Archive for January, 2008

nota bene…

Posted in nota bene on January 31, 2008 by arnfinnharam

KATOLSK KYRKJEBYGGJING

Dagens Vårt Land slår opp at den katolske kyrkja i Noreg treng å byggje minst ti nye kyrkjer i næraste framtid. Biskop Bernt (Eidsvig) seier –på sin lakoniske, og dermed utfordrande måte – at den statlege innvandringspolitikken har ført mange frå Austeuropa til Noreg. Men mange av desse trur på Gud, seier Eidsvig og legg til at det hadde styremaktene ikkje rekna med… Read more »

officium…

Posted in officium on January 31, 2008 by arnfinnharam

”Kven har mælt havet med si hand og himmelen med utspende fingrar?” (v 12)

I skrivande stund (!) sit eg på bussen mellom Sykkylven og Stranda, ei reise midt gjennom Sunnmørsalpane. Kven har skapt dette storslegne landskapet? Dei retoriske spørsmåla i salmen kan takast opp att her. For israelitten som song salmen fyrst, ville svaret lege på tunga: -Gud, Skaparen! Kven er som han?

For dei som sit rundt meg i bussen og for svært mange menneske i vår kulturkrins er det ikkje slik utan vidare, trur eg. Naturen apellerer nok stadig til dei åndelege sidene åt menneska og kallar fram age, indre ro, kjensle av noko større enn oss. Men Gud? Vi tek ikkje inn hans frekvens lenger, han har falle ut av forteljinga.

Eg trur det må bli stille lenge. Å legge inn Guds tale berre som eit ekko av noko ein har lært, er ikkje nok. Klisjéar i sjela hjelp ikkje lenger, vi trur ikkje på dei. Vi må våge å lytte til togna og tomleiken i naturen, godta at fjella, havet og skogane er lågmelte. Fyrst når alle våre idéar og innlærde vendingar har tagna, kan vi lære å høyre etter på nytt. Når undringa over alt som er, dukkar opp att – då kan tinga tale, møte oss og seie, sakte: -Det er ein som vil oss; havet, himmelen, fjella, mennesket. Meg.

Då seier eg: Mi-ka-el? Kven er som Gud?

officium…

Posted in officium on January 30, 2008 by arnfinnharam

Onsdag, vike 3, Jes 33 (laudes)

”Kven kan bu ved ein øydande eld? Kven kan bu ved evige logar?” (v 15)

Med andre ord: -Kven kan bu og leve i Guds nærleik? Vi skulle tru at salmisten ville svare noko om den fullkomen reine, det menneske som er endra og omskapt i sitt vesen, som er ”full av nåde”, som Maria; lysande som helgnane. Men Guds ven vert skildra som den sosialt ansvarlege, som den fredselskande, som den økonomisk redelege, som den ikkje-valdelege, det vere seg munns vald eller sverds vald.

Fordi all gjennomgripande helging av personen, den gudomleggjeringa vi er kalla til, alltid må ta til med den ytre livsferda, der livet vårt er ”jorda”, der vi er verkelege. Spiritualitet og gudsfrykt som er usosial, uvenleg og kverrulerande, kort sagt: ikkje menneskeleg, er ikkje ekte. Også målet og testen på at Gud verkeleg pregar livet vårt, er dei ytre, sosiale gjerningane: ”Eg var svolten og de gav meg mat..” osv (Matt 25).

Det åndelege livet går ikkje opp i det sosiale og humane, men all bøn, tilbeding, mystikk og gudslengt må ha fotfeste i røyndomen og kunne testast av røyndomen. Av dei andre.

Gud let seg ikkje lure av store ord. Berre det rettskafne mennesket kan vere Guds ven.

officium…

Posted in officium on January 29, 2008 by arnfinnharam

Tysdag, vike 2, Jes 26 (laudes)

” Herre, vi ventar på deg og fylgjer den veg du har fastsett” (v 8)

Å vente på Gud – det er Bibelens måte å seie ”tru” på; det er eit grunnord for bibelsk spiritualitet. Dei seier noko om fokus, om tydeleg forventing, om tålmod – som alltid kan forståast best av den utålmodige. Sedat mangel på uro er ikkje det same som tålmod. Vent på Gud, vent noko av Gud; gjev han noko meir enn eit slapt handtrykk!

Mange gjev opp å vente. Mange gjev opp før dei har venta i det heile. Dei trur at Gud vil syne seg for dei sjølv om dei ikkje har forventingar. Eller dei vil at Gud skal kome dei i møte uansett kva vegar dei vel å gå. Å gå Guds veg – det er eit anna av grunnorda for det å vere eit truande menneske, ein Guds-ven. Vi må gå Gud i møte på den vegane som er hans: Rettferdsvegen, vegen åt Guds bod, vegen der du vågar å vere sannferdig; framfor alt Kristi veg, han som er Vegen. Vent på Gud, men kast ikkje tida di bort på blindvegar. Han er på veg mot deg, heile tida - på den vegen han har fastsett.

officium…

Posted in officium on January 28, 2008 by arnfinnharam

Måndag, vike 3, sal 84 (laudes)

”Kor elskelege dine bustader er, Herre, Allhærs Gud!” (v 2)

Gleda over Guds hus og over gudstenesta der – det er noko som mange norske kristne ikkje er fortrulege med. ”Vanekristendom, tome ritual og tradisjonar” – både ivrige truande, kyrkjekritiske og åndeleg ”søkjande” synest å samstemme i dette omkvedet.

