Archive for May 4, 2008

carpe, carpe diem…

Posted in carpe diem on May 4, 2008 by arnfinnharam

RETUR ROMA II

No sit eg faktisk inne i flyet, som enno ikkje har teke av frå Køpenhamn/Kastrup; mellomlanda her; Roma kl 1800, God willing. Sol her også… No startar siste etappe på dette studieopphaldet, fram til 26.juni. Då skal eg heim til Noreg via dei franske dominikanarprovinsen sine Provins-dagar i Lyon.

Har med litt ekstra bøker i sekken no, for skrivinga; Wordsworth’s Collected Poems, og Coleridge, ymse av han.. Skal lese i det på flyturen nedover. Fly er raskt, men meir stressande enn toget…

Det blir fint med Pinse i Roma. Kyrkja treng å opne seg for Andens gåve, heile tida. Liv som ikkje fornyar seg, går i døds-modus. Både kropp og sjel.


rakk akkurat ikkje å sende ovanståande før den pålogga nett-tida gjekk ut, 10 sek forseint - og sidan (kl 1545) har eg vore i lufta, landa i Roma/Leonardo da Vinci, teke toget inn til Termini og buss 64 ned Via Nazionale til Largo Angelicum. No sit eg trygt her ved glaskarmen min, ope vindauga mot kjende siluettar ‘”hinsides” Forum Romanum. Meir seinare..

carpe diem…

Posted in carpe diem on May 4, 2008 by arnfinnharam

RETUR ROMA, IGJEN

Gardermoen. Eg rakk å feire den fyrste messa i klosteret (St Dominikus, Oslo) før eg måtte fly avgarde til flyet. Vemodig å reise frå Noreg ein vårdag som denne. Godveret kom medan eg var på Golsfjellet. Alt fredag ettermiddag letta det opp så eg fekk gått meg ein lang tur bortover moane. Og i går synet fjella seg oppover langs Tisleifjorden, inn mot Jotunheimen på andre sida av Valdres-dalføret. Reisa nedover til Oslo i går var vakker. Ustyrlege elvar som esa opp i den heftige snøsmelitinga, spydde seg nedover fjellsidene, brune av jord og leire som var virvla inn i den strie straumen. Den store elva i dalbotnen, Begna, tek alt med seg, vid og mektig; fyller Sperillen til randa og renn sidan, brei som Nilen, nedover forbi Eiker og Hokksund – etter å ha kvilt seg ei stund i Tyrifjorden og når sitt mål som - av alle stader - er Drammen!

Eg opplever av og til at elvar og bylgjer talar til meg, utan at eg heilt skjønar det med det same. Denne gonge sa det: -Noko er i ferd med smelte, å fløyme over, å endre landskapet, å bane veg for noko nytt. Vi er i ei kulturell overgangstid. Spennande.

No må eg stikke til Gate 40, Køpenhamn neste, så Roma. Vi bloggast!