officium…

Onsdag, vike 3, antifon for Påsketida (laudes)

”Regem in decóre suo videbunt oculi nostri, alleluja”

(”Ein gong skal augo våre sjå kongen i hans prakt, alleluja”)

Kongen er Kristus; hans ’dekór’, hans prakt og hans regalia vart iført han i borga åt lansdhovdingen Pilatus: Raud kappe, klungerkrans og røyrstav. Det var hans hermelin, hans krone og hans septer. Ein narrekonge. ”Hoffet” hans var hirdmenn frå hovdingborga. Kongesongen var: ”Krossfest, krossfest!”

Dei hengde han på kross-trona; blodet kom i staden for kappa, hendene vart nagla; han måtte sleppe alt, også røyrstaven. Berre klungerkrona beit seg fast.

Regem in decóre suo videbunt... Den latterlege og latterlegegjorde Guden. No- som då: Avvist av høg og låg.

Ein dag skal alle skjøne meininga i Guds ironi; narrekongen ’narrar’ alle: Han skal stå synleg fram i sin guddomlege ’dekór’; han er Kongen som er garanten for rett og rettferd, for all venleik og harmoni. Den gode kongens rike er alltid like vakkert som hans klednad. Vi skal sjå han – ”and all dreams will come true”! Vi skal sjå han – og alt vondt vi har sett, skal bli som om vi aldri såg det.

”Det blir ein gong…” slik startar Guds eventyr. Og mest eventyrleg: Min eigen ’dekór’ vert fornya når eg ser han. Alt eg skammar meg over, vik bort –

”og støvets drakt som her meg bandt/ blir klar som diamant”!

9 Responses to “officium…”

  1. Kristin Says:

    Vi skal sjå han, og alt vondt vi har sett, skal bli som om vi aldri såg det.
    Det skal jeg forsøke å tenke på så ofte som mulig.
    Jeg vil bare fortelle deg at etter samtaler med deg, og”valfart” til Mexico, og mange gode samtaler skal jeg i morgen tas opp i det katolske fellesskapet, av pater Joseph.
    Det er god følelse. og en stor utfording.

  2. arnfinnharam Says:

    Det var veldig gledeleg! Gratulerer!

  3. fransiska Says:

    Kristin: Må bare føye meg til det, Hjertelig tillykke! :) Alt godt!

  4. arnfinnharam Says:

    Versågod neste! :)

  5. new Says:

    Eg stiller meg bakerst i køen, kanskje…. men Per Mases, han blir verande der han er…og det er kanskje det beste for fleire….eg meiner at der er oppgåver nok der og….

  6. arnfinnharam Says:

    Per Mases er heroisk - men eg trur han har “vaska seg bort i eit hjørne”.
    Og oppgåver manglar det ikkje nokon plass, dei som ‘må’ vere der dei er, oppmuntrar eg! Men, som kjent, for å flytte på verda, treng ein eit fast punkt…

  7. arnfinnharam Says:

    Og ‘bakarst i køen’ treng ikkje vere så langt bak; det finst svært korte køar :)

  8. new Says:

    Men akkurat denne køen er vel ikkje så kort?

    Og eg stiller meg ikkje i kva slags som helst kø….men kanskje i tillegg i den for folk som vil melda seg ut av eit politisk parti…. nå for tida går det jo over stokk og stein…

    Men elles har Noregs Mållag teke inn i arbeidsplanen eit punkt om nynorsk kyrkjemål…der har jo de ein jobb å gjera! Landsmøtet vedtok og samrøystes - ein blank ungd., ei fråsegn om fleire nynorske salmar i ny salmebok i Dnk. Eg hadde trudd at nokon frå HEF kanskje ville yppa seg, men der var kanskje ingen… I alle fall, eg tykkjer det er bra at organisasjonen skjønar saka - og ein ung katolikk ville ha gudsteneste på sumarleiren til målungdomen. Du får melda deg, så kan det bli katolsk - med nynorsk liturgi! Bortsett frå at sumarleiren skal vera i Aurland i juli, og det er eit stykke frå Oslo… men slik kan kanskje køane bli lange etterkvart…. ein sau att som skal lemma….sikkert siste nattevakt dette…fantastiske vårdagar her :-)

  9. Maria Says:

    Nydelig officium. Vi trenger alle å påminnes at verdens prakt er et narrespill. Herrens eksempel sjokkerer, men er så vidunderlig symbolladet og sant. Hans vei tiltrekker, verden blir frastøtende. Det gir fryd å tenke på at ingen lidelse, ingen hån vi utsettes for er forgjeves; vi har alle del i lidelsens frelsende kraft. Som Kirke vil vi vinne på å etterleve dette essensielle offeret; frasi oss all makt og prakt. Den hellige Ånd vil vise oss vei.

Leave a Reply