discursus…

TRAJANS SØYLE
- ein romersk meditasjon

Frå: William Wordsworth: ’ The Pillar of Trajan’

”Memorial Pillar! ’mid the wrecks of Time
Preserve thy charge with confidence sublime –

The exultations, pomps, and cares of Rome,
Whence half the breathing world received its doom.

O weakness of the Great! O folly of the Wise!
Where now the haughty Empire that was spread

With such fond hope? Her very speach is dead;
Yet glorious Art the power of Time defies,

And Trajan still, through various enterprise,
Mounts, in this fine illusion, toward the skies;

Still are we present with the imperial Chief,
Nor cease to gaze upon the bold Relief

Till Rom, to silent marble unconfined,
Becomes with all her years a vision of the Mind!

Nokre liner frå Wordsworths dikt herfrå strøket, konsipert på ei Italia-reise i 1825. Han var altså her, ein av dei diktarane eg jobbar med i mine studiar av den Romantiske epoken i England – som bakgrunn for John Henry Newmans teologi.

Rett her nede på flaten under klosteret, på Forum Romanum, står keisar Trajans søyle, med innhogne ”teikneseriar” av kampar og sigrar, ei heil historie i spiral oppetter den enorme søyla..

Men for Wordsworth, som for mange, er sigers-søyler like mykje minnesmerke om kulturars og sivilisasjonars fall som for deira framgang. Mitt inntrykk er også, som eg har skrive i eit dikt her, at antikken ikkje utan vidare er Romas levande røyst. Turistar trakkar rundt - og ser og ser. Eg trur dei må gå inn i kyrkjene, gjerne dei små og anonyme, for å høyre. Der trunar Kristus på si sigersøyle, krossen, og seier: -O weakness of the Great! O folly of the Wise!

Likevel – med eit samlande syn på historia som ein del av ei meniningsfull utvikling, med spor av Gud – kan dei romerske monumenta, massane av bygningar, ruinar, brotstykke og fragment, saman med kyrkjene, katakombane og klostra; det mystiske, kristne Roma; byen over apostelgravene, bli eit bilete, eit symbol, på det indre livet i mennesket. For romantikarane var dette sjølve ”greia”: Den ytre røyndomen er eit symbol – ikkje som vi ofte forstår det, som ein billeg illustrasjon – men eit fortetta, levande bilete som held røyndomen saman for oss, og i oss.

Difor ser vi byen, som alltid vil vere ein æveleg stad, eit verdsentrum (’whence half the breathing world received its doom’) – eit symbol på menneskesinnet; ein intellektuell, åndeleg og moralsk By, med si historie, sine triumfar og nederlag, si lange røynsle, stadig på veg mot orden, fred og venskap.

”Till Rome, to silent Marble unconfined/ becomes with all her years/ a vision of the Mind”…

”Til Rom, ei meir av stille marmor mura inn/ skal bli, med alle sine år / biletet av vårt sinn” .

Det er i alle fall ein måte å sjå det på.

Leave a Reply