officium…
Posted in officium on May 7, 2008 by arnfinnharamOnsdag, vike 3, antifon for Påsketida (laudes)
”Regem in decóre suo videbunt oculi nostri, alleluja”
(”Ein gong skal augo våre sjå kongen i hans prakt, alleluja”)
Kongen er Kristus; hans ’dekór’, hans prakt og hans regalia vart iført han i borga åt lansdhovdingen Pilatus: Raud kappe, klungerkrans og røyrstav. Det var hans hermelin, hans krone og hans septer. Ein narrekonge. ”Hoffet” hans var hirdmenn frå hovdingborga. Kongesongen var: ”Krossfest, krossfest!”
Dei hengde han på kross-trona; blodet kom i staden for kappa, hendene vart nagla; han måtte sleppe alt, også røyrstaven. Berre klungerkrona beit seg fast.
Regem in decóre suo videbunt... Den latterlege og latterlegegjorde Guden. No- som då: Avvist av høg og låg.
Ein dag skal alle skjøne meininga i Guds ironi; narrekongen ’narrar’ alle: Han skal stå synleg fram i sin guddomlege ’dekór’; han er Kongen som er garanten for rett og rettferd, for all venleik og harmoni. Den gode kongens rike er alltid like vakkert som hans klednad. Vi skal sjå han – ”and all dreams will come true”! Vi skal sjå han – og alt vondt vi har sett, skal bli som om vi aldri såg det.
”Det blir ein gong…” slik startar Guds eventyr. Og mest eventyrleg: Min eigen ’dekór’ vert fornya når eg ser han. Alt eg skammar meg over, vik bort –
”og støvets drakt som her meg bandt/ blir klar som diamant”!