vestpå kjem våren no, snart…
TIDLEG
Kjære bjørkeskog
når er du vakrast?
kanskje
når du kler deg i den fyrste
lette grønsken
førsommarens brudeslør?
eller kanskje
når du let den sterke julisola
sile gjennom dine mogne
viftande rankar
for å lyse opp i rikdomen
av angande blomar
som står tett
i skuggen under greinene dine?
eller kanskje aller helst
når du berre er eit hav
av fiolette
uferdige
sår-vare
levande knoppar
i våren før våren…
februar 13, 2008 ved 5:16 am |
Kjære bror.
Noen liker dattera, noen foretrekker mora og heldigvis også noen bestemora.
Hilsen søster R
februar 13, 2008 ved 8:38 am |
Dersom ‘våren før våren’ er dottera, held eg nok ein knapp på henne…