discursus…

eg legg ut ’konsept-manuset’ for foredraget i dag for dei 250 delegatane her, over emnet eg hadde fått oppgjeve. Hovudpunkta/eit konsentrat…

’BLÅ KORS’ – ÅRSKONFERANSE, FRED 2/5-08; FOREDRAG: ”KVA ER DET ’FELLESKRISTNE?’ ”

Vi er i dag vitne til ei endring av haldningar og konstellasjonar i det som handlar om ’det felleskristne’. Uventa konstellasjonar: Katolske kyrkje og Misjonssambandet/lågkyrkjeleg kristendom står saman. Jamvel Pinsevenene og karsimatiske rørsler er inne i dette (døme). Ikkje berre når det gjeld det ’etiske!; også når det gjeld dogma/lære. Rett nok har dei tradisjonelt ’katolsk-kritiske’ endå vondt for å innrømme endringa, men det er kulturavhengig, og vil endre seg vidare.

I eit protestantisk dominert miljø som det norske, har ’det felleskristne’ lett blir konsentrert –eller redusert – til nokre enkle parolar: -Bibelen! Jesus! Nåden!

JA til alt dette – men vi lever i ei tid der fornkla slagord/honnørord ikkje er nok. Dei kunne fungere så lenge den den overleverte, vanlege kristendomen og kristendomskunnskapen låg som eit grunn-nivå i landet/kulturen, innmura i sjølve det norske byggverket - av den historiske kyrkja både før og etter Reformasjonen.

Den tida er no forbi – både i samfunnet og i kyrkjelivet.
Vi treng tjukkare og djupare/lengre røter!

Tjukkare:

Sjølve læra om Den Treeinige Gud. Treeingsdogmet. Det har avgjerande tyding for trua på Gud, på skapinga, på verda, på frelsesverket, på det kristne livet.

Saman med det: Læra om Kristus. Det Kristologiske dogmet. Det har også avgjerande tyding for tru og liv. Kristus, Gud og menneske. Inkarnasjonen. 1 Tim 3, 16:

”Og samstemt vedkjenner vi at mysteriet i vår gudstru er stort: Han vart openberra i kjøtet, rettferdigjort i Anden, sedd av englar, forkynt mellom folkeslag, trudd i verda, oppteken i herlegdom”

Dette er articulus stantis et candentis ecclesiæ ! Den trusartikkelen som kyrkja står- og fell med!

Lengre:

Røtene kan ikkje bli tjukkare om vi ikkje gjer dei lengre. Berre ved det kan vi auke den teologiske substansen og dermed styrken og krafta i trua og truslivet!

Og no nærmar vi oss ’den store tradisjonen’, historisk forstått.

Vi har eit negativt tradisjonsomgrep, både i den sekulære og den kristne kulturen i Noreg. Hugs: Noreg er skapt av Kielland, Ibsen, Brandes o a ; vi er oppflaska med at fortida er ”dum”, notid og framtid er det som tèl. Verda går berre framover, kyrkja må fylgje med.. Slik ”progressivisme” lever endå, trass to store verdskrigar.. Men ’tradisjon’- av gresk ’paradosis’ , tyder ’overgjeving’, å gje vidare, og motta. Livet er ei gåve. Trua er ikkje ’vår’ oppfinning’, men noko vi har motteke, som er blitt oss overlevert. Dette er Tradisjonen, med stor T.

Trua lever av det overleverte. Ei levande overlevering (Rom 10; om trua som kjem av forkynniga, som kjem av sendinga. Ein stafett!).

Døme på korleis viktige truselement er blitt ’overleverte’, traderte:

1 Kor 15: Oppstoda :
”For fyrst og fremst overgav eg til dykk det som eg sjølv hadde motteke, at Kristus døydde for syndene våre, i fylgje Skriftene, at han vart gravlagd, at han stod opp att tedje dagen, i fylge skriftene, og at han vise seg for Kefas og deretter for dei tolv”

1 Tim 3,16 Inkarnasjonen;
som vi høyrde: han vart ”openberre i kjøtet” ; jfr 1 Joh 4,2: ”Kvar ånd som vedkjenner at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod, er av Gud”.

