frå i går kveld – har eg eit teknisk problem her så eg får ikkje lagt ut nye postar. Det med utgeving/bøker kjem eg tilbake til…

    Så dersom ikkje det rettar seg, kan det bli litt bloggpause her.

  4. arnfinnharam seier:

    Problemet har løyst seg – i alle fall ser det sånn ut! Som sagt før; skal prøve å få gjeve ut noko på papir mellom permar når er tilbake i fedrelandet.

Legg att eit svar