officium…

Måndag 12.mai, St Pankras, martyr; Responsorium etter 1. lesing (matutin)

”Iste sanctus pro lege Dei sui certavit, usque ad mortem, et a verbis impiorum non timuit”

(”Denne heilage mannen kjempa for sin Guds lov, like til døden, og for orda åt dei gudlause ottast han ikkje”)

”Usque ad mortem…”, like til døden – det er ord med tungt kristent innhald. Kristus var ”lydig til døden, ja, døden på krossen ”(Fil 2). Eg hugsar orda frå då eg avla mine endelege lovnader, knelande, med mine samanlagde hender i hendene åt Provinsialprioren, fr Bruno; som ein vepnar eller vasall svèr truskap til sin Riddar – og riddaren er djupast sett Gud i Kristus; ”like til døden”. Og kristne ektefolk lovar truskap og kjærleik til kvandre og til Gud, på same vis; ”like til døden”. Eigentleg er det berre ei fullbyrding av dåpslovnaden, på ulike måtar. Vi er døypte til eit heilt liv med Kristus; forsakinga av djevlen og vedkjenninga til Den treeinige Gud lyder ved kvar dåp. ”Like til døden”. Det står eigentleg med usynleg skrift over kvar døypefont.

Meiner vi det? Meiner eg det? Om eg har kraft til å halde ut, er noko eg berre kan vone på og be om. Men eg har insett at det aller verste og usle eg kan tenkje meg, er å bli ein fåfallen, ein apostat, ein som ”var” kristen, som ”var” katolikk. Men som har brote – eller berre bøygd gradvis av, slik det oftast skjer. Ein som ope avsvèr seg det han trudde før. Det syns eg er det tristaste av alt Trist. Ein som på den siste dagen skal sjå den Herren han fyrst fylgde og så forlet. Det er den yttarste Utfordringa, å utfordre sin eigen Skapar, opp i andletet.

”St Pancras” – det er meir enn ein jarnvegstasjon i London. Det er eit menneske, ein martyr, eit vitne. Her i Roma. Under Diokletians forfylgjingar. Sikkert eit enkelt menneske, ein ung kristen frå oldkyrkja, eit romersk menneske. Men no eit evig oppreist menneske fordi han visste: ”Usque ad mortem!”

Det får elles gå som det må, men med Guds nåde aktar eg å henge med til siste runde. Det er visse ting ein berre innser. Heilage Pankras: Be for meg.

Leave a Reply