nota bene…

ÉIN FOR ALLE, ALLE FOR ÉIN

Julebodskapen – ja, heile evangeliet – handlar om frelse for alle ved den éine, ved Jesus Kristus. Vi som vanlegvis berre reknar med sosiale og moralske prosessar, har vanskeleg for å skjøne at fornyinga av verda og det menneskelege samfunnet kan vere knytt til noko så avgrensa som éin person. ”Kva er det til så mange?”, som læresveinane spurde, då dei skulle mette fem tusen og berre hadde nokre få brød og fiskar.

Dersom vi misser det store perspektivet og let trua berre vere ein from stimulans for nokre få, har vi mist noko viktig. Evangeliet, Kristus og hans frelsesverk tek mål av seg til å vere sjølve vona for verda, for alt som er til; ”ei glede for alt folket”!

Då må vi hugse at Kristus er Den nye Adam; han ber heile menneskeslekta i seg. Kanskje må vi lære på nytt at ”no man is an island”, at vi er knytte saman i ein lagnadsfelleskap med alle menneske til allle tider. At ’humaniteten’, den menneskelege familien er ein realitet som går djupare enn det reint politiske, kulturelle og sosiale. Bibelen og den kristne tradisjonen har eit slikt korporativt/kollektivt syn på det å vere menneske.

Det er difor Kristus ved sin inkarnasjon ikkje berre er ”eitt” menneske, men representerer sjølve det menneskelege. Og det er difor hans frelsesverk kan gjelde for oss alle. Vår død, vårt liv – alt vert påverka av Kristi liv, død og oppstode.

Det same gjeld i vår mottaking av evangeliet og av frelsesmysteria. Den menneskelege familien, ”humaniteten”, kan berre fornyast gjennom ei fornying av den menneskelege personen. Gud innbyr alle til å ta i mot dette og gjennomleve dette; bli helga, guddomleggjorde – og dermed fullt ut menneskelege. Han kunne teke eit meir ”effektivt” grep, men han vil gå vegen om den menneskelege personen si frie tilslutning. Vi skal ”arbeide på vår frelse med otte og age”, seier apostelen, og på den måten vert ei ny menneskeslekt skapt. Kyrkja er nettopp det.

Difor handlar jula verkeleg om fornyinga av heile verda. Gud har gripe inn. Gud er i gang med sitt arbeid. Fornyinga av mennesket, av naturen og heile universet er i gang. Difor er englesongen over Betlehem ikkje berre ein stemningsfull staffasje, men ein proklamasjon som gjeld all verda: ”Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda..!”

3 kommentarar til “nota bene…”

  1. w seier:

    Dette er ikkje kommentar til teksten, berre eit godt råd som eg fekk av ein gut som kom forbi i dag:

    For å få større skrift på sida her: trykk Ctrl og + (pluss)

    For å få mindre skrift igjen: trykk Ctrl og – (minus, dvs bindestrek)
    For å gå tilbake til start(skrift): trykk Ctrl og 0 (null)

    For folk med progressive brilleglas, blir det ein knekk i nakken med denne litle skrifta – men så må me jo lesa! Frå nå av blir det betre!

  2. arnfinnharam seier:

    Gode råd – men eg veit ikkje om det funkar for Mac (som eg sjølvsagt har :) ). Prøv med lupe…

  3. w seier:

    I dag ville eg sjekka mellom kollegaene mine om dei visste om desse hurtigtastane. Dei har alle berbare pc’ar, men denne funksjonen visste dei ikkje om….Nei, dette rådet er til lesarane dine, bror, julegåve….her må vel vera nokon som blir glade for det! Nå i jula kan dei ta den berbare, lena seg tilbake i kvilestilling, på med stor skrift, og så lesa og tenkja….og bli kloke og snille…..og kanskje endå meir av det som godt er, kva veit eg…og er du heldig, virkar det på mac’en og :-)

Legg att eit svar