01
Mar
08

nota bene…om debatt/kommentarar

Til orientering om debatten/kommentarane:

Som redigerar av bloggen er det eg som har det personlege ansvaret for å vurdere form og innhald i kommentarane. Blogg er “offentleg tale” og særleg at ein kan vere anonym, pålegg eit ekstra omsyn for dei som skriv.

Eg ser sjølsagt gjerne ein debatt om det eg tek opp i ‘nota bene’ og generelt om spørsmål knytte til islam, fleirkulturelt samfunn o s v. Men eg ynskjer at denne bloggen skal 1) bidra til ein rimeleg høvisk diskurs i samfunnet og 2) føre debatten vidare og kome utover rein polemisk repetisjon. Etter mitt skjønn opnar nokre av dei fyrste innlegga i denne runden opp for ein debatt som lett vert prega av det motsette.Og som dermed umogeleggjer ein reell og naudsynt debatt.

Dei innlegga som kom på (eg har ingen førehands-kontroll)etter at eg to gonger hadde sagt frå, har eg sletta og sendt ei tilsvarande grunngjeving som denne direkte til kommentatoren.

NB: Med dette opnar eg ikkje opp for ein “debatt om debatten”; det er berre til orientering for brukarane av bloggen.

Fr Arnfinn H


0 Svar to “nota bene…om debatt/kommentarar”



  1. No Comments Yet

Legg att eit svar