Archive for May, 2008

officium…

Posted in officium on May 31, 2008 by arnfinnharam

31. mai; Marias vitjing, 2. Responsorium (matutin)

 ”Venite, audite, et narrabo vobis…”

 (”Kom hit, høyr, så skal eg fortelje dykk… ”Sal 65,16)

Marias vandring opp i fjellet for å vitje Elisabeth; ikkje minst i Noreg har ein sett dette for seg i eit norsk landskap. Tenk deg Thomaskyrkja  mellom Valdres og Sogn der denne festen vart feira før, i juli –etter den gamle kalendaren. Maria på Filefjell! Noko lett og gledefylt med eit stort rom rundt, med veldig himmel over.

Børa er barnet som ho ber under hjarta. Ho har verkeleg noko ”på hjarta”; ho har noko ho må fortelje! Ho kjenner det på seg, i seg; veit ikkje heilt kva, men ho har hatt gjesting av Bodberaren, ho har funne nåde hos Gud, ho har teke mot noko som sprengjer alt ho skjønar, alt ho anar, men ho har sagt: Lat det hende! Fiat mihi! Og snart skal Elisabeth tale velsignande til henne og seie underlege ord om at ho skal verte mor til HERREN hennar..Og ho kan berre svare med song: -Magnificat anima mea Dominum! -Mi sjel høglovar Herren!

Maria er eit bilete på kyrkja; kyrkja som ber fram Ordet, Sonen, Frelsaren! Som må kalle folk til seg og skunde seg til dei: Venite! Kom hit! Audite! Høyr etter, det er viktig! Narrabo! Eg har noko å fortelje! Eg tumlar og snublar innover fjella for å fortelje det! Med ord, med mitt ivrige liv, med song; ja, mest av alt med song; i lovprisinga, i eucharistifeiringa, i tusen tunger!  Alt dette handlar om kva han har gjort mot alle, mot folket sitt, men midt i det:  ”quanta fecit Deus animæ meæ”, om kva Gud har gjort mot meg, i livet mitt!

Kyrkja sin lovsong er Marias lovsong; ein menneskeleg lovsong, med kjøt og blod, med røynsle (det ufattelege møtet!). Og ein sti under foten.

 

carpe diem…

Posted in carpe diem on May 31, 2008 by arnfinnharam

STADIG LITT BLOGG-TRUBBEL ,

men det går bedre! Skal snart ta litt “vask” og “opprydding” i elektronikkens kjellar- og loftsetasjar; det samlar seg mykje el-skrot i datamaskiner. Takk for gode råd - og linkar…

officium…

Posted in officium on May 31, 2008 by arnfinnharam

Høgtida for Jesu heilage hjarte, Antifon, Benedictus/Sakarjas lovsong (1. Vesper)

 ”Ignem veni mittere in terram, et quid volo nisi ut accendatur?”

 (”Eld er eg eg komen for å kaste på jorda; kor eg ville at han alt var tend!”, Luk 11,49)

 Dette er Jesus-ord som er uventa for mange. Herren opnar sitt hjarta vidt opp i desse orda. Ofte talar han meir stille; lærande, i likningar, underleg og likefram på same tid. Enkelt. Han held tilbake den fulle gløden i sin guddom; han tala også ”i ein tenars skapnad”. Men stundom er det Tabor-ljos og Sinai-brann i orda hans. Som her.

 Det er Guds eld. Gud er eld. Ein fortærande eld (Hebr.)– som kjærleikens eld er fortærande: ”For kjærleiken er sterk som dødsriket i si trå. Han brenn som logande eld, han logar mot himlen” (Høgsongen 8, 6). Og apostelen Jakob seier: ”Med brennade iver gjer Gud krav på den ånda han har late bu i oss”(Jak 4,4).

 Jesu ord var eit varsel om Pinsedagen – for vi kan aldri skjøne det han sa og gjorde, ei heller at han leid og døydde, stod opp og sette seg på sigerplassen i universet, ved Faderens ”høgre hand” dersom vi ikkje ser heilt fram til Pinsefesten i Jerusalem. Då kom elden frå himlen, då steig han ned – for å setje verda i brann gjennom forkynninga av Evangeliet.

