Officium…
Måndag, vike 2, sl 45 (vesper)
”Du er den fagraste av menneske” (v 3)
I denne salmen er det ikkje rop og klage, berre poetisk yndest og kurtise. Det er ei hylling til den messianske brudgomen – og til brura. I openberringa sitt fulle ljos ser vi at det handlar om Jesus Messias, om det universelle gudsfolket som er kyrkja – og om henne som er eit bilete på kyrkja: Maria møy.
Brudgomen vert poetisk presentert i all si prakt og all sin venleik. Jesus er ikkje berre kongsson, son av Faderen, han som er ”kongen over kongane og herren over herrane” (1 Tim 6, 15). Han er også vår bror, eit menneske, ja: ”den fagraste av menneske”. Fordi han er Mennesket; den nye Adam, ”den siste Adam”, ”det andre mennesket” som er ”frå himmelen” (1 Kor 15, 44ff). Han er det fornya gudsbiletet – ”og likesom vi har bore biletet av det jordiske mennesket, så skal vi òg bera biletet av den himmelske” (ib.)
Jesu andlet – Guds andlet, ja, men også vårt. Mennesket er vakkert, med kropp og sjel. Ikkje ”filmstjerne-vakkert”, og likevel med den venleiken som dei store kunstnarane har sett og skildra. Det er lov å sjå etter den menneskelege venleiken, etter mennesket sin estetikk. Men vi skal vite at den verkelege venleiken alltid er fordjupa av mennesket sin åndelege venleik, av det djupet som visdomen, som trua, vona og kjærleiken gjev; den venleiken som skin fram også i det mennesket som er merkt av liding; i det gamle mennesket, i det sjuke og det skada. Gjennom den konkrete, menneskelege kroppen og skapnaden lyser Kristi skapnad fram.
Mennesket er vakkert – for vi ser oss i Han og Han i oss.