carpe diem…

RETUR ROMA, IGJEN

Gardermoen. Eg rakk å feire den fyrste messa i klosteret (St Dominikus, Oslo) før eg måtte fly avgarde til flyet. Vemodig å reise frå Noreg ein vårdag som denne. Godveret kom medan eg var på Golsfjellet. Alt fredag ettermiddag letta det opp så eg fekk gått meg ein lang tur bortover moane. Og i går synet fjella seg oppover langs Tisleifjorden, inn mot Jotunheimen på andre sida av Valdres-dalføret. Reisa nedover til Oslo i går var vakker. Ustyrlege elvar som esa opp i den heftige snøsmelitinga, spydde seg nedover fjellsidene, brune av jord og leire som var virvla inn i den strie straumen. Den store elva i dalbotnen, Begna, tek alt med seg, vid og mektig; fyller Sperillen til randa og renn sidan, brei som Nilen, nedover forbi Eiker og Hokksund – etter å ha kvilt seg ei stund i Tyrifjorden og når sitt mål som - av alle stader - er Drammen!

Eg opplever av og til at elvar og bylgjer talar til meg, utan at eg heilt skjønar det med det same. Denne gonge sa det: -Noko er i ferd med smelte, å fløyme over, å endre landskapet, å bane veg for noko nytt. Vi er i ei kulturell overgangstid. Spennande.

No må eg stikke til Gate 40, Køpenhamn neste, så Roma. Vi bloggast!

5 Responses to “carpe diem…”

  1. Kristin Says:

    Jeg har funnet noen vakre vers som har litt å gjøre med det du skriver. Versene er skrevet av Omar Khayyam en perser som ble født ved soloppgang 1047 og skrivekunsten hans heter Ruba’iyat. Her kommer tre av dem:

    No veit eg éin er til, og berre éin,
    det les eg av kvart, kvart blad, kvar grein.
    Då hjartans synning i sanning ljos fekk sjå,
    vart myrkret lkøyvt, og allting akein.

    Fyrst mannen høgg seg ned med Kjærleiks sverd,
    er han foreining med den Kjære verd.
    Du trår mot kjærleik, makt du søkjer og,
    men ingen begge finn på same ferd.

    Sjå maimåenen lyser stor og rund;
    Skjenk vin i alle staup i slik ei stund!
    Statt opp, min ven, for rosa brest av frygd;
    kom lat oss sviva kring frå lund til lund.

    Vakkert, hva?
    Oversatt av Johannes Gjerdåker

  2. Kristin Says:

    Han ble selvsagt født ved soloppgang den 18, mai, 1047

  3. arnfinnharam Says:

    Svært vakkert dikt - og Johannes Gjerdåker er ein strålande omsetjar, ein av dei aller beste!

  4. Ingvild og Paul Says:

    Det er vel ikke så rart at man velger å avslutte reisen sin i Drammen vel ? :) Det burde flere enn bare strie elver gjøre. DU for eksempel??? For som du sa de selv en mørk høstdag på Hurumlandet: “Drammen. -the city of our dreams!!” Velkommen!!

  5. arnfinnharam Says:

    Ingvild og Paul, så kjekt! Dette med Drammenselva var berre ein test for å røyke ut blogg-lesarar frå Drammen! Det funka! :) . Akkurat no bytta eg gjerne Roma mot Drammen og Tibern mot Drammens-elva; så eg kjem så snart eg kan, etter sommaren! I strie straumar!

Leave a Reply