1 Kor 12,3b: Jesu Guddom, ei vedkjenning /eit credo: ”Ingen kan seia ’Jesus er Herre!’ utan i Den heilage Ande”

1 Kor 11,23: Om Nattverden:
”For eg har teke mot frå Herren det eg óg har overgjeve dykk: At Den natta Herren Jesus vart sviken, tok han brødet, takka, braut det og sa: Dette er min lekam (kropp) som vert gjeven for dykk. Like eins…

Fram mot 400-talet har den kristne arven/tradisjonen konsolidert seg, gjennom avklåring (kampen mot vranglæra) og stabiliserer seg vidare mot 1000-talet.

’Den store tradisjonen’ – som er fundamentet for det felleskristne, eller som er det fellesskristne består m a av dette:

- Kanon, Det Nye Testamentet

-Dogma; Credo. Nicnum (325) (’av same vesen som Faderen..’) og Kalcdon (451 ) (éin person – den guddomlege; Sonen, Logos/Ordet – to naturar’)

- Sakramenta

Eucharistien /Nattverden (> liturgien)

Dåpen.
Klart sakramentalt/frelsande for dei kristne i oldkyrkja (jfr Apostoliske fedre, Hippolyts kyrkjeordning osv )
Som initiasjon(innføring i kyrkja; ikkje berre noko individuelt; kllårt knytt til forsaking og tru! Fylgt opp av krismering(konfirmasjon), salving med Krisma. Den truande blir i dåpen/konfirmasjonen: Prest, konge og profet!

Liturgien.
Nemner her særleg: Eucharistien/messa:
Arven frå Israel/jødedomen (ordets- og nattverdens liturgi; synagoga, påske(og frternitets-)måltidet.
Sjølvsagt med nattverdfeiring på Herrens dag (Dominica): ei verkeleg feiring av Den oppstandes nærvere! Deltakinga i den himmelske liturgien – og i skaparverkets liturgi. Om dette skulle vi hatt eit heilt seminar. Alle har ein ’liturgi’, men oftast tynnare enn den klassiske/oldkyrkjelege/felleskristne; prega av personlege begrensingar, innfall og idear..Men liturgien er ei feirng av ”heile Guds rård”, ikkje berre av ”mitt” åndelege liv, ”min” åndelege horisont.

-Kyrkja- som ordna og synleg fellesskap i verda. Kristi kropp!
Karismar, embete.. Eit verkeleg samfunn – diakonien!

-Mystikken, det indre livet. Sølibatet og det monastiske livet – frå ørkenfedrene og framover. Røtene i Bibelen: Elias, Johannes Døypar; Jesus…
Det er her diakonien vinn djupne, vinn kjærleik – som Johannes, kjærleikens apostel, som låg opp til Jesus hjarte, Jesu bryst.

-Den grunnleggjande kristne etikken. T d kva ekteskapet er.

Dette er den vegen vi må velje, finne saman på. Eigentleg har vi ikkje noko val, for berre kristendom som er forankra i dette og lever i dette, vil oveleve! Ved frukosten i dag spurde eg ein deltakar om vegen til møtesalen; han sa: du skal opp, ut – og litt tilbake..

Det er det vi skal no, for å finne vårt kall: Opp! Ut! – Men fyrst: litt tilbake!

-

4 Responses to “discursus…”

  1. Blix Says:

    Dette var en veldig fin måte å skrive manuskriptet. Det gir veldig god mening, for katolikker, å lese dette. Og, dessverre, helt perfekt for moderne mennesker, som vil komme igjennom innholdet på kortest mulig tid, og med minst anstrengelse,,,,,,,,

  2. Jorsalfar Says:

    Det er interessant å merke seg at en del evangelikale protestanter begynner å interessere seg for liturgi og stille spørsmål ved de vedtatte “sannheter” i evangelikal gudstjenesteteori, f.eks. kravet til “relevans” og en gudstjeneste “tilpasset” den moderne kultur. I Christianity Today har det vært interessante artikler om dette i det siste, bl.a. under overskriften “Deeper Relevance. Why some evangelicals are attracted to the strange thing called liturgy”: http://www.christianitytoday.com/ct/2008/may/36.38.html

  3. arnfinnharam Says:

    Takk! Har lese linken din - og det var ein veldig bra artikkel! Eg tilrår sterkt alle evangelikale (lågkyrkjelege protestantar) å lese denne; så dei ikkje heile tida må slite seg ut med å “finne opp kruttet på nytt” ! :)

  4. Det felleskristne « Arne Berge Says:

    [...] Les heile foredraget her. [...]

Leave a Reply