Ikkje slik for den gamaltestamentlege israelitten. Sjølv om profetane kunne kritisere gudsdyrking utan hjarte og utan etiske konsekvensar, endra det ikkje det sterke medvitet om Guds-møtet på Sion, i templet, staden Gud sjølv hadde valt seg ut og sett stemne mellom seg og folket sitt. Templet, prestane, levittane, songen, offera, prosesjonane… Alt var teikn på Guds venleik, stordom og rikdom. Hjå han, på Sion, kunne synder sonast, bøner berast fram, einskap og fellesskap opplevast. Templet – sentrum i universet, som eit jordisk ”ekko” av det himmelske templet.

Kropp og kosmos, ånd og sjel - alt vert halde oppe der Guds ære, gleda over Gud, vert halden oppe! Difor lengtar eg dit med heile meg, saman med fuglen som har funne seg ein heim og svala som legg sine ungar ”ved dine altar, Herre, Allhærs Gud!” ( v 4). Midt i røyndomen er det jubel, fred, kjærleik, kommunion. Det er som når ”oljen renn ned skjegget, Arons skjegg, og nedover saumen på hans kjortel”, slik salmisten seier ein annan stad.

Utan gudstenesta døyr mennesket, visnar livet. Som israelitten på si pilgrimsferd mot Jerusalems tempel, seier eg når eg tenkjer på den heilage staden og den heilage tenesta: ”Ja, ein dag i dine tempelgardar er betre enn tusen andre” (v 84)!

Carpe diem..

Posted in carpe diem on January 28, 2008 by arnfinnharam

SUNNMØRE, BLOGG ETC

Som sagt/blogga, er eg nokre dagar vestpå, på Sunnmøre. Køyreturen nordvestover, i går/sundag, gjekk svært fint, berre sol og vindstille og vakkert oppover langs Mjøsa, opp Gudbrandsdalen, ned Romsdalen, ut- og inn av fjordar - og hit til Stranda. Dagen før var det snøstorm, kaos og uframkomeleg. Så eg takkar! I Lillehammer feira eg høgmesse undervegs, i den katolske Maria-kyrkja, saman med den nye, unge presten der, p Fredrik Hansen.

No er eg altså på bygdene - og dagens utgåve av ‘Sunnmørsposten’ har framsideoppslag med ei ku på Giske som hadde falle gjennom sprinkelgolvet og ned i gjødselkjellaren! Stort bilete av nautet som blir drege opp av dynnet med traktor, grimer og kjettingar… Så storpolitikken er ikkje alt. :) Fint å vere på heimlege trakter nokre dagar. Retur fredag. Skal prøve å halde bloggen rimeleg oppe desse dagane også. Har funne ein kafé med nett, så det kjem ein tekst eller to innimellom..

officium…

Posted in officium on January 25, 2008 by arnfinnharam

Apostelen Paulus’ omvending

”Kven er du Herre? Eg er Jesus, han som du forfylgjer. Det er hardt for deg å stampa mot brodden” (1.Antifon, matutin)

Den katolske kyrkja feirar i dag festen for ein av dei som har sett størst spor i verdssoga; Saulus frå Tarsus, fariseareleven som vart Paulus, Jesu Kristi apostel, ”lærar for folkeslaga”. Saman med den andre apostelfyrsten, Peter, vert han feira også den 29. Juni. Men i dag, altså: Hans omvending. Hans møte med Den oppstadne, på vegen til Damskus. Paulus vart verkeleg om-vend, han fekk ei ny retning, eit nytt mål, eit nytt liv. Han var på veg for å arrestere Jesu læresveinar; med eitt slag – som slo han til jorda – vart han Jesu utsending til folkeslaga, for å vinne nye læresveinar, for å grunnleggje Kristi kyrkje verda rundt! Han vart blinda av han som er Ljoset, den sanne Sol Invictus (den uovervinnelege sol) – og fekk eitt nytt syn både på seg sjølv og på heile historia.

La du merke til at Herren seier: ”Kvifor forfylgjer du meg?” Jesus gjer seg til eitt med sine læresveinar, med kyrkja. Ikkje utan grunn at det er Paulus som lærer oss at kyrkja er ”Kristi lekam”, Kristi kropp (1 Kor, Efes, Koloss). Med heile sitt liv tente Paulus Kristus – i kyrkja: ”det som enno manglar i Kristi lidingar, det utfyller eg med min eigen kropp; eg lid for hans kropp, som er kyrkja. Hennar tenar har eg vorte…” (Koloss 1,24).

Kor fjernt er ikkje dette frå vår oppfatning av kyrkja som ein reint menneskeleg institusjon. Kor annleis ville ikkje både livet vårt og livet i kyrkja blitt, om vi såg på den måten Paulus såg det!