 Kva gjer du med dei orda av Herren som dirrar, som er fulle av uro og iver? Han er tålmodig. Ja. Men han er også utålmodig. Han er ingen demagog, sanninga treng ingen geberdar, han held røysta si tilbake. Ja. Men han har også eit skrik i orda sine; det han ropte ut på krossen, då han ”ropa med høg røyst” og  anda ut (Luk 23,46).

 Kristi ”høge røyst”. Kristi uro. Som skaper uro.

 Sløkte ord og eit sløkt liv. Det er nok for mange. Men ikkje for han som kastar eld på jorda.   

carpe diem/discursus…

Posted in carpe diem on May 30, 2008 by arnfinnharam

 

LESEGLIMT FRÅ NEWMAN-INSTITUTTET I ROMA

Eller: Med spyttebakk på preikestolen.

 

Tysdag var det ”Keats and Shelley House” ved Spansketrappa; onsdag (og i går)  var eg  på det romerske Newman-instituttet, i Via Aurelia, bak Vatikanet, litt oppi bakkane.. Fint bibliotek, svalt og godt i Roma-heten. Nokre systre frå Austerrike driv plassen. Svært imøtekomande.

Som Frater Oskeladd finn eg, som før, mange rare ting langs lese-vegen. Av ting eg var innom i dag, i forbifarten, var stoda i The Church of England på byrjinga av 1800 –talet. Eg siterer og fortel litt hulter til bulter – frå samtida åt Newman et co:

Den offisielle, anglikanske kyrkja var prega av ”apathy and irreverence”; prestane var ofte ikkje teologar, men klassisk utdanna (antikkens språk og litteratur); ein lat overklasse, lite motiverte for den åndelege og pastorale tenesta.

Og gløym det du assosierer med anglikanisme i ein seinare fase: med liturgisk, ”katolsk” høgtid, vakker song etc… I ei vanleg landsens kyrkje var det ofte ein svær tre-dekka preikestol midt i kordøra, ”altaret” var eit stusseleg bord i det fjerne; der var det gjerne  blekkhus og penn til underteikning av attestar og dokument (eit lite prestekontor!) eller det tente som garderobebord for kyrkjelydens hattar, pledd, kåper, frakkar og paraplyar. I døypefonten kunne det ligge skurebørstar og golvtvoger (så det var vaskekottet!), men det var ikkje så fårleg, for –hald deg fast – ofte vart det ikkje nytta vatn ved dåpen!!

Dette viser også at den statskyrkjelege forslappinga gjekk saman med den markerte, lågkyrkjelege protestantismen som alltid har vore ein del av anglikanismen (meir calvinsk enn luthersk) og som fekk ein oppsving med Cromwell. Ein forfattar (Neal), skriv at då han kom som kapellan til ei kyrkje, var han vitne til at kyrkjetenaren labba opp på altaret og stod der for å opne aust-vindauga i kyrkja!

”Altar” var eigentleg forbode, ein tala om ”communion table”, og presten stod for enden (nordenden), altså ikkje austvendt, og heller ikkje vendt mot folket; han skulle ikkje stå midt for altaret – for då kunne det vere uttrykk for ”popery” (”papisme”, katolisisme), for katolsk messeoffer-lære og ritualisme.  Og dette var ein del av den offisielle ordninga (t o m Newman praktiserte dette i si soknekyrkje som anglikansk prest..)

”Popery” var det også dersom ein hadde ljosestakar på ”altaret”; det blei oppskrik då ein prøvde seg – og vedkomande fekk tillating til å ha ljosa der, men ikkje tenne dei! Og blomar? Fysj; i alle fall berre éin vase! Og fargen på blomane måtte ikkje vere kvit på helgendagar og ikkje raude på martyrdagar – for då kunne nokon tenkje at ein vill gjeninnføre liturgiske fargar og altså –”popery”: Slike reglar måtte biskopane gje heile tida – for klagene på Oxford-folka hagla inn!.

Over kordøra (eller deromkring) var det greitt å ha sin ”stol” for  den lokale adelsfamilien eller landeigarfamilien. Eit augevitne fortel at midt under gudstenesta, når tida var der, kom ein tenar frå slottet med lunsjbrettet til Lorden! Gudstenesta vart som regel forretta av presten i vanlege klær, med ei open og skiten korskjorte slengt over. Messehakel og den slags var uhøyrt. I høgda den svarte prestekjolen (stundom knekort av omsyn til reve- og fasanjakta, krokket-spelinga, coktailselskapa og middagane som presten i eigenskap av lokal gentleman sjølvsagt var med på).

