artiklar…

prenta i ‘Klassekampen’, “Signert”-spalten, sist laurdag….

UT AV SJENANSEN

Av bror Arnfinn Haram

Nettboka åt Jon Michelet burde vore utgjeven som vanleg bok, seier Espen Stueland i sin omtale her i Klassekampen nyleg. Kvifor valde forfattaren å ikkje gjere det, undrar Stueland. ”Kan det skyldes genanse over at den er så utleverende, full av engstelse og uro?”, spør han.

Ja, det kan nok vere – men uro og angst over kva? Sjølvsagt over det å utlevere seg; sjukdomen, tankane på døden, nedbrytinga av eins egen kropp. Men ingen ting av dette er det heilt uvanleg å skrive om. Derimot har det lenge vore uvanleg å skrive om sjukdom, kropp og død i møtet med det som kanskje kjem etter døden. For det er ikkje minst det boka åt Michelet handlar om. Det er ei bok om metafysikk, om tru, om Gud, om bøn og æveleg liv. Sjølv om Michelet ikkje greier å tru, greier han å skrive ei bok om sterkt tabuiserte tema i notidig litteratur. Han er sjenert – men han overvinn sjenansen.

Stueland likar boka og det er modig berre å innrømme det. Men å gå nærare inn på Michelet sine eksplisitte, religiøse tema, vert for sjenerande. Det gode med både boka og bokmeldinga er at vi etterkvart kan få ein samtale om kvifor metafysiske og telogiske emne er blitt så plagsame i den ”korrekte” kulturen. Kvifor all denne sjenansen over tema som til overmål fyller kulturhistioria; i litteraturen, i musikken, i biletkunsten? Kvifor er det i Noreg meir sjenerande å snakke om Gud enn å gå naken på gata?

Både Stueland og andre er nok letta over at Michelet forblir ateist og tru mot si vantru. Kor sjenerande ville det ikkje elles ha vorte? Det er ei heilt skvær sak å vere vantru. Samstundes syner boka åt Michelet ei nok så urealistisk forventing om kor raskt og greitt trusspørsmålet let seg avklåre dersom ein lenge og vel har vore ein innbarka ateist. Det er svært få av våre overtydingar som berre sit hovudet; dei sit i kroppen og i livskjensla. Det har funnest tider då byars ”vestkantfolk” knapt nok kunne førestelle seg at det fanst folk på ”austkanten”. Dei hadde aldri vore der.

”Religiøst engasjement” er ikkje noko ein kan la seg ”fyre opp” til – slik Stueland formulerer det. Like lite som å lese ei bok eller forstå musikk. Å gjenoppdage trua – om ikkje for å tru, så i det minste for å kunne ta stilling til trua - er ikkje gjort over natta. I vår kultur har kunnskap om teologi og spiritualitet vore møysommeleg fortrengt over lang tid. Religiøs ”erfaring”, både vår eigen og den åt andre, har vorte noko eksotisk og pussig. Er ikkje boka åt Michelet i høg grad ei forteljing om uventa og forundrande møte med truande menneske? Som han våga å sleppe inn på seg fordi sjukdomen og døden hadde brote hol i panseret?

Èin ting er det å skrive om død, sjukdom og angst. Noko anna er det å eksponere tyngden av åndelege og moralsk innhald i desse orda. Det er der motet sviktar. Det er då sjenansen melder seg. Hjå forfattarar og kritikarar. Helse, harmoni, smerte, medisinering, pleie – det vågar vi å snakke om. Men det som er ”etterpå” – eller kanskje etterpå – det har vi dyssa ned. Vi har bytt ut Kristus med Epikur og trudd hans devise: ”Når eg er, er ikkje døden. Når døden er, er ikkje eg.”

Michelet seier at han stadig er samd i dette. Men han har tillate seg å ikkje vere heilt sikker ei stund. Det kan vere fårleg nok.

Leave a Reply