Archive for May 10, 2008

carpe diem…

Posted in carpe diem on May 10, 2008 by arnfinnharam

KVELD…

Det er sein Pinseaftan her på klosteret. Sit for det meste i mi celle, skrivande. Difor eg er her i Roma; må kome i mål, så helg og yrke glir litt i hop. Kjem med ei pinsehelsing i morgon, vonar eg. Berrre eit lite kveldsvink no…

For stundom er eg innom bloggstatistikken som Word Press tilbyr - og då kan ein også klikke seg inn på andre bloggar, og det ser ut som om dei slenger inn bloggar frå der du er i verda. Så altså: ein blogg, skriven her, men tydelegvis av ein amerikanar eller brite. Som har ein blogg om musikk og svært ungdommeleg kultur. Der kjem eg over namnet på eit rocka blues-band med namnet:”The Invisible Band” (bloggen heiter forresten: “The reborn pagans”, så ein skjønar at dette ikkje er ein Vatikan-blogg, hehe). Som nokon vil vite, jobbar eg med Newman og eit sentralt tema i hans teologi: “The world Unseen” eller: “The Invisible World”. Den åndelege dimensjonen; englane…

“The invisible Band” syner kanskje at “det åndelege” er hot på mange frontar i dag. Eg ser det som eit hint om at ein søkjer noko “utanfor”, om enn aldri så vagt. Det kan også, dessverre, vendast i retning av dei vonde åndsmaktene - som også er ein del av “the invisible world”. Flørtinga med desse er fårleg, samstundes som det også uttrykkjer ein trend mot det overnaturlege. Eg plar seie at folk i Noreg er veldig mot djevelens eksistens - for finst han, då finst kanskje også Gud, og det er langt verre! :)

Vel, eg var berre raskt innom dei “gjenfødte” heidningane og vende tilbake til trygge linkar som ‘Indremisjonsbloggen’, ‘Katolikken’ og ‘Breheim-bloggen’. Nynorske bloggar, seff!

Så eg får seie som det stod i den italiensk/engelske bloggen ( den med “Guitars, Synths And Assorted Madness From The Coolsounds & Magick Studios):

“Such is life andf it gets suchier every day”!