JUL I KLÅRTEKST
Oftast er det ei slapp oppleving å lese norske leiarartiklar og julevinkla stoff no i høgtida. Stor sett nok så rundt og vagt; med den kristne profilen passe nedtona for at ingen skal kjenne seg støytt. Det heile minner mest om japansk X-mass; ei anonym jul, med jinglebells for kva som helst.
Eit lyasande unntak i år – så langt – er siste ”Morgenbladet” (22/12). Redaktøren gøymer seg rett nok litt bak ein Bach-kantate – som han prentar ein heil sekvens frå. Det er likevel frigjerande å sjå på trykk midt opp i all medie-ulla! Julestjerne til ”Morgenbladet”!
Men er ikkje det eit uheldig signal til andre truande? For det fyrste står det sjølvsagt ein avis fritt å velje sin profil. Det er berre Aftenposten som prøver å vere eit slags stort ”menighetsblad for Norge”. Eg er nok så sikker på at det er lettare for folk av annan religion å ”ta” ein eksplisitt kristen tekst enn å la seg servere lunka, sekularistisk velling. Særleg dersom teksten har kvalitet og ikkje er sjåvinistisk og propangadistisk.
Det bør bli slutt på at ein prøver å lage ”metatakester” og ”superverdiar” for at alle skal kjenne seg heime. Liturgi for konsensussamfunnet. Under den snille overflata stikk det alltid fram ein ideologisk tagg; ynskjet om å erstatte det religiøse språket med eit a-religiøst. I verda i dag er det religiøse like allment som det sekulære – om ikkje meir. Dei religiøse språka er ulike, men jamført med eit meir eller mindre a-teistisk språk, har dei mykje felles. Heretter blir vi nøydde til å lære ulike åndelege språkformer. Det blir ei utfordring, men også mykje artigare enn den bleike, halvåndelege ”esperantoen” som så lenge har vore i vinden.
Som det står i den siterte kantateteksten i Morgenbladet: ”Halleluja! Lovet være Gud, vi synger alle fra dypet av vårt hjerte.”
desember 28, 2007 ved 3:34 am |
Jul i sus og dus, det er vel det vanlege i norske heimar, med eller utan tru. Forbrukarsamfunnet, reiser i aust og vest t.d., den urettferdige fordelinga, korleis me unngår å stilla krav til oss sjølve når det gjeld måtehald i levemåten, kva har du å seia om det?
Eg tenkjer på korleis me legg føringar og stiller krav til så mange grupperingar om levemåte, mens det til oss, den tilfredse majoriteten, er få absolutte krav. Om det blei kravd noko verkeleg offer av oss, så ville me vel berre snudd oss vekk, og derfor vågar ingen å gjera det. Det blir med meir og mindre vage oppmodingar, som i beste fall inneber nokre justeringar i levemåte.
Det beste er å ikkje tenkja for mykje på dette. Me tenner heller nokre lys, og ber om at politikarane må få visdom. Heldigvis ser det ut for at me må venta ei stund på det….
Eg kjenner sjølvsagt til nokre offisielle, generelle og korrekte svar, så det er ikkje dei eg er ute etter. Men du, bror Arnfinn, som kan ruska i tanken på så mange felt, kan du ruska litt her?
desember 28, 2007 ved 11:41 am |
Ikkje endå, er litt oppteken her i Bergen med avgrensa nett-tilgang; her er det veret som ruskar.. Herleg for ein vestlending!