officium…

PINSE, ‘femti dagar’ etter Påske…

Pinsedag, Akklamsjon ved forbønene (1.vesper)

”Emitte Spiritum tuum et renova mundum”
(”Send ut din Ande og forny verda!”)

Det er det Pinsa handlar om. Denne bøne-akklamasjonen hentar orda sine frå Salmen som seier: ”Send ut din Ande, Herre; og vi vert skapte, og du fornyar andletet åt jorda”.

Vi er så vane med å splitte røyndomen at ”det åndelege” berre har med det indre å gjere. Og det som berre er ”indre” blir så lett borte i ei støvsky. Også i karismatiske krinsar, der Andens gåve blir vektlagd, er det ofte berre dei ’personlege’ opplevingane som er i fokus. Men Guds Ande angår heile livet. Fordi Gud er éin, fordi himmel og jord er eitt, fordi skaparverket er éitt, fordi Guds vilje med verda er at ho skal verte éi verd av alle ’nasjonar og tungemål’, fordi livet vårt er eitt, med kropp og sjel.

Guds Ande var med då verda vart skapt. Guds Ande verkar heile tida i skaparverket; utan Anden ville alt døy og forvitre. Utrenninga av Anden på Pinsedagen er Andens gåve i fullt mål og gjeven på ein slik måte at vi vert fornya i djupet av vårt vesen; Gud legg si lov i hugen vår, som profeten Jeremias seier (Jer 31, 31ff), det er ’den nye pakta’; og vi får nye, levande hjarto, seier profeten Esekiel, han som også ser i eit syn korleis Anden kjem over dei turre og døde beina av Isarel så dei vert levande (Esek 36 og 37).

Denne Andens gåve verkar alt no - med Kyrkja som sjølve ’strålingssenteret’ – men skal utfaldast heilt og fullt på Den store Pinsedagen når Messias kjem att.

Skjønar vi då at både vårt personlege liv, Kyrkja sitt liv, det politiske livet, det intellektuelle livet, kunsten og arbeidslivet - heile ”økologien”, heile det store ”hushaldet” som verda er, har eit åndeleg perspektiv? I Pinsa bør vi be, ja rope til Gud som den tyrste ropar etter vatn, om Andens gåve: Veni, Spiritus Creator!- som det heiter i den Pinse-sekvensen som vi song her ved høgmessa i dag tidleg; ”Kom Heilag Ande, Skaparmakt!”

Fylden av denne gåva, som er Gud sjølv, kan vi berre ta imot som bots-Anden. Profeten Sakarja seier i ein profeti om Pinsedagen, både den historiske i Jerusalem og den eskatologiske, ved enden av tida:”Over Davids hus og Jerusalemsbuane renner eg ut ei nåde-og bøneånd. Då skal dei sjå på meg, på han som dei har gjennomstunge, og syrgja over han liksom ein syrgjer over einaste sonen…” (Sak 12, 9f; les også Joel 3).

Med den sorga, kjærleikens djupe smerte, tek all glede til. Gleda i den fornya venskapen mellom den avviste Gud og det bortkomne mennesket.

Den gleda som heile skaparverket lengtar etter.

2 Responses to “officium…”

  1. Kristin Says:

    Nå er jeg tatt opp i det hellige katoslke fellesskap og det var en stor og god handling. Sterk. 1. pinsedag gikk jeg til messe i Fredikstad og kirken der er utrolig vakker -
    som slipper inn verden utenfor. Så mens vi sang, sang vi sammen med måkene som fløy rundt kuppelen. Og teksten ble lest på 6 eller 7 forskjellige språk! Alle skjønte alt!

  2. new Says:

    Gratulerer, Kristin! Har du vore med i Den norske kyrkja før? Kor gamal er du? Det treng du sjølvsagt ikkje fortelja….

Leave a Reply