Vi er redde for den totale ovegjevinga, den totale gåva av kropp og sjel, slik Paulus synte oss det. Han visste at ”nåden var nok”, at ”krafta vert fullenda i vanmakt”. Difor kunne han seie: ”For meg er livet Kristus og døden ei vinning” (2 Kor 12, 9; Fil 1, 21).

poetica…

Posted in poetica on January 23, 2008 by arnfinnharam

TIL EIN VEN

Du stormar fram
vil rive stjernene
og himlane til deg

springande
leande
undrande deg
med barnets
grenselause tillit
og alvor

Du må
du vil
elske
setje alt inn

medan noko bivrar
under brystet:

ein stor angst
over djupa
du anar inni deg
kringom deg

Det vil bere
eller breste

det vil bere!

carpe diem…

Posted in carpe diem on January 23, 2008 by arnfinnharam

NÅR DU SER…

Ei gospelstrofe gjekk rett inn frå CD-”rillene” her i kveld:

I’m gonna keep on singin’, I’m gonna keep on shoutin’, I’m gonna keep on liftin’ my voice…

Og det fekk meg , uventa, til å sjå livet mitt frå ein bakketopp, ei lita høgde på vegen, akkurat no. Og eg ser tilbake og ser at det ikkje er så rart at eg er tiggarmunk, prest, forkynnar..For meg har det alltid vore rart; for store sko til føtene, liksom. Eg kunne sikkert gjort noko anna, brukt det som er eg på ein annan måte. Det var også planen – heilt til noko hende i 18-19-årsalderen: -Eit kall, ei sterk hand som tok meg hardt i nakken og snudde andletet mitt mot seg – og det var Han, leande, trur eg eg vil seie, lysande og utfordrande, ikkje dystert eller knugande. ”Heretter blir det denne vegen..!” ☺

Kristus og hans kyrkje, hans rike, hans plan for verda – og eg som ein ung ven i hans fylgje. Nokre rundar med samtale med ein klok rettleiar, og det var gjort: ”Gå inn i rekken…”.

Det er så mange ting som fyller eit menneskeliv; evner, oppgåver, opplevingar, møte, smerte, tårer. Men eg ser: dette vart ein raud tråd. Kristus og apostolatet for han. Stundom må vi sjå den raude tråden, sjå spora og vegen i landskapet når vi kjem litt ”opp”, når dis og skodde lettar litt. Då forstår vi betre. Og eg forstår:

I’m gonna keep on marchin’, I’m gonna keep on fightin’, I’m gonna keep on liftin’ my voice...

Orsak dennne personlege tonen, men det blei slik i kveld.

See?

Fr Arnfinn

officium…

Posted in officium on January 23, 2008 by arnfinnharam

Onsdag, vike 2, sal 77 (laudes)

”Om natta retter eg ut mi hand, og ho trøytnar ikkje” (v 3)

Natta er bøna si tid. Det er sagt om den hl Dominikus at for han var dagen for menneska og natta for Gud. Ein gong fann dei han sovande i kyrkja, med altarfoten som hovudpute. På grunn av vakenettene dubba han ofte av under måltida i refektoriet.

Jesus bad også om natta og i det tidlege morgongryet; ”medan det endå var mørkt” (Mark 1,35). Han kom til læresveinane frå bøna i fjellet og gjekk dei i møte på bylgjene – i den fjerde nattevakta (Matt 14, 23-26). Anna Fanuelsdotter, profetkvinna, ”tente Gud i faste både natt og dag” (Luk 2,37)…

Kyrkja har etter Jesu påbod halde fram den bibelske praksisen med å be ved nattetid; vi skal vake medan dei andre søv, halde ”vake”, vigilie.. ”Vak og be”, seier Herren (Matt 26, 41; Luk 21,36). Israel heldt vake i Egypt, den store Natta, då Gud fridde folket sitt ut. Om natta kjem Brudgomen att (Matt 25,6), difor vaker brura… Om natta vart Messias fødd i Betlehem; då ei anna natt grydde mot dag, braut han ut av grava. Natta er tida for Guds stor inngrep. Han er alltid den store Uventa.

Natta er også dei mørke maktene sin time. ”No er det mørkret som rår”, sa Jesus då han skulle overgjevast og gå den tunge vegen (Luk 22,53). Natta er slagmarka. Guds konfrontasjon med fienden.
Difor skal kyrkja be om natta. I klostera er det etter tradisjonen tida for den fyrste tidebøna, matutinen (morgonbøna). Gjennom natta ser vi dagen. Natta forenklar og fordjupar alt. Gjer oss stille. Alt kjem nærare. Natta er tida for å halde ”motvake” mot den aldri kvilande Motstandaren. Natta er den solidariske bøna sin time då du skal gå i bresjen for dei som mørkret held på å overvelde. Akkurat denne natta….

I mørkret bur Gud, den løyndomsfulle. Inst i templet er det mørkt. Den som vågar å gå inn dit i ”den store stilla”, skal få sjå at ”natta er ljos som dagen, ja, mørkret er som ljoset” (Sal 139, 12).