Carpe diem…

Sol over Roma. Kalde kveldar og morgonar. Eg trivst svært godt på cella mi; ho ligg høgt i klosteret, som igjen ligg på ei høgd. Rett utanfor vindauga ragar det opp ei palme, litt vinterslapp, men likevel eit lite paradisteikn.

Det er fint å streife litt i byen no. Dei smale gatene på Marsmarka, rundt Pantheon, Piazza Navona, i områda ned mot Tibern. Ein dag skal eg vandre meg ein tur til Gianoccolo, høgdedraget mellom Sta Maria in Trastevere og Vatikanet. Eg er ingen Roma-kjennar, så spesialistar må orsake alle omtrentlege geografi-referansar o l..

Vakkert, altså, men støvete. Her må det vaskast klær; ullkvite dominikanarkutter blir fort “sorte får”-aktige i denne lufta. Noko av det beste med å rusle rundt i Roma, er at kyrkjene er opne, heile dagen. Plutseleg står du framfor ei ny barokk-fasade, eit gudshus du ikkje visste om. Ein del av det urbane landskapet. Og inne er det alltid heilt stille; ikkje arrangert “stllle-kirke-for-turister”, men rett og slett fullt av naturleg overnaturleg fred. For å be i. Kristi nærvere. Guds hus. Englars heim. Og ein heim for mennesket. Så enkelt.

I morgon startar studiearbeidet for alvor. Meir om det.

4 Responses to “Carpe diem…”

  1. Kristin B.Aa. Says:

    Kjære fr Arnfinn, jeg ønsker deg all mulig lykke med ditt arbeid. Roma er en vidunderlig by å arbeide i, bibliotekene er mange og fantastiske, både med hensyn til innhold og arkitektoniske omgivelser. Nest etter Vatinakbiblioteket er min favoritt det franske akademiets, i tredje etasje i Palazzo Farnese, med utsikt over Birgitta-kirken og plassens liv. For snart ti år siden var jeg faktisk student på Angelicum, ikke innskrevet på ordenlig — er det andre enn ordensfolk som blir det, forresten? — men som del av et kurs i paleografi og middelaldertekster som lånte lokaler av dominikanerne. Undervisningsrommene var heller ikke oppvarmet, så jeg har klare minner om valne fingre over notatene… Pax et bonum, Kristin

  2. arnfinnharam Says:

    Tusen takk, i kveld sit eg faktisk på ein retaurant ved Piazza Navona, invitert av biskop Bernt (som er i Roma eit ærend) saman med dei norske seminaristane. Veldig hyggeleg. I morgon er det oppstart for studiearbeidet mitt her (Newman g Grundtvig), mest metode-saker. Spennande…

    Eg har det svært fint på klosteret, med nydeleg utsikt over det gamle Roma. Hels alle der heime!

  3. Ingrid Says:

    Heldiggrisa, messunde dokk, men unde dokk det alle. Håpe dokk hadd det fint. Hels alle frå me.

  4. arnfinnharam Says:

    Takk for det, vi hadde det fint! I dag byrjar jobben, for min del. Det blir bra!

Leave a Reply