carpe diem…

FASTETIDA

Det burde vere like sjølsagt for kristne å praktisere sin religion som det er for andre truande – som t d muslimar som held fast på sin feiring av Ramadan. Dessverre har trusutøving i Vesten blitt noko reint “privat” og “personleg”, litt kjensler, haldningar og moralske “motiv”. Teoriar og idéar. Dette har sin plass, men tru er praksis. Også kristen tru.

Faste er, som bøn, ein allmenn, menneskeleg praksis. Som siktar på konsentrasjon og sjølvkontroll. Gud har skapt oss med apetittar og lidenskapar, dei er – som alt Gud har skapt – av det gode, men skal ikkje ta over styringa. Faste – det er å ikkje “sleppe rattet”, det er å kunne styre livet, kropp og sjel, mot eit mål. Mot Gud. Faste har også ein sterk sosial dimensjon (Jes 58); det er å opne livet sitt, også sine materielle resursar, for andre. Faste er å skape samfunn rundt seg.

Kyrkja si fastetid veks fram frå det oldkyrkjelege katekumenatet (dåpsopplæringa), som kunne ta lang tid, kanskje eit par år. Dåpsterminen var oftast i Påska, i sjølve Påskevigilien, og dei siste vikene før dette var ein ekstra “innspurt” for katekumenane. Det kristne synet på røyndomen inneber at vi har med åndlege krefter å gjere, også med demonanane. Før dåpen, måtte katekumenen lære seg å konfrontere Fienden og hans “åndehær” (Efes 6). Akkurat som Jesus av Anden vart send ut i øydemarka rett etter sin dåp i Jordan – for å verte testa i møtet med Satan før han tek til på si offentlege gjerning, fullbyrda i hans eigentlege dåp: krossdøden(Matt 4). Styrken i vår inste motivasjon lærer vi nettopp i omgangen med våre lidenskapar og apetittar. Difor var dei førti dagane i ørkenen Jesu fastetid. Som Israel var førti år på ørkenferd, fordi Gud ville teste sine tenarar, finne ut kva som budde i hjarta deira, lære dei at “mennesket lever ikkje av brød åleine, men av kvart ord som kjem frå Guds munn” (5 Mos 8,3).

Alt dette kling igjen i kyrkja sin fasteperiode. Det er stadig ei intensivtid for katekumenane; vaksne som skal døypast i Påska, noko som vil verte stadig vanlegare. Det bør vere ei fornyingstid for alle som alt er døypte, i forsaking og tru. Ei “repetisjonsøving” for ecclesia militians, den stridande kyrkja.

Konkret:
-redusere mat og måltid.
-redusere stimulansar og underhalding. Stille tid.
-redusere sosialt liv og selskapsliv (tradisjonelt inga bryllupsfeiring i fastetida; ei s k “lukka tid”)
-gje til fattige, gjerne gjennom Caritas eller andre naudhjelporganisasjonar (og eg vil leggje til: ikkje gå forbi dei som tiggar)
-gå til skriftemål
-ta del i fastetida sine gudstenester
-les noko som fordjupar deg som menneske og kristen

25 kommentarar til “carpe diem…”

  1. Marit seier:

    Ble ikke Jesus først døpt (Matt 3) og så ført ut i ødemarken (Matt 4)? Ellers takk for viktig påminnelse nå i fastetida.

  2. arnfinnharam seier:

    Det har du sjølsagt rett i; berre ein ’slip of the head’ i farta! Det blir retta opp no! Takk! :)

  3. Herman seier:

    Hvordan skape samfunn rundt seg og samtidig redusere det sosiale livet? Og -skal vi åpne våre materielle ressurser for andre bare i fastetiden, eller er denne tiden “avsatt” til dette for å markere den spesielle perioden, for å “forhindre” at fastetiden på denne måten strekker seg over større deler av året?

    Bare noen spørsmål som kom meg i hu. Fortsatt god fastetid!

    Hilsen Herman

  4. arnfinnharam seier:

    Samfunn er meir enn ’selskapslivet’. Også fellesskapen har dessutan godt av at vi drar oss tilbake av og til, det gir djupne til oss sjølve og dei andre. Utan ‘pausar’, blir også vår kontakt med andre overflatisk.

    Samfunn skaper vi også ved å verke for sosial rettferd. I ein fastetekst av profeten Jesaja står det: “Så er den faste eg vil ha: at du løyser dei som med urett er bundne, sprengjer banda i åket og friar ut kvar som er trelka, ja, knekkjer kvart åk, at du deler ditt brød med dei som svelt og lèt heimlause stakkarar koma i hus, at du kler den nakne som du ser og ikkje svikatr dine eigne” (Jes 58, 6ff). – Det er dette eg tenkjer på med å “skape samfunn”. Fastetida sin sosiale dimensjon.

    Sjølvsagt skal dette ikkje berre skje i fastetida, men mennesket er eit “dyr” som treng god pedagogikk; ei viss “øvingstid” for dygdene, eit tilbakevendande memento som passar på at ikkje viktige anliggande blir borte. ‘Alltid’ har ofte lett for å bli ‘aldri’, som kjent… Det er i allefall mi erfaring.

  5. Herman seier:

    Hvis du med ‘det sosiale livet’ mente selskapslivet, forstår jeg hva du mener. Men å bygge broer og samfunnsoppbyggende relasjoner, for eksempel på jobben, spre glede og samvære, det er vel også å bygge samfunn rundt seg? Det var det jeg mente at jeg ikke forsto.

    Hilsen Herman

  6. arnfinnharam seier:

    Å vere positiv i sine relasjonar, på arbeid og elles, er heilt i tråd med fastetida sin intensjon, det har du rett i! Det var litt innstramming på “utelivet”og denslags eg hadde i tankane.

    Jesus seier at vi skal vaske andletet og sjå glade ut og ikkje ta på oss ei trist maske når vi fastar. Så takk for denne presiseringa, Herman! :) (faste-smiley)

  7. wen seier:

    Bror A, sidan du nemner tiggarar spesielt, kva for nokre tiggarar tenkjer du på? Korleis tenkjer du?

  8. arnfinnharam seier:

    På alle slags; også på dei som tiggar på gatene i Oslo, Bergen, Stavanger…. Hugs: eg er jo sjølv tiggarmunk.

  9. wen seier:

    Du meiner me skal vera med å betala den daglege dosen?
    Eller me skal halda oppe trafikken der bakmenn frå Aust-Europa sender koner og ungar på gata? Eg veit ikkje om dei har funne nokon heimel mot denne typen tigging ennå.
    Ja, eg veit du er tiggarmunk, men eg synest du kjem i ein annan kategori. Så du meiner vel at dette også er ei tid for å hugsa på klosteret?

  10. Herman seier:

    Om du velger å støtte klosteret på Majorstuen økonomisk er det din egen sak. At frater Arnfinn velger å leve i et fellesskap i økonomisk fattigdom, der Gud er rettesnor, er hans. Mange tiggere ville nok ha det bedre hvis de hadde formet små samfunn og gjort mindre krevende arbeid (som er det man “får” hvis man ikke har utdannelse) og samlet pengene sammen til fellesskapet, fremfor å la seg kue av bakmenn og dop.

    Hilsen

  11. arnfinnharam seier:

    Til Wen:
    -Ja. Bakmennene får vi hamle opp med på andre måtar.

    Til Herman:
    -Enig i at det er viktig å hjelpe fattige til å kome ut av apatien, gjerne ved å fylgje opp dine framlegg.

  12. Rudie seier:

    Hva er en tiggermunk og hva gjør en tiggermunk? Er det forskjell på tiggermunker idag i forhold til de før reformasjonen?

  13. arnfinnharam seier:

    Tiggarmunkane kom på banen på 1200-talet. Som den heilage Frans av Assisi og den heilage Dominikus. Det ”gamle” munkevesenet frå ørkenfederene og framover, slik vi t d finn det i den heilage Benedikts regel (500-talet), avla lovnad om stabilitas loci; å forbli i klosteret heile livet. Ordnar som fylgjer denne livsregelen, lever av det dei produserer, av jordbruk, handverk eller kva det kan vere. I mellomalderen kunne dette bli store institusjonar og dei tok seg av dei fleste sivile oppgåvene – sjukepleie, boksamling, studiar, skulevesen osv.

    Tiggarmunkane var ein del av reaksjonen mot denne feudaliseringa av kyrkja (det oppstod radikale rørsler av omvandrande lekfolk og predikantar, stundom heretiske, som katarane); idealet var Jesus og apostlane som vandra rundt og levde av det folket gav. Også i dag lever desse ordnane (mendikantordnane=tiggarordnane) av gåver, sjølv om vi ikkje lenger tiggar på gatene. Skjønt, det kan vel tenkjast å kome tilbake, om naudsynleg..

    Tiggarmunkane var også predikantar for dei breie laga av folket, på gater og torg – og i sine eigne klosterkyrkjer som ofte var enkle og romslege. Særleg vi dominikanarar har studiar, undervising og forkynning som oppgåve (”Preikebrørne sin Orden”). Tiggarordnane kom til Noreg svært raskt, på 1230-talet (Oslo, Bergen, Trondheim) og restane av både fransiskanar- og dominikanarklostera i Oslo finst i Gamlebyen. Ordnane vart forbodne i reformasjonen (1537). Dominikanarane kom tilbake til Noreg etter reformasjonen 1920-åra og vi har vårt kloster i Oslo. Til sklilnad frå dei gamle ordnane, var /er ein tiggarbror ikkje berre knytt til eitt kloster, men til ordenen internasjonalt. Det gjer at brørne kan vere “lette tropper” som kan sendast ut og inplantere seg etter skiftande behov. For tiggarordnane er det apostoliske og misjonerande livet ein del av kallet.

    Andre tiggarordnar: Karmelittane (som W Stinissen), augustinareremittane (som Luther tilhøyrde) og altså fransiskanarane.

    Tiggarmunkane avlegg dei same lovandane som elles i klosterlivet (bortsett frå stabilitetslovnaden); om fattigdom, lydnad og sølibat – for himmelrikets skuld.

  14. Rudie seier:

    Takk for opplysninga, Pater! ( for du er vel også pater? )

    Det var veldig interessant alt du skrev. Jeg elsker å høre om munker og alt som har med klostervesenet å gjøre ! :)

  15. trond seier:

    En ting jeg synes det er grunn til å løfte frem og minne om nå i fastetiden, er Korsveiandakten. Denne hymnen passer godt å synge mellom stasjonene.

    R:Attende Domine, et miserere, quia peccavimus tibi

    Ad te Rex summe, omnium redemptor, oculos nostros sublevamus flentes: exaudi, Christe, supplicantum preces. (R)

    Dextera Patris, lapis angularis, via salutis, ianua caelestis, ablue nostri maculas delicti.(R)

    Rogamus, Deus, tuam maiestatem: auribus sacris gemitus exaudi: crimina nostra placidus indulge. (R)

    Tibi fatemur crimina admissa: contrito corde pandimus occulta: tua Redemptor, pietas ignoscat. (R)

    Innocens captus, nec repugnans ductus, testibus falsis pro impiis damnatus: quos redemisti, tu conserva, Christe. (R)

  16. wen seier:

    Og kva er bodskapen?

  17. arnfinnharam seier:

    Skal få tasta inn den norske omsetjinga snarast – dersom ikkje du, Trond (eller ein annan) kan gjere det? ALtså leggje ut norsk tekst på Attende? OK?

    Det er ein svært vakker og sterk tekst!

  18. Ingeborg seier:

    Attende Domine melodi og tekst 1600 tallet, Frankrike

    Omkved:
    Hør oss, Herre, og vis miskunn,
    for vi har syndet mot deg.

    1. Til deg, du høyeste konge og alles Frelser,
    løfter vi med tårer våre øyne.
    O Kristus, hør våre ydmyke bønner.

    2. Du som er Faderens høyre hånd, hjørnestenen,
    frelsens vei og himlens port,
    avtvett våre synders skampletter.

    3. Vi bønnfaller din majestet, o Gud.
    La ditt hellige øre bønnhøre våre sukk,
    og tilgi i din mildhet våre misgjerninger.

    4. Til deg bekjenner vi de synder vi har begått:
    Med angerfullt hjerte nevner vi våre skjulte feil.
    Du vår Frelser, tilgi dem i din godhet.

    5. Uskyldig ble du tatt til fange, uten motstand lot du deg føre bort,
    og ved falske vitner ble du dømt i de gudløses sted.
    O Kristus, bevar dem du har gjenløst.

    429 i Lov Herren, katolsk salmebok

  19. arnfinnharam seier:

    Kjempeflott! Takk for innsatsen!

    fr Arnfinn

  20. ingeborg seier:

    Jeg håper mange følger Tronds oppfordring. Gå Korsveien og syng Attende Domini. (Melodien er svært vakker, og da er omkvedet lettere å lære seg.)

  21. arnfinnharam seier:

    Ja, ‘Attende’ er ein skikkeleg slager -i beste forstand! Cantate!
    God natt, folks!

  22. wen seier:

    Takk! Om her skulle vera nokon andre som ikkje er heilt fortrulege med korsveg, kan dei gå på katolsk.no og søkja på Korsvei. Då kjem det opp ein informativ artikkel om bakgrunn og praksis.

  23. trond seier:

    Og om noen vil prøve å si bønnene på latin, så kan man gå til http://www.preces-latinae.org/preces.html , der man finner latin-engelsk utgave, i form av St. Alfonsus Ligouris versjon fra 1787.

    Minner om at det er en avlat knyttet til det å gå en helhjertet korsvei.

  24. w seier:

    Kva slags avlat er det tale om?

  25. trond seier:

    En “plenaravlat”, altså en avlat som utsletter hele den tid i skjærsilden man må sone for en spesifikk synd. En slik avlat gjelder selvfølgelig kun dersom man har skriftet, innehar sann anger og således har sakramental tilfredsstillelse.

    Jeg var litt klumsete og fikk ikke skrevet over at avlaten kun gjelder en av de kirkelig godkjente måtene å gå Korsveien på.

Legg att eit svar