Tekstane i Bøneboka (Book of Common Prayer – ei nydeleg bok!) vart ikkje sungne, men leste– og ein plass brukte presten å stå på preikestolen og veksellese med forsamlinga med skråtobakk-klypa i munnhola  – og for kvart ’amen’ som avslutta dei oppsette Davids-salmane, spytta han skråa ut (i ein spyttebakk, må vite!).

Holy Communion (nattverdfeiring) var det mange stader berre tre gongar for året. Mens preikene var laaange; ”expansive sermonising”, som det blei kalla i boka eg las dette i.

Kyrkjesongen var dårleg (som han var det her til lands også på den tida). I ei bok om den store fornyinga av kyrkjesongen (slik vi kjenner det frå anglikanske kyrkjer i dag) står det om den ikkje uvanlege lokale tilstanden:

Conscious of their standing as local musical celebrities, the singers indulged their vanity without restraint”  Virkar kjent?  : ) 

Den liturgiske krisa var sjølsagt uttrykk også for ei teologisk og åndeleg krise. Så kanskje  var det ikkje så rart at det kom ei Oxford-rørsle og ein Newman?

 

 

 

 

 

carpe diem/discursus…

Posted in carpe diem, discursus on May 27, 2008 by arnfinnharam

ROMA-NTIKKEN

I dag kom varmen skikkeleg til Roma! Heldigvis sat eg svalt og dunkelt under loftsbjelkane på “Keats and Shelley House” ved Spansketrappa - for å lese om Coleridge et co. Eg har no skjøna at sjølv om Keats, Byron og Shelley ikkje var truande (i alle fall ikkje Shelley), var dei likevel i kontakt med Coleridge og “den sida” av Romantikken; dei dyrka han ein god del og likte dikta hans godt. Coleridge skreiv vidløftige-, ikkje u-systematiske, men spreidde tekstar on teologi, filosofi, litteratur og politikk. Men det var ikkje bøkene som var greia. Hans enorme innflyting (dei som kritiserer han, må ergerlege innrømme det) på ein heil epoke skuldast like mykje Personen; hans liv, lidingar, nevroser, drugmisbruk, pengeproblem, forelskingar, venskapar… Og dette er jo noko av Romantikkens idé. “Heile personen” med sitt intensive liv, det er filosofen - filosofien! Eg hugsar Bjørnsons dikt, om si tid som ung student ein stad i verda: “Jeg levet mere enn jeg sang…!” Han var så aktiv, personleg, at han fekk ikkje dikta noko!

Immanuel Kant, etter klisjéen og legenden (og et trur han har noko for seg, élas!) ein nokså pedantisk fyr frå Aust-Preussen (men ein stor filosfof!) - skal ein gong ha grynta til ein “elev” av seg, Jacobi (ein spennande og lite kjend tysk, klårt kristen filosof!) som tenkte meir utfrå det estetiske, det intuitive og det åndelege: “Filosofi er grunnleggjande prosaisk!”. Typisk “klok” utsegn som alle som vil reknast for fornuftige og nøkterne og ansvarlege og vitskaplege, vil akklamere.

Coleridge et co såg meir sjela i tinga - som i desse linene frå eit lite dikt (”Phantom”) om eit vakkert menneske:

“She, she herself, and only she,
Shone through her body visibly”

Dette er heile Romantikken, filosofisk - og teologisk. Skal snart skrive noko om ‘teologi’ og ‘antropologi’; det har vorte aktualisert av nokre kommentarar.

Eit sveittande God natt! Eller God dag!, om du les dette på dagtid… Vindauga er ope, Roma-natta susar inn, svart og varm.

poetica…

Posted in poetica on May 27, 2008 by arnfinnharam

dette skreiv eg i Strasbourg for mange år sida; passar her i Roma også, no…


VESTNORSK DRAUM

Draget av vind over fjorden

å lette ange av salt
saman med angen
av furene granene
bjørkene ospene

og dei brudekledde aplane
med tunge raudkvite blomar

og angen
av lysande lette brudemøyar av
kirsebærtre

og av den drivkvite
viljesterke heggen

og gløym ikkje einekagen
med sin kvasse friske eim!

å fjorden min
å strendene mine
i den unge førsommarens fang

officium…

Posted in officium on May 26, 2008 by arnfinnharam

-ein meditasjon om det heilage landet - og om oss...

ABRAHAMS SVEVN (Gen 15, 5-18 )

”Elden for fram mellom kjøtstykka…” slik står det i forteljinga om Abraham som la offeret til rette på det primitive altaret, slik Herren hadde bode. Redsle og mørker kom over han.

Men fyrst hadde han sovna. Han orka ikkje meir. Ikkje meir tvil og frustrasjon fordi kvart steg han hadde teke i tillit, berre førte ut i nye absurditetar. Guds ”gøyme og leite”-leik.
Når du både trur og ikkje orkar å tru, når du både held ut og gjev opp, når du både er blind og sjåande, når du er alt på ein gong – då kan du berre sovne i Guds armar, berre flate ut, berre gli avstad, berre falle, falle innover i det uendelege djupet, innover i Gud. Og når du vaknar, er det ikke ljos og fred, men eit agande nærvere, ei ur-hand som ristar deg, ein eld som fær fram og tilbake mellom kjøtstykka i livet ditt.

Då – når det berre er ulmande glør igjen av deg – då sluttar han pakt med deg, han som er Israels Redsle. Då opnar det store landet seg, frå Egyptar-elva til Eufrat. Eit land du ikkje visste om. Fløymer det med mjølk og honning? Langt i frå! Det er berre kaktus og ørken og bergskorter og dessutan fullt av moabittar og jebusittar og filistrar.

Men storhavet slår mot strendene i vest og høgt i nord bylgjer det i reine liner rundt vide innsjøar. Og endå høgare opp lyser Libanons sedrar under si kvite krune. Fritt er landet – eller i ferd med å bli det; heile tida i ferd med å bli fritt. Landet der Gud veks opp og går ikring på vegane, gjestar byane…

‘Israel’ heiter landet. Eit fritt land. ”Du har kjempa med Gud – og vunne”, heiter det; Ruben, Benjamin, Sebulon og Manasse heiter det… Alle vakre namns land. Alle dine namns land. Og det vart født i mørker, født i redsle, medan sola var i ferd med å gå ned, medan elden for fram og tilbake; den fortærande elden, den elskande elden.

carpe diem…

Posted in officium on May 25, 2008 by arnfinnharam

SJEKK KOMMENTARANE…

Til dei som har posta kommentarar og spørsmål i det siste: Det skal ligge ein svarkommetar på plass no, stort sett. Og til blogg-lesarane: Hugs at det står mykje vettugt i innkomne kommentarar… Sjølv prøver eg å henge med i bloggen så godt eg kan i stadig Roma-eksil. No nærmar heimreisa seg (den 26. juni, om Gud vil). På tide.

officium…

Posted in officium on May 25, 2008 by arnfinnharam

Corpus Christi, 2.antifon (matutin)

”Si quis sitit adveniat ad me…”

(”Den som tyrstar, han kome til meg…”)

Kva er eit menneske? Ein som tenkjer? Er ’fornufta’ det mest menneskelege? Eg vil heller seie: Menneske er den som som seier: -Eg tyrstar! Som i bibelsk/johannesisk språkbruk er det same som å seie: -Eg lengtar! ”Som hjorten lengtar etter rennande bekker, slik lengtar mi sjel etter deg, å Gud!”, seier Salmen.

Mennesket er eit lengtande vesen. Også i den greske filosofien og diktinga visste ein dette: Mennesket har ’eros’, trå’ (”begjær”), ’désir’ (fransk). Slik er vi skapte av Gud. Dessverre har vi ofte berre oppfatta det erotiske som seksuelt og ’trå’ i det heile som syndig. Og ’eros’, ’trå’, kan misbrukast fordi det er råka av syndefallet. Men det er ikkje syndig i seg sjølv. Tvertom: eit menneske som ikkje kan lengte, med den styrke som ordet ’trå’ eller ’attrå’ avspeglar – det mennesket lever ikkje. Er ikkje menneskeleg.

Det er lett å ta ein from short cut og tru at så skal vi altså berre lengte etter Gud. Men det er umogeleg, for mennesket elskar og lengtar berre med det éine hjarta som det har! Den som ikkje kan elske menneske eller det som er godt, kan heller ikkje elske Gud.

Gud lengtar etter oss; etter ein verkeleg kjærleik, like verkeleg som den han elskar oss med. Ikkje ein sær-religiøs papp-kjærleik. Han elskar oss som menneske – med kropp og sjel, hud og hår.

Også Gud tyrstar. Då han, i Kristus, hang på krossen sa han sju ord; seks av dei var eigentleg fleire ord. Berre eitt av ropa hans er attgjeve med berre eitt ord (i den greske originalen, og på latin): -Sitio! -Eg tyrstar! Det var nok. Det ordet rommar alt. All hans smerte. All hans kjærleik. All hans lengt.

Så menneskeleg er Gud. Så menneskelege må vi òg vere. Gud og menneske kan berre falle til ro i kvarandre. Lengt mot lengt.

officium…

Posted in officium on May 24, 2008 by arnfinnharam

24.MAI, TRANSLATIONIS S.P. DOMINCI, PRESBYTERI
(minnedagen for overføringa av vår heilage far Dominikus, prest)

Frå den korte skriftlesinga; Efes 3, 8-9 (laudes)

“Mihi omnium sanctorum minimo…”
(”Til meg, den minste av dei heilage…”)

Den heilage Dominikus, prekebrørne sin far og ordensstiftar, døydde i Bologna i Italia og vart gravlagd der “sub fratribus pedibus”, under føtene åt brørne, under kyrkjegolvet. Mange under hende på hans forbøn; han vart “flytta over” (av det kjem translatio) i eit verdigare gravmæle og etterkvart helgenkåra (1234).

Dette feirar alle dominkanarbrør- og systre og alle lekdominikanarar i dag. I laudes las vi den korte lesinga frå Efesarbrevet, apostelen Paulus si “eigaerklæring”: “Til meg, den minste av alle dei heilage, er denne nåden gjeven: å forkynna for folkeslaga den glade bodskapen om Kristi ufattelege rikdom og føra Guds frelseplan fram i ljoset, det mysteriet som frå evig tid har vore løynt hos Gud, han som har skapt alt”.

Her ligg heile eksistensen åt Preikebror-ordenene, dominikanarordenen. Å forkynne for folkeslaga om Kristi ufattelege rikdom, om Guds frelsesplan, om mysteriet som frå æva har vore løynt hos Gud. Ein rikdom, ein plan, eit mysterium som skal opnast opp, gjerast kjend. Gjennom studiar, medtasjon, bøn, lovprising, forkynning i skrift, tale og liv. Prædicare, laudare, benedícere! - det er preikebrørne sitt motto: -Forkynn, lovpris, velsign!.

Det er utstrålinga frå dette store kallet som får Paulus til å seie med lett hjarte, det som elles kunne vere tungt nok når han tenkte på si fortid: “Til meg, den minste av alle dei heilage…”.
Den heilage Dominikus var, som Paulus, ein intens, men ikkje ein “barokk” og storslagen person. Han glødde, innanfrå og ut. Han sa, med heile seg det Paulus sa: “For meg er livet Kristus…”

Det er dette som skaper apostelen og det apostoliske livet som dominikanrane er kalla til. Og alle kristne, på sin plass, i si livsform. “Til meg, den minste av dei heilage.. “, “sanctorum minimo…” Guds “minimum” er så stort: du er eit menneske av kjøt og blod, du står midt i verda, i universet, du er eit kristent menneske - og for eigen del legg eg til:ein katolsk kristen, for meg er det “basic”, alt det andre er tillegg - Kristus har, uventa, stogga framfor deg på vegen og sagt: “Vade prædica!”, som det står på Dominikus-ikonet i klosterkyrkja ‘Santa Sabina’ her i Roma.. “Gå og forkynn!”.

Stundom kjennest alt det vanskelege i livet for stort, det vonde for sterkt. Då kjenner du styrken og berekrafta i Guds “minimum”. Då kan du seie: Eg, “… den minste han kjenner på jord. Tenk eg skal hans sendebod vera/og gå med ei underfull trøyst!/Guds englar den bod skulle bera/med lovsong og jublande røyst!” Då skjønar du òg at det eigentleg ikkje finst nokon verdigare gravstad for eit menneske enn under føtene åt sine brør.