carpe diem…

‘FRIARS’ I FYLGJET

Eg studerer altså Coleridge for tida. Engelsk diktar, filosof/religionsfilosof, teolog (f. 1772)– ei av dei store i den engelske Romantikken, saman med Wordsworth o.a. Når du les, kjem du, som Oskeladden, over mange ting du ikkje eigentleg ser etter, i bøkene sin ”vegkant”, så å seie.

Som i denne passasjen frå ”The Statesman’s Manual” der Coleridge er innom folkelege religiøse ytringar: valfarter, bønekransar og anna som verka litt rart på den trass alt veloppdregne anglikanaren han var.

I det underlege opptoget fins det luringar så vel som asketar; ”sensuality one one side and self-torture on the other, followed by the motley group of friars, pardoners, faquirs, gamsters, flaggelants, mountebanks and harlots”

Så der møtte eg meg sjølv i prosesjonen: ”Friars”, brørne - det vanlege engelske namnet på tiggarmunkane, som fransikanarar og dominikanarar. Eller som det meir presist heiter: Fraters Minores, småbrørne (fransiskanarane) og Fratres Prædicatorum, preikebrørne (dominikanarane)! I mellomalderen vart fransiskanarane ofte kalla ’gråbrørne’ i si brungråe kutte, og dominikanarane ’svartbrørne’ (eng: blackfriars) med ei svart kappe utanpå den ull-kvite. Luther var også tiggarmunk, forresten; Augustinar-eremitt.

Coleridge kjende nok den folklege forteljinga om valfartane til Canterbury (“The Canterbury Tales”) – og der er ikkje akkurat ”the friars” framstilte i det beste ljoset… Sikkert overdrive, men ikkje usant. Det rare er at trass kritikken av forfallet i desse ordnane – vi skal hugse på at dei rekrutterte vidt og breidt og raskt, og blei svært talrike – høyrde dei med i mellomalderens menasjeri, i Guds store ”Noahs-ark”. Guds kåpe var vid den gongen..

Det kan vel også vere at skikkelege og seriøse ”friars” tidleg blei sett på som litt raggete outcasts. Og det var jo, sant å seie, litt av vitsen! Den hl Thomas Aquinas, av napolitansk adelsfamilie,vart kidnappa av dei kjøtlege brørne sine der han gjekk (!) på veg til Paris, etter å ha joina desse fattige galningane. Hadde han endå sikta på å bli ein mektig abbed på Monte Cassino, så kunne ein vel ha tolt hans svik mot familiens ære ved å gå inn i ordenslivet. Men å bli ’mendiant’, tiggarbror, desse nye lusefantane! Det var skandale.

Kanskje skulle livet til klosterfolk i det heile, og til ”the friars” særleg, vere litt meir radikalt, litt mindre velfrisert og soft edged..? Kanskje høyrer vi heime i prosejonen av dei merkelege: gamblarar (gamsters), prostituerte (harlots), sjarlatanar (mountebanks).. Og til og med: fakirar (faquirs)! Eller: Jesus, tollarar, syndarar….

See what I mean, Coleridge?(han var forresten hekta på opium).

Leave